Hopp til innhold

«Den svarte banditt» truar ein heil jordbærdal

Jordbærbygda Valldal på Sunnmøre er kjent for dei søte jordbæra sine, men jordbærproduksjonen er trua. – I verste tilfelle kan 80 prosent av bæra gå tapt.

Ei jordbærsnutebille på ei jordbærrose

«BANDITT»: Denne svarte billa truar jordbærproduksjonen i Valldal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Valldal er ikkje berre kjent for å vere den grøne og djupe dalen ein køyrer gjennom for å komme til Trollstigen, men også for dei store, raude og søte jordbæra.

I år skapte frosten store skadar i produksjonen. Men det som gir bøndene mest trøbbel er ein liten svart banditt på berre 2–4 millimeter.

Nemleg jordbærsnutebilla.

Den vesle billa legg egg i jordbærblomstrane, og den stikk og sug krafta ut av knoppane. Dette fører til at knoppane fell av, og at det dermed blir færre bær.

Billene har eksistert i årevis, men etter at ei rekke effektive plantevernmiddel har blitt forbodne, har bøndene fått store problem.

Ein jordbærplante der jordbærsnutebiller har ete av stilkane på rosene før dei vart jordbær

Billa legg egg i knoppane før dei rekk å bli blomster. Knoppane fell deretter av fordi billa stikk og sug kraft ut av dei.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Kristin Sandnes i jordbæråkeren på garden sin i Valldal

Jordbæråkerane er trua av den svarte banditten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Kjell Arne Valldal held ei jordbærsnutebille i handa

Denne lille billa skapar store problem.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ei jordbærsnutebille på ei jordbærrose

Jordbærsnutebilla overvintrar på åkrane. Derfor er det vanskeleg å bli kvitt den.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Kjell Arne Valldal held fram skrantne bær frå ein frostskadd jordbæråker.

På grunn av frost utviklar ikkje jordbæra seg. Desse bæra blir kalt krillbær av bøndene.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Jordbærproduksjonen er ikkje noko spøk i Valldal. I gode år kan det bli produsert så mykje som 800 tonn jordbær, ifølge Valldal Grønt, som tar imot mesteparten av bæra.

Og kvart år er det konkurranse om å få tak i akkurat desse bæra, som er rekna for å vere ekstra søte og gode.

Katastrofe

Kjell Arne Valdal er jordbærbonde på Øygarden i Valldal. Han er frustrert over situasjonen.

Det kjennest veldig leitt at éi enkel bille kan øydelegge for eit halvt kilo med bær, som vi veit kunne blitt førsteklasses Valldalsbær. Og at dette kanskje gjer at det er slutten på Valldalsbæra. Det hadde vore katastrofe.

Kjell Arne Valdal står i jordbæråkeren sin

Ein av åkrane til Kjell Arne Valldal har blitt 98 prosent øydelagd på grunn av frostskadar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Valdal har somme gonger vurdert å slutte med produksjonen, men det er éin ting som held han igjen.

Eg har brukt eit par millionar på dette bruket for å berre drive med jordbær. Då er det dumt å berre legge ned.

Ikkje noko kvikkfiks

Aksel Døving, rådgivar for bær i Norsk landbruksrådgiving, fortel at dei har prøvd fleire tiltak for å bli kvitt jordbærsnutebillene. Men utan hell.

Vi har prøvd å gjerde inn større jordbærfelt, brukt luktstoff og feller. Det siste prosjektet har vore ein heimelaga støvsugar.

Aksel Døving sit med ei jordbærsnutebillefelle

Aksel Døving viser ei jordbærsnutebillefelle. Den har ikkje fungert for å bli kvitt billene.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I verste tilfelle kan 80 prosent av bæra gå tapt, ifølge Døving. Han er usikker på kva som skal til for å bli kvitt billa, men fortel vidare at han jobbar med saka.

Det har ikkje vore nokon enkle svar. Eg har planar om å prøve å få til eit større prosjekt, men det er ikkje noko kvikkfiks.

Med tanke på framtida veit ikkje Døving om det blir verre eller betre.

I år har det vore mange ting som har redusert avlinga. Det vil ikkje berre gå utover økonomien, men også optimismen. Då er det ikkje så freistande å satse lenger.

Må flytte åkeren fleire kilometer

Tor Gunnar Bjøre er styreleiar i Norges Bærdyrkerlag og er sjølv jordbærprodusent i Krødsherad i Buskerud. Også der skapar jordbærsnutebilla problem.

Han seier at det berre er ein ting som hjelp mot jordbærsnutebilla når ho først har fått fotfeste på åkeren. Du må flytte vekstfeltet, og ikkje ha jordbær på åkrane som er råka på ei lang stund.

Jordbæråkrar i Valldal under høge fjell

For å bli kvitt billene, må ein ifølge Tor Gunnar Bjøre flytte bærdyrkinga langt unna i lang tid. Dette er ikkje mogleg for alle.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Jordbærfeltet må så stå utan jordbær i mange, mange år. Og det hjelp ikkje å flytte vekstfeltet nokre hundre meter heller, sjølv har eg flytta dei fleire kilometer, seier han.

Denne metoden er det ikkje mogleg for alle å nytte. Han seier at dette vil vere særleg utfordrande på stader som i Valldal, kor dei har drive storproduksjon av jordbær over lang tid.

– Det er avgrensa kor mykje dei kan få skifta rundt på felta, det er hovudproblemet.

Frustrerande

Peter Arne Døving på Jørngarden i Valldal fortel at det kostar mykje å drive med jordbærproduksjon. Han seier at det er frustrerande at det ikkje finst gode tiltak for å bli kvitt billa, som han kallar «den svarte banditten».

Peter Arne Døving i jordbæråkeren sin i Valldal.

Peter Arne Døving har fire andre jobbar for å få ting til å gå rundt. Han fortel at om det hadde vore opp til kona, hadde dei slutta med jordbærproduksjonen for ti år sidan.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Tidlegare har det vore gode plantevernmiddel som fungerte. No er det fleire og fleire biller som gir skade, seier Døving, og legg til:

Her var det 70 prosent øydeleggingar i fjor, og 80 prosent i år. Kva blir det neste år då?

Døving har prøvd noko nytt for å prøve å fjerne billene.

Eg har prøvd ein traktorstøvsugar som eg sjølv har bygd. I fjor fungerte han, og gav 20 prosent forbetring. Men i år var eg for seint ute.

Peter Arne Døving syner fram jordbærsnutebillestøvsugaren han sjølv har bygga

Peter Arne Døving brukte over eitt år på å planlegge og bygge denne traktorstøvsugaren.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Å tape så mykje pengar på å produsere jordbær, tappar motivasjonen til jordbærbonden.

Eg veit ikkje om eg skal fortsette, for å seie det sånn. Eg skal bestemme meg i vinter.

Bekymra

Leiar i Indre Storfjord bondelag, Kristin Sandnes, har saman med Valldal Bærdyrkarlag søkt midlar til fylkeskommunen og kommunen for å kartlegge utfordringane i jordbærproduksjonen. Rapporten kjem i løpet av hausten.

Den skal vi bruke til å forklare myndigheitene og dei som legg premissane kva som er utfordringane våre, sånn at dei kan hjelpe oss.

Kristin Sandnes i jordbæråkeren på garden sin i Valldal

Kristin Sandnes har tatt initiativet til å kartlegge jordbærproduksjonen i Valldal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Sandnes fortel at det er mange utfordringar i produksjonen, men at det største problemet er at avlinga per dekar går ned.

I dei fleste landskapsproduksjonar så går avlinga opp per dekar, og det blir meir og meir effektivt. Men i jordbær går det feil veg.

Leiaren er bekymra for framtida. Ho har over tid sett at produksjonen blir vanskelegare, noko som gjer at fleire store produsentar har slutta.

Det er derfor vi har starta dette prosjektet. Det er jo ein ting at det er dumt for dei som må legge ned, men det er også dumt for miljøet her. Vi treng å vere fleire kollegaer og samarbeidspartnarar.