Hopp til innhold

Vil verne fjellgardar mot klimaendringar: – Når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid

Våtare vêr og ei meir utrygg verd kan utgjere ein risiko for nokre av dei vakraste stadene i Noreg, meiner Riksantikvaren.

Svisdalen og Svøu på Fjellgardane i Øvre Sunndal

Riksantikvaren vil styrke beredskapen for kulturminne og kulturmiljø. Først ut er Fjellgardane i Sunndal på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

På fjellgardane i Øvre Sunndal har det vore gardsdrift i mange hundre år, kanskje heilt sidan 1100-talet, skal vi tru tolvte generasjon bonde Jørgen Svidal.

Han er ein av fleire unge bønder som har tatt ansvar for å vidarebringe gardane i det nasjonalt utvalde området, til framtidige generasjonar.

– Landskapet og gardsdrifta her har vore skjøtta i alle år, og det ser ein no har ein stor verdi. Planter som ein ser her døyr ut rundt om i Noreg fordi det gror att, seier Svidal.

Men no trugar noko sjølv ikkje ein entusiastisk bonde kan stå imot – mildvêret.

NRK04467

Jørgen Svisdal fortel diverse myndigheiter om erfaringane med å drive ein fjellgard godt planta i utkanten. Han meiner det er marginalt nok, og at klimaendringane er noko ein må gjere tiltak for.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Hans CossonEide redaksjonsleder klima og teknologi det store bildet

Det store bildet: Klimaendringene gir mer styrtregn

Har du tenkt at sommerdagene oftere blir avbrutt av en plutselig, intens regnskur?

Da har du rett.

Klimaendringene har allerede ført til økning i ekstremnedbør i Europa og Norge, ifølge FNs klimapanel og Norsk klimaservicesenter.

Hvorfor regner det mer når verden blir varmere? Sveip for å lese mer.

Styrtregn oslo 27. mai 2024
Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Regnet samler seg

Menneskeskapte utslipp av CO2 og andre klimagasser har allerede gjort verden varmere.

Når det er varmt, fordamper vann opp i atmosfæren. Varmere klima gjør også at atmosfæren kan holde på mer vann, ifølge klimapanelet.

Derfor fører en varmere verden til mer intens nedbør, særlig om sommeren.

Styrtregn oslo solli plass

Hvor mye mer styrtregn har vi fått?

Det har både blitt mer regn og mer styrtregn i Europa de siste årene, og det er knyttet til klimaendringene, ifølge FNs klimapanel.

Også i Norge har antallet styrtregn, og hvor mye regn som kommer, økt de siste tiårene. På Blindern er det målt dobbelt så mange styrtregn som før, men målingene er usikre.

Styrtregn oslo 27. mai 2024

Hvor mye verre blir det?

Så langt har verden blitt rundt 1,1 grad varmere siden førindustriell tid.

For hver grad varmere verden blir, venter forskerne nesten en dobling av antall ekstremnedbør-hendelser.

Med dagens klimapolitikk ligger verden an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.

52 dagar med regn

Riksantikvaren jobbar med ein rettleiar som skal auke medvitet og gjere det lettare å beskytte norske kulturmiljø mot ekstremvêr og andre farar. Dei er på synfaring i Sunndal for å kartlegge risiko og sårbarheit.

– Det eg har sett sjølv er at du får lengre periodar med unormalt vêr. I fjor såg vi plutseleg utfordringa med at vi fekk 52 dagar i strekk med regnvêr. Mens i år fekk vi ein mai som tørka opp alt, seier bonde Svidal.

Svisdalen og Svøu på Fjellgardane i Øvre Sunndal

Utsikt over Svøu og Jenstad i Øvre Sunndal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Målet er også å auke merksemda om kulturmiljø i beredskapsarbeidet, og å styrke samarbeidet på tvers av sektorar og nivå, slik at ein mistar mindre av kulturarven.

– Det er blitt ei større utfordring i det å forvalte og bevare kulturarven vår, både frå naturfare, klimaendringar og når det gjeld samfunnstryggleik. Vandalisme, terror, vi lever i ei verd kor krig er noko vi skal forhalde oss til, seier Hanna Lønning Gjerdi i klimagruppa til Riksantikvaren.

– Kvifor er det viktig å sikre slike stader som dette?

– Når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid. Vi veit at kulturarven vår er viktige identitetsmarkørar i lokalsamfunnet, det er viktig for oss som folk, og det er faktisk noko som bind oss saman, seier Gjerdi.

Svisdalen og Svøu på Fjellgardane i Øvre Sunndal

Svøu gard ligg spektakulært til, men etterslepet på vedlikehald er stort.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Hus frå 1600-talet

På nabogarden Svøu rett over elva, står eit klyngetun med bygningar frå 1600-talet. Thomas Stangvik har nettopp flytta hit for å ta over, men det vil vere krevjande å få alt i stand igjen.

– Eg synest det er veldig viktig å ta vare på slike plassar som dette, men vi må ha litt hjelp viss ein skal restaurere etter gamle byggeteknikkar, seier Stangvik.

Og det er ikkje slik at dei skal stå åleine om alt.

Svisdalen og Svøu på Fjellgardane i Øvre Sunndal

Fersk bonde Thomas Stangvik har tatt over fjellgarden Svøa i Sunndal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Her har du grunneigarar som har eit engasjement. Det er mykje jobb, og det må vi i forvaltninga med, til dømes med tilskotsordningar så dei får sett i stand. Det er ikkje berre berre å ta vare på noko som dette, seier landbruksrådgjevar Ragnhild Naug Aas hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Noreg med på internasjonalt prosjekt: Måler klimagass i åkeren

Norsøk forsker på klimagass i landbruket Tingvoll

Kommunane må prioritere

Riksantikvaren ønsker å få kulturmiljøa meir integrert i det generelle beredskapsarbeidet til kommunane. Samtidig har dei mange oppgåver og ofte få ressursar.

– Det å setje av tid er ei utfordring, men dette området er veldig prioritert hos oss som eit landskap av stor verdi. Dette initiativet er eit kjempeverktøy for å få prosessane meir under huda og lære oss nokre nye grep å ta, seier Malene Aaram Vike, leiar for samfunnsutvikling i Sunndal kommune.

Ho er klar på kva som er aller viktigast, menneska.

– Vi må ta vare på desse bøndene som bur her og som er villige til å satse. Det imponerer meg noko enormt.

Svisdalen og Svøu på Fjellgardane i Øvre Sunndal

Bøndene Jørgen Svisdal og Thomas Stangvik diskuterer vegen vidare.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK