Hopp til innhold
Anmeldelse

Ein uforsonleg slutt

Ole Robert Sunde avsluttar sorgtrilogi med eit spørjeteikn som liknar eit rop.

Kombinasjon av forfatter Ole Robert Sunde og omslaget til hans bok «Langsom marmor».

SORGSKRIFT: «Langsom marmor» er best der teksten demonstrerer sorga gjennom forma: Uansett kva forfattaren tenkjer på, snik tanken på den døde kona seg inn, utan nåde og med og mot enkjemannens vilje.

Foto: Tine Poppe
Bok

«Langsom marmor»

Ole Robert Sunde

Roman

17. juni 2022

Gyldendal

Forfattaren Ole Robert Sunde miste kona si til kreft for nokre år tilbake.

I dei to romanane «Penelope er syk» (2017) og «Jeg føler meg uvel» (2019) sirklar han rundt tapet. No er tredje bind her.

Vi lever i ei tid då folk ikkje døyr lenger, dei «sovnar» eller «går bort». Døden blir pynta på, men forfattarane skriv om han som aldri før, og det seier ikkje lite.

Sunde går inn i den rike sorgsjangeren på sin eigen måte. Då tenkjer eg ikkje berre på den særeigne prosaen hans, men også på at han utfordrar grunnstrukturen i dei forteljingane om død som handlar om sorg.

Kvifor skrive om sorg og død, eigentleg?

Dei aller fleste sorgskrivarar strevar mot ei avklaring, dei prøver gjennom ord å gje sorga form og livet ny meining.

I norsk samanheng er det tusen år gamle kvadet «Sonetapet» i «Soga om Egil Skallagrimsson» eit fortetta og vakkert døme på nett dette.

Den sørgjande enkemannen i Ole Robert Sundes romanar vil ikkje kome over det. Han vil tvert om leve i sorga, bu i den.

Og for å være helt ærlig, så ville jeg heller ikke at sorgen skulle bli helt borte, for om den forsvant ville jeg også tape min avdøde kone av syne, tenkte jeg; det er ikke riktig ...

Dottera let seg provosere og blir sitert på at faren godt kunne tenkt litt meir på dei i familien som trass alt lever. Eit interessant tema, som skal få liggje. Vi må inn i teksten.

Sorgtrilogien

Ein aldrande diktar, enkjemann på femte året, vandrar rundt i Oslo by. Han sansar, assosierer og minnest kona, den høgt elska. For dei som har lese dei to første binda i denne trilogien, lyder dette kjent.

Lat meg likevel starte med forskjellane: I «Penelope er syk» skriv han seg inn i Odysseen, eit epos om ei lang reise.

I «Jeg føler meg uvel» er kona død, og han leitar etter henne i eit dødsrike som liknar det tibetanske «Bardo». Her er George Saunders’ roman «Lincoln i Bardo» ei sentral inspirasjonskjelde: Som Saunders skaper Sunde eit himla liv i glipa mellom liv og død.

Eg nemner dette fordi det oppstår interessante spenningar mellom enkjemannen i Oslo og dei ulike tekstane som er i spel.

Utan nåde

I den siste boka, «Langsom marmor», spelar andre tekstar ei mindre rolle. Han går meir rett på sak, og hentar fram minne frå eit langt samliv.

Det blir aldri for intimt, men av og til for internt. Som når ein får vite at dei har hatt ein samtale om kunst og litteratur gåande i over førti år, utan at vi blir innlemma i den.

«Langsom marmor» blir berga av Sundes form: I vandringane gjennom byen kan han feste seg ved eit insekt, ein grasdott eller eit par raude sko.

Kva som helst, eigentleg, kan få tankane i sving: Kva er dette, kvar kjem det frå?

Dette er klassisk Sunde, men her får tankane ikkje vandre langt før ho kjem inn i loopen. Alle tankesvev blir utan nåde dregne tilbake til tomrommet etter henne.

Eit lite napp i buksebeinet, eller eit luftdrag over nakken, får han til å tru at ho søkjer kontakt.

Sluttar med spørjeteikn

Sorgtrilogien fortel om, og viser fram, ein stor kjærleik og ein enkemann som både vil og ikkje vil vidare. Det er gripande.

Likevel, reint litterært viser sorgtrilogien ei fallande kurve.

Seriar har ein nådelaus dynamikk, og «Langsom marmor» ber preg av repetisjon, trass i at det også i denne tredje romanen finst avsnitt av høg kvalitet.

Romanen sluttar med eit fortvila spørsmål. Det er ei talande avslutning. Sorga har ingen ende. Teksten om sorga endar utan forsoning.

Lesaren – denne lesaren – kjenner at tre bøker var nok.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.