Hopp til innhold
Anmeldelse

Mykje å le av og mykje å kjenna seg att i

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» handlar om det grøne graset på andre sida. Men når klimakset kjem, er krutet brukt opp.

Idun Losnegård, Carina Furseth, Kyrre Eikås Ottersen og Peder Lauvås i teaterstykket Gratis og uforpliktande verdivurdering på Teater Vestland

På visning: Det er mykje å ta omsyn til når ein skal leggja inn bod på eit hus. For mykje fukt i kjellaren, til dømes. Frå venstre: Idun Losnegård, Carina Furseth, Kyrre Eikås Ottersen og Peder Lauvås.

Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland
Teater

«Gratis og uforpliktande verdivurdering»

Teater Vestland

På turnè i Vestland fylke til 26. februar 2022

Marit Eikemo har blitt kalla «nynorskens svar på Nina Lykke»: Ein forfattar med klårt og skarpt blikk som skriv treffande samtidssatire. Ikkje at målform skulle ha noko å seia, satire er vel så giftig på nynorsk som på bokmål.

Men Eikemo er ein forfattar med kjærleik for kvardagen: for alle timane ein bruker på bustaddraumen, Finn-annonsar, tankerekkene som startar med «Om me berre hadde ...».

Det grøne graset på hi sida, om du vil.

Minner om Ibsen

Eikemo kan minna litt om Ibsen der ho kretsar seg inn rundt svik og livsløgn. Kan hende er det desse kvalitetane Teater Vestland har jobba etter når dei no set opp «Gratis og uforpliktande verdivurdering» i Mari Hesjedal si dramatisering.

Forteljinga har mykje: Ho er ein pageturnar, og samstundes feelgood-komedie med islett frå krim.

Hanne og Andreas er eit par i førtiåra. Dei bur i ein treroms med to små barn, og dei treng meir plass. Dei har eigentleg ikkje råd til det dei ønsker seg, men så plingar det inn ei annonse på Finn ein kvardagsmorgon midt under frukosten. Draumehuset. Sidan vert ingenting det same for Hanne og Andreas. Framsyninga følger paret dei siste dagane fram mot bodrunden.

Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård i teaterstykket Gratis og uforpliktande verdivurdering på Teater Vestland.

Hanne går heilt opp i lengta etter draumehuset i Lerkevegen i «Gratis og uforpliktande verdivurdering». Ungane er mest til bry, og både dei (og foreldra) brukar mykje tid ved skjermar. Frå venstre: Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård.

Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland

Her er mykje å kjenna seg att i: Klassiske problemstillingar fylde med ambivalens. Som jobben ein berre blei verande i, mastergraden ein aldri tok, ungane ein kanskje fekk for seint – og alle kvardagslege familiekonfliktar.

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» gjev mykje å le av og mykje å kjenna seg att i, ikkje minst fordi Idun Losnegård som Hanne gjer ei overbevisande rolle.

Som i romanen mørknar teaterstykket til mot slutten. Teaterframsyninga er intens, men ikkje på same vis som i boka. Rett nok må teateret fortelje historia på sitt eige vis, men mykje av det formande i parforholdet kjem ikkje like godt fram på scenen som i romanen.

«Brannen» på Nationaltheateret Spektakulær Vesaas-reise med robotar

Mariann Hole og Helene Naustdal Bergsholm i forestillingen Brannen på Nationaltheatret

Kald kjensle

Scenografien er ein miks mellom sliten heimeinnreiing, plastvegger og kalde lysrøyr. Små modular gjer det lett å endra landskapet på scena, og slik sett er det effektivt løyst. Eit mjukt forheng kransar inn scenerommet.

Plastinnreiinga og dei støtt blinkande lysrøyra gjev ei kjensle av venterom – og det er nok ei presis jamføring av stoda til Hanne. Men det gjev samstundes ei kjensle av «Sliding Doors», filmen frå 1998 med to parallelle handlingar: Den eine viser kva som hender om du hoppar på toget du skal rekka, den andre viser kva som hender som du ikkje tek det toget. Truleg ein tanke mange i Hanne sin situasjon gjer seg.

Scenografien vert kald av lysrøyr og plast, og dette vert forsterka av eit lydbilete som meir understrekar enn utfordrar handlinga.

Det durar urovekkjande i dei dramatiske scenene, og det ligg stadig musikk under. Nokon gonger fungerer lydlegginga godt, som når fuglar syng utanfor draumebustaden i Lerkevegen. Men eg saknar eit lydbilete som tek mindre plass og utfordrar meir.

Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen i teaterstykket Gratis og uforpliktande verdivurdering på Teater Vestland

Diskusjonane om kva som er eit godt liv, kva fridom er og når ein kan vere nøgd med livet står sentralt i Marit Eikemo sin roman. Det gjer det òg i teaterframsyninga bygt på romanen. Idun Losnegård (foran) og Kyrre Eikås Ottersen (bak veggen).

Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland
Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen i teaterstykket Gratis og uforpliktande verdivurdering på Teater Vestland

Draumen om det grøne graset på hi sida er høgst levande i «Gratis og uforpliktande verdivurdering». Men under vakar livsløgner. Idun Losnegård spelar Hanne, Kyrre Eikås Ottersen spelar Andreas.

Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland

Ein knekk

Det tettar seg til, og handlinga vert mørkare. Likevel er det som om oppbygginga ikkje heilt held seg heile vegen inn. Kan hende har det noko å gjera med at den sentrale Ikea-scena frå boka ikkje er med. Det er ei scene som definerer Hanne godt. Så kjem det òg ein slags knekk i stykket når dei midt på natta skal gå gjennom barneromma (slik dei truleg har gått gjennom rom for rom i prospektet) – det er då dramatikken rullast opp.

Oppgjeret er varsla, men kjem likevel brått på.

Og i det dramatiske som oppstår, er det lite å gå på for Kyrre Eikås Ottersen som Andreas. Han har vore ei god motvekt til Hanne i heile framsyninga, særleg god med ungane, men her får han lite å spela på, lite å henta ut i eit nakent scenerom der livsløgna openberrast i natta. Oppgjeret er, som mykje i framsyninga, frontalt løyst, og det kjennest langdrygt. Scena misser taket på seg sjølv, og det er synd at ho vert uforløyst, nærast punkterande.

Peder Lauvås og Carina Furseth spelar alle dei andre karakterane: Ungane, meklarar, venner. Til tider litt for karikerte, dette gjeld særleg ungane med Duracell-energi. Men Furseth tek det igjen i rollene som meklar og bankrådgjevar, særleg den siste er god. Men kombinasjonen av småkarikerte biroller, ei dame i førtiårskrisa og den store livsløgna gjer stykket til ein vanskeleg miks av feelgood, humor og mørkt alvor.

Ikkje på plass

Framsyninga manglar dei mjuke detaljane, det femnande som hender mellom Andreas og Hanne i romanen. Sjølvsagt må mykje strykast på vegen frå bok til scene, men det kan hende framsyninga hadde tent på å gjere seg meir fri frå romanen, utfordra han i større grad.

Det slitsame i å ikkje vere på plass i sitt eige liv vert godt spela ut av Losnegård, det å heile tida ville noko anna.

Som hos Ibsen piplar desperasjonen fram hjå gjennomsnittsmennesket.

I si melding av boka i Klassekampen kalla Tom Egil Hverven ho ei skildring av «frihetens negative side». Det er presist. Men på Teater Vestland kunne dei gjerne tatt seg meir fridom i handsaminga av Eikemo sin roman. Det kjennest som dei har meir å gå på.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.