Hopp til innhold
Ørsneset-Magerholm
Foto: Ivar Eidheim / NRK

Trafikk i Møre og Romsdal

  • Sendt til sjukehus

    To personar er sendt til sjukehus etter ei utforkøyring på Averøy.

    – Dei klaga på smerter etter ulykka, men var bevisste då naudetatane kom til staden, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet.

    Det var berre dei to i bilen. Ein mann i slutten av tenåra var førar av bilen, melder politiet. Det er så langt uklart kva som var årsaka til ulykka.

    – Dei to i bilen kjem til å bli avhøyrt. I tillegg har vi gjort åstadundersøkingar på staden, fortel Klokkersund.

    Politiet har no avslutta på staden.

  • Trafikkuhell på Averøy

    Ein bilførar har køyrt av vegen på Averøy. Det skal vere minst to personar i bilen, melder politiet. Ingen andre køyretøy var involvert. Naudetatane er på veg til staden. Skadeomfang er så langt ukjent.

  • Vil si ja til hydrogenferje

    Fylkeskommunedirektøren går inn for at Flakk Starck AS skal få drive person- og biltransport med båt mellom Geiranger og Hellesylt.

    Flakk ønsker å utvikle og drifte to hydrogendrevne passasjer- og ferjefartøy med nullutslipp. Fartøyene skal etter planen ha en kapasitet på 450 passasjerer og 35 personbiler. Ruten skal driftes med to fartøy fra april til oktober – og med ET fartøy med varierende frekvens i vinterhalvåret.

    Saken skal behandles i samferdselsutvalget kommende tirsdag.

  • Større fokus på vern av myr

    Vegvesenet skal ha større fokus på vern av myrområde.

    Utbygginga av E39 over Ørskogfjellet er eitt av områda som Vegvesenet nemner spesielt, der følgjene av utbygging i myr kan bli store.

    Graving i myr fører til utslepp av klimagassar og Vegvesenet skal bli flinkare til å ta vare på naturverdiar, skriv Vegvesenet på nettsidene sine i dag.

    Vegvesenet samarbeider no med Statsforvaltaren og vil involvere kommunane i eit prosjekt der resultatet skal leggast fram innan 15. desember i år.

    Skodda kjem sigande over Ørskogfjellet
    Foto: Heidi Ringdal

Ras trefte motorsyklist i Trollstigen

Evakueringsområdet i Vistdalen endres - flere får flytte hjem