Hopp til innhold

Trailer med fem hestar velta i sterk vind

Sterke vindkast er truleg årsaka til at ein trailer med fem hestar velta i Romsdal laurdag kveld.

Trailervelt i Romsdal

Alle naudetatane rykte ut til traileren som hadde velta i Romsdal laurdag kveld.

Foto: Arnt M. Olsen

Uveret har ikkje slept taket i Møre og Romsdal endå. Etterdønningane av Ingunn har truleg ført ein trailer utfor vegen, slik at han velta laurdag ettermiddag.

Fem hestar blei med på velten, men blei redda ut i løpet av kort tid.

To personar som var i traileren skal ha kome uskadde frå hendinga.

– Det er krevjande forhold på staden med vinterføre, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund i politiet i Møre og Romsdal.

Tre hestar frakta vekk

Ifølgje politiet er alle dei fem hestane no frakta frå staden.

– Ingen av hestane er kritiske skadde, det verkar ikkje som det er noko store skadar på dei, seier Klokkersund.

Han seier at hestane har fått tilsyn av veterinær og er uskadde.

Vegen stengd

Kort tid etter ulykka blei Europaveg 136 stengd.

Laurdag kveld blir trafikken dirigert på staden. Vegen blei etter kvart opna igjen.

Operasjonsleiar Eivind Klokkersund veit ikkje kvar hestane var på veg.

Velta trailer

Sterke vindar kan ha ført til at traileren velta i Romsdalen laurdag kveld.

Foto: Arnt M. Olsen