Det melder politiet i Møre og Romsdal like etter klokka 11.00.
– Mannen er i 40-åra og heimehøyrande i området. Pårørande er varsla, seier Thomas Holte, operasjonsleiar i politiet.
Oppdaga av forbipasserande
Politiet i Møre og Romsdal fekk melding om ulykka like før klokka 05.00 fredag morgon.
Ulykka skjedde på Nedalsvegen i Averøy.
– Det var ein forbipasserande som kom over ulykka, sa Renate Solheim Lysvik, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, til NRK fredag morgon.
Politiet beskriv først ulykka som alvorleg.
– Dei første naudetatane kom til staden rundt 05.15 og byrja å jobbe med ein mann som sat fast. Ulykka er alvorleg, sa Morten Hammerås, innsatsleiar i politiet.
Etterforskar ulykka
Det skal vere snakk om ei utforkøyring. Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka.
– Når det gjeld årsaka så må den vidare etterforskinga prøve å avklare det, seier Holte i politiet.
Det skal berre ha vore ein person involvert i ulykka.
Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har arbeidd på staden.
– Dei gjorde undersøkingar på staden og sikra dokumentasjon. I tillegg vil vi avhøyre vitne i håp om å finne årsaka, seier Holte.
Til no har politiet ingen informasjon om at nokon skal ha sett sjølve ulykka.
Området er no rydda og vegen er open for trafikk.