Hopp til innhold

Bilførar til sjukehus etter trafikkulykke i Sunndal

Ein mann er frakta til sjukehuset i Molde etter ei trafikkulykke i Sunndal. Politiet opplyser at store krefter har vore i sving.

Trafikkulykke Sunndal

ULYKKE: Trafikkulykka skjedde i Sunndal i Møre og Romsdal.

Foto: Driva

Politiet i Møre og Romsdal melde først om ulykka i Sunndal på Nordmøre klokka 20.45 fredag kveld.

Like før klokka 22.00 opplyser dei at ein mannleg bilførar blir frakta til sjukehus.

– Han blir flogen med luftambulanse til Molde sjukehus, melder politiet.

Kom seg ikkje ut av bilen

Bilføraren kom seg ikkje ut av bilen etter ulykka og måtte bli frigjort av brannvesenet.

– Vedkomande er bevisst, men det er uklart kor skadd personen er. Han blir tatt hand om av helse, opplyste politiet i 21.00-tida.

Dei har beskrive ulykka som alvorleg.

– Det har vore store krefter i sving. Bilen har blant anna køyrt inn i eit bygg ved sidan av vegen, opplyser Arild Reite, operasjonsleiar i politiet.

Han fortel også at ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg for å hjelpe til med undersøkingar på staden.

Uklart kva som var årsaka

Det var berre ein bil og ein person involvert i ulykka. Det er så langt ukjent kva som var årsaka til ulykka.

Fylkesvegen, der ulykka skjedde, skal vere delvis stengt.