Hopp til innhold

Fekk førarkortet beslaglagd etter at ung syklist hamna i grøfta

Politiet har beslaglagd førarkortet til ein bilførar etter eit trafikkuhell på Sæbø i Ørsta.

Trafikkuhellet skal ha skjedd på Sæbø i Ørsta kommune.

Politiet i Møre og Romsdal melde om hendinga 14.17 måndag. Dei rykte så ut til staden der trafikkuhellet skal ha skjedd.

– Ein bilførar skal ha pressa ein syklist ut i grøfta, og føraren av bilen skal ha køyrt frå staden, opplyste politiet i den første meldinga.

Syklisten er eit barn på under ti år, ifølge politiet.

– Guten skal ha fått skrubbsår på den eine foten, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Førarkortbeslag

Politiet opplyser at dei har funne ein person som dei mistenker er føraren av bilen og at dei har oppsøkt vedkomande.

Det er ikkje mistanke om ruskøyring, fortel Molnes.

Politiet har sett i gang ei etterforsking for å finne ut kva det var som skjedde.

16.07 melder politiet at dei har fått snakka med og fått ei forklaring frå dei involverte partane, og dei føresette til guten.

– Guten hevda at bilen har sneia borti han slik at han fall i grøfta. Fører av bilen bekreftar sjølve hendingsgangen, men er usikker på om han var borti guten, melder politiet.

På bakgrunn av forklaringane så har politiet valt å opprette ei sak og beslaglegg førarkortet til bilføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL