Hopp til innhold

Dødsulykke på Atlanterhavsvegen

Like før midnatt rykte naudetatane ut til ei trafikkulykke på Atlanterhavsvegen. Tysdag morgon like før klokka 07 stadfestar politiet at ein mann i 40-åra frå regionen omkom i ulykka.

ULYKKE: Ulykka skjedde på Atlanterhavsvegen i Hustadvika kommune.

Ulykka skjedde på fylkesveg 64, mellom kommunane Hustadvika og Averøy.

Operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen i politiet i Møre og Romsdal seier dei fekk melding om ulykka klokka 23.11, då ein annan bilist kom køyrande forbi.

Ulykka har skjedd i forkant av dette.

Alle naudetatane rykte ut til staden. Det var berre ein bil som var involvert. Denne hadde køyrt i fjellveggen.

– Det var éin person i bilen. Ulykka verkar å vere alvorleg, sa operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen seint måndag kveld.

Tysdag morgon blir det stadfesta at det var ei dødsulykke.

Ein mann i 40-åra frå regionen omkom. Pårørande er varsla.

Har gjort undersøkingar

Ulykkesgruppa til Vegvesenet og krimteknikarar frå politiet har gjort undersøkingar på staden i natt.

– Dei har avslutta sitt arbeid, seier operasjonsleiar tysdag morgon, Erik Daniel Dyb.

Vegen opna igjen rett før klokka 06.00 då bergingsarbeidet var avslutta.

Då hadde vegen vore stengd i nærare sju timar.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka og politiet har sett i gang ei etterforsking av saka.