Hopp til innhold

Fleire køyrer ruspåverka: – Skremmande

Langt fleire ruskøyrarar enn før blir stoppa. Misbruk av lovlege medisinar er ei utfordring for politiet.

Storkontroll i Rauma

STORKONTROLL: Torsdag stoppa politiet all trafikk i Romsdalen. Politioverbetjent Kjellbjørn Riise Johansen seier ei ny gruppe skil seg ut blant ruskøyrarane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hjarte dunka eit ekstra slag då bilførar Kenneth Fors vart vinka inn av politiet.

Tidlegare denne veka hadde politiet storkontroll i Romsdalen. Absolutt køyretøy og førarar skulle bli sjekka.

– Får man ikkje alltid litt puls når man ser «onkel politi» vinkar deg inn frå sida?, seier Kenneth Fors.

Kenneth Fors saman med sin mor. Under trafikkontroll i Romsdalen.

Kenneth Fors seier spøkefullt at sertifikatet var på plass, men at bilete på førarkortet ikkje var heilt oppdatert.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stoppar fleire påverka av rus

Det var ingenting å utsette på denne sjåføren, men politiet ser ei auke i personar som blir teken for ruskøyring.

I fjor blei rekordmange, nesten 11.500 sjåførar tatt for ruskøyring på norske vegar.

For ti år sidan var tilsvarande tal 8895.

Rus er medvirkende årsak til omtrent 25 prosent av alle bilulykker.

Alle som blir stansa vert testa for rus. Ved mistanke kan førarane også blir testa for narkotika og legemiddel.

Foto: Espen Bierud / NRK

Natt til søndag meldte politiet i Møre og Romsdal om fleire som var mistenkt for å ha køyrd i ruspåverka tilstand, både i Rauma, Molde, Sula, Kristiansund og Ålesund hadde tilfelle på dette.

Rusa på lovlege medisinar

I Romsdalen tok politiet i bruk både alkoholmålar og spyttestar når dei gjennomførte sin storkontroll denne veka. Det er spesielt ei utfordring dei ser i trafikkbildet no.

– Den største utfordringa politiet møter er dei som brukar lovlege medisinar, men som ikkje følgjer doseringa som legane anbefaler, seier politioverbetjent Kjellbjørn Johansen.

Han synest denne utviklinga er skremmande.

Sovemedisin og smertestillande er eksemplar på medisinar som blir misbrukt. Alle UP-biler har no eit apparat som kan påvise narkotika og ulovleg mengder legemiddel, ved mistanke.

Politioverbetjent Kjellbjørn Johansen. Storkontroll i Rauma

Kjellbjørn Riise Johansen seier at politiet må bli flinkare til å stå langs vegane og luke ut dei som utgjer ein risiko.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Verste er at dei kan skade uskyldige

Johansen ser alvorleg på at fleire bilistar blir tatt for ruskøyring kvar einaste dag. UP sine tal viser at rus er medverkande årsak til omtrent 25 prosent av alle bilulykker.

– Ein ting er at dei sjølv køyrer av vegen og kan skada seg, men det verste er at dei kan skade uskyldige.

Ifølge ein fersk rapport er ruspåverking ein medverkande faktor i 20 prosent av dødsulykkene på vegane.

Sett pris på kontrollar

Robin Lie var på veg frå Åndalsnes til hytta på Lesja då han måtte blåse for å vise at han var rusfri. Han ønsker slike kontrollar velkommen.

– Eg synest at det er heilt på sin plass, seier Lie med eit smil før han fekk køyre vidare til hytta.

Storkontroll i Rauma. 60 personar gjennomførte kontroll. I front overbetjent Kjellbjørn Johansen

Meir enn 60 personar frå politi og Vegvesenet var med på å gjennomføre trafikkontrollen i Romsdalen.

Foto: Remi Sagen / NRK