Hopp til innhold

Kritiske til forslag om å legge ned bussrute: ­– Dette går ikkje vi med på

Eit forslag om å kutte bussruta mellom Kristiansund og Oppdal har skapt sterke reaksjonar.

Stina Fossan Svisdal og Elin Torve Nisja i protestgruppa på Gjøra

KRITISKE: Stina Fossan Svisdal og Elin Torve Nisja i protestgruppa på Gjøra er svært kritiske til forslaget om å legge ned bussen som går mellom Kristiansund og Oppdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fylkeskommunedirektøren sitt forslag om å fjerne bussen mellom Kristiansund og Oppdal i Trøndelag har sett kjenslene i sving hos dei som bur langs strekninga.

Om kuttforslaget blir vedtatt av fylkestinget, kan ei strekning på sju mil bli ståande utan eit kollektivtilbod. Særleg på Gjøra i Sunndal kan det gå utover busstilbodet.

– Vi kan ikkje godta at dei skal legge ned bussrutene våre i distrikta. Korleis skal det bli når vi ikkje skal ha ein buss her? Då blir det ikkje nokon ruter mellom Sunndal og Oppdal, seier Elin Torve Nisja i protestgruppa på Gjøra.

– Dette kan vi ikkje finne oss i, legg ho til.

Foreslår å kutte bussruta mellom Kristiansund og Oppdal.

På busstoppet på Gjøra, midt mellom Sunndalsøra og Oppdal, kan det bli stille dersom fylkesdirektøren sitt kuttforslag blir vedtatt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Underskriftskampanje

Møre og Romsdal fylkeskommune har økonomiske utfordringar og kuttforslaget er ein del av fylkeskommunen sine innsparingar.

No har innbyggarane på Gjøra starta med å samle inn underskrifter for å vise motstand mot nedleggingsforslaget.

Underskriftskampanje mot forslag om å legge ned bussruta mellom Kristiansund og Oppdal

På Gjøra har dei starta ei underskriftskampanje.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg tenker mellom anna på dei eldre som bruker bussen, seier Nisja.

– Og ungdomane, dei går det også utover. Dei som ikkje køyrer bil eller har sertifikat, seier Stina Fossan Svisdal i protestgruppa på Gjøra.

Underskriftene skal bli overlevert til politikarane i forkant av fylkestinget i neste veke.

Les også Fylkeskommune kan miste kontrollen over eigen økonomi: – Vi må gjere kutt no

Toril Hovdenak fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal

– Stort problem

Anna Moskalenko er ein av dei som blir råka dersom bussruta blir lagt ned.

– Då blir det eit stort problem, det er ikkje bra. Eg har ikkje bil og kan ikkje køyre til skulen eller sentrum sjølv, seier ho.

Simon Ekren Gravvold fortel at han tek bussen rundt seks gonger i veka. Han seier at det vil ha stor betydning for han om han ikkje kan ta bussen lenger.

– Det blir ei katastrofe, fordi då kjem ikkje eg meg ned til sentrum, seier han.

Anna Moskalenko seier ho vil få problemer om bussen mellom Kristiansund og Oppdal blir lagt ned.

Anna Moskalenko seier det blir eit problem for ho om bussruta blir lagt ned.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Råkar også turistar

Rute 901 blir også kalla «Togbussen». Dette er fordi reisande på Nordmøre bruker den til Oppdal når dei skal ta toget vidare til Oslo.

Dersom ruta blir lagt ned må reisande heller ta bussen til Trondheim og så tog derifrå. For dei på Gjøra betyr det at bussturen blir seks gonger så lang som den er i dag.

– Det er ikkje berre lokalbefolkninga som er avhengige av bussen. Det er turistar òg, særleg på sommaren, seier Stina Fossan Svisdal.

Vil kutte busstilbodet mellom Kristiansund og Oppdal.

Bussen blir også brukt av turistar, spesielt om sommaren.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Må bli vidareført

Også eit samla ordførarkorps på Nordmøre krev at bussruta må bli vidareført.

Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (IPR) vektlegg mellom anna at bussen er det einaste kollektivtilbodet som bind Kristiansund saman med Oppdal, og som gir tilgang til E6 og jernbana.

Ordfører Ståle Refstie (Ap) i Sunndal kommune.

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap), seier at ei nedlegging av bussruta vil få store konsekvensar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Med forgreiningar til Molde og Surnadal vil ei nedlegging føre til at det ikkje er mogleg å reise kollektivt til og frå toget verken frå Kristiansund, Tingvoll, Sunndalsøra, Surnadal eller Eidsvåg, skriv dei i ei pressemelding.

Dei vektlegg også betydninga som ruta har for ungdom, studentar og eldre, eller andre som ikkje disponerer bil.

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap), seier at ei nedlegging vil ha store konsekvensar for både folk og næringsliv på Indre Nordmøre.

– Vi hadde ein grundig prosess på dette for under eitt år sidan som konkluderte med at den burde bli opprettheldt, så dette forslaget er ein utidig omkamp, sa han til NRK måndag.

Blir behandla neste veke

Saka blir behandla av fylkestinget neste veke.

Men på Gjøra har folket allereie bestemt seg.

– Nei, dette går ikkje vi med på, seier Elin Torve Nisja bestemt.

Kritisk til forslag om å kutte bussruta mellom Kristiansund og Oppdal.

Stina Fossan Svisdal og Elin Torve Nisja seier at dei ikkje godtek at bussruta blir lagt ned.

Foto: Eirik Haukenes / NRK