To personar er involverte i ulykka som har skjedd inne i Atlanterhavstunnelen, og ulykka skal vere alvorleg, melder politiet. Dei første meldingane om ulykka kom i 08.30-tida. Først like før klokka 18 blei tunnelen opna igjen.
Dei skadde har blitt teke hand om av ambulansepersonell på staden, og har blitt frakta vekk med helikopter.
– Begge dei involverte er frakta til St. Olavs hospital i Trondheim. Vi har ikkje noko oppdatert informasjon om skadeomfanget, melder politiet.
Eit ambulansehelikopter var på staden onsdag formiddag, og frakta dei skadde personane til St. Olavs.
Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRKGjer undersøkingar på staden
Det er framleis usikkert kva som var årsaka til ulykka. Politiet gjer undersøkingar på staden. Vegtrafikksentralen melder at tunnelen vil vere stengt i ein lengre periode.
– Kollisjonen skal ha skjedd i botnen av tunnelen. Det var ein person i kvar bil, seier operasjonsleiar i politiet, Arild Reite.
Ifølge han skal bilane ha køyrd i kvar si køyreretning.
Atlanterhavstunnelen er stengt grunna ulukka.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKDen undersjøiske Atlanterhavstunnelen knyter Averøya til Kristiansund.