Lastebil velta
Ein betongbil har velta i Rensvikkrysset i Kristiansund.
Den ligg i grøfta utanfor vegen, og trafikken flyt som normalt.
Føraren skal vere oppegåande.
Det er ikkje meldt om lekkasje.
Ein betongbil har velta i Rensvikkrysset i Kristiansund.
Den ligg i grøfta utanfor vegen, og trafikken flyt som normalt.
Føraren skal vere oppegåande.
Det er ikkje meldt om lekkasje.
Politiet rykka ut til området ved Moa i Ålesund etter melding om tre unge gutar som hadde oppført seg skremmande og plagsamt overfor folk som bur i området. Politiet fann to av gutane, som er i tenåra, og dei blei bortvist frå staden. Foreldra deira er varsla, opplyser politiet.
Ein bilførar er tatt med til sjukehus for sjekk etter ei trafikkuhell på Glomsetvegen i Ålesund. Det er ingen mistanke om promillekøyring, melder politiet. Ein bilbergar er på veg til staden for å hente bilen.
Politiet rykker ut etter å ha fått melding om eit trafikkuhell på Glomsetvegen, aust for Hesseberg, i Ålesund. Politiet opplyser at det er ein person i bilen og at vedkomande er oppegåande.
PST har lagt vekk saka mot ein mann frå Møre og Romsdal. Det opplyser påtaleansvarleg i PST, Kathrine Tonstad, til NRK.
Tidlegare i år blei mannen sikta for medverknad til terrorforbund. Han var også sikta for å ha kome med hatefulle ytringar. Mannen blei også arrestert ei kort periode, men sleppt fri. Han erkjente ikkje straffskuld.
– Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) har lagt vekk saka på grunn av bevisets stilling, i tråd med innstillinga frå PST. Begge forholda i siktinga er lagt vekk, seier Tonstad.
Mannen sin advokat, Mari Vik-Slettvoll, kan bekrefte at saka er lagt vekk, men har ikkje ein kommentar utover dette.
På Ellingsøyvegen i Ålesund har det vore ein kollisjon mellom to bilar ved Koppargjerdet.
Det er to personar involverte, og den eine måtte bli frigjort frå bilen. Vedkomande blei frakta til sjukehus for undersøking og behandling. Ifølge Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet, er det truleg ikkje snakk om alvorlege skader.
Den andre føraren kom seg ut av bilen.
Ifølge politiet er det trafikale utfordringar på fylkesveg 526 som følge av kollisjonen.
Ein moped har velta i Vestnes ved ein bensinstasjon i sentrum.
Mopeden hadde låg fart, men føraren klagar på smerte i ryggen.
Vedkomande blei sendt til legevakta for sjekk.
Rundt midnatt fekk politiet melding om ein person som sparka i ei dør og ropte.
Dette skjedde på Kviltorp i Molde.
Politiet var i kontakt med personen, som roa seg, men som er meldt på grunn av skadeverk.
Noko seinare rykte politiet ut til Vigra i Giske.
Der hadde ein person øydelagt ei dør, og var uønskt på staden, og politiet sette vedkomande i arresten.
Ein nordmørsmann skal ha blitt svindla for 1,2 millionar etter at han trykte på ei lenke han trudde blei sendt ut frå Autopass.
Det var Tidens Krav som fortalte om dette først.
På meldinga skal det ha stått at mannen måtte oppdatere betalingsopplysningane sine.
Då han la inn nye kontoopplysningar skal han ha blitt trekt for milionbeløpet.
Politiet etterforskar saka.
Ein rusa mann i 20-åra blir sett i arrest etter å ha forstyrra ro og orden i Ålesund, opplyser politiet.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.