Hopp til innhold
Kristiansund rådhus
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kristiansund kommune

  • Må rekruttere mange sjukepleiarar

    Kristiansund kommune må tilsetje fleire hundre nye helsearbeidarar i åra som kjem. Det skriv Tidens Krav. Bakgrunnen er at svært mange noverande helsearbeidarar er over 55 år. I tillegg må kommunen rekruttere opp til 295 nye -til å bemanne ein ny sjukeheim. 43 stillingar står alt i dag ledige,skriv avisa.

  • Tar imot fleire utskrivingsklare

    Kristiansund kommune er blitt betre til å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa. Forvaltningsleiar Anne Cathrine Grav Olsen seier det er fordi dei har ein tettare dialog både med helseføretaket og med pasientane. Samtidig har dei betre oversikt over eigen kapasitet.

    I juli i fjor måtte kommunen ut med nesten to millionar kroner til helseføretaket, mens kommunen i år kan bruke desse pengane til andre tenester.

    Kristiansund sjukehus
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • Rådhuset er 70 år

    Kristiansund kommune markerer at rådhuset i sentrum er 70 år. Dette blir feira med eit dagseminar om demokrati, melder kommunen.

    – Vi setter dette inn i ein samanheng med avslutning av valperioden, dagens situasjon i Europa der land må gjenreise seg etter ein krig, og demokrati/demokratisk styresett under press globalt, skriv kommunen.

  • Konsulentselskap fråskriv seg skuld

    Prosjektleiinga i Kristiansund kommune ga grønt lys for å bygge ei bratt tribune på Atlanten stadion. Det skriv konsulentselskapet Cowi i si forklaring til kommunen etter at det viste seg at tribuna blei brattare enn regelverket. Kommunen ønskjer førebels ikkje å seie noko om kva dei trur gjekk gale eller kven som har skuld i at tribuna blei for bratt, skriv tk.no.

    Atlanten stadion i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Håper å få ferdig anlegget snart

    Kristiansund kommune har sendt ut ei oppdatering om nye Atlanten stadion.

    Den nye stadionet skulle opne 15. juni, men har blitt utsett på grunn av fleire problem.

    Kommunen opplyser at dei no er klare for å legge tartandekke og håper å starte på dette i løpet av sommaren.

    Fordi trinna på tribunen er for høge er det nødvendig med montering av stoler. Og fordi trinna er høgare enn 50 cm er det også behov for å sikre mot fallulykker, skriv kommunen.

    I tillegg er entreprenøren i gang med å ferdigstille uteområdet, noko som blir ferdig i august.

    Kommunen skriv vidare at det ligg an til at anlegget kan bli ferdigstilt i løpet av sommaren/hausten.

    Atlanten stadion i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
Skatepark til dei som likar fart, hagelag til dei som har grøne fingra, og benkar for dei som treng ein pust i bakken. Laurdag 2. november opnar Kristiansund og Møre og Romsdal fylke det ferskaste byfornyingsprosjekt inst i Vågen.
Kristiansund kommune vil ha full gjennomgang av alt som har skjedd i Atlanten stadion-saka. Dei vurderer no om dei skal melde entreprenøren, som tok betalt for å køyre ureine massar til deponi, men som i realiteten dumpa det tilbake på tomta.