Hopp til innhold

Koronasmitta var i Kristiansund – to personar sett i karantene

Ein tilsett om bord i Seadrill-riggen West Phoenix har testa positivt for koronasmitte og er no innlagt ved sjukehuset i Molde. Boreoperasjonen på riggen med 126 personar er stoppa.

West Phoenix

Riggen ligg i Fenja-Feltet i Norskehavet omtrent 120 kilometer nord for Kristiansund.

Foto: Niclas Eliasson

Det er totalt 126 personar på riggen. Riggen West Phoenix, som er eigd av Seadrill, borer no på oppdrag for Neptune Energy. Kommunikasjonsdirektør i selskapet, Liv Jannie Omdal, seier til NRK at dei blei varsla om den smitta laurdag kveld. Denne personen får no behandling ved Molde sjukehus. Det er så langt uklart kvar og korleis den tilsette blei smitta.

– Medisinsk personell på land starta raskt ei kartlegging av dei andre om bord på riggen. Førebels er tretten personar sett i isolasjon på lugarane sine, då dei har vore i nærkontakt med den smitta. Dei har så langt ikkje symptom eller teikn til smitte, fortel Omdal.

Ingen har til no blitt tatt i land for testing.

– All helikoptertransport til og frå riggen er stoppa til vi får kontroll over situasjonen. Vi undersøker no moglegheita for å få testa så mange som mogleg offshore, først og fremst dei som var i nærkontakt med den smitta, seier Omdal.

Ho fortel at dei som er om bord på riggen får tett oppfølging av medisinsk personell og at dei jobbar med smittesporing og vurdering av vidare smitterisiko.

Det var E24 som først omtalte saka.

Boreoperasjonen på riggen er stoppa

Riggen West Phoenix ligg i Fenja-Feltet i Norskehavet omtrent 120 kilometer nord for Kristiansund. Det blir anslått at feltet kan innehalde 97 millionar fat oljeekvivalentar.

West Phoenix

Det er 126 personar om bord i riggen West Phoenix.

Foto: Seadrill

Boreoperasjonen på riggen er no stoppa. Omdal seier det er uklart kor lenge operasjonen blir stengt ned.

– Det er ingen produksjon der ute no, så det vi har stoppa er ein boreoperasjon.

– Vil stenginga få økonomiske konsekvensar?

– Det vil det nok få, men det er for tidleg å seie noko om det. Fokuset vårt no er å ta hand om personalet og vedkomande som er sjuk, seier Omdal.

To sett i karantene

Søndag ettermiddag meldte Tidens Krav at den smitta skal ha vore i Kristiansund før han reiste ut på riggen.

Tore Lyngvær ved Bolgvatnet

Kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, Tore Lyngvær.

Foto: Roar Halten / NRK

Kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, Tore Lyngvær, bekreftar til NRK at den koronasmitta frå Seadrill-riggen har opphalde seg i Kristiansund.

– Personen skal ha budd ei natt på eit hotell i byen og vi jobbar no med smittesporing, sa Lyngvær til NRK søndag ettermiddag.

Kommunen var søndag kveld samla til eit statusmøte. Etter dette møtet er det klart at to personar har blitt sett i karantene etter å ha vore i nærkontakt med den smitta. Dei vil ikkje bli testa før dei eventuelt utviklar symptom.

– Vi føler at vi har god kontroll på smittesporinga. Personen har bevegd seg rundt i Kristiansund, men har heldt avstand. Det er sjølvsagt ein risiko for smitte, men vi meiner at den er låg, seier Lyngvær.

Dei vil også samarbeide med Neptune Energy for å få sendt ut testutstyr til riggen. Dette vil så bli sendt til sjukehuset i Molde for analyse.

Lyngvær seier at kommunen forventar ei auke i smittetilfelle etter ferien.

– Ferien har kome godt i gang. Mange har vore ute på reise og turistar har kome hit, så vi forventar meir smitte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL