Hopp til innhold

Bekymra for folkeavstemming: – Det er ikkje eit hemmeleg val

Når folkeavstemminga blir sparka i gang neste veke, er Søgne-bebuar Ole Asbjørn Bergstøl bekymra for at poststemmene ikkje er hemmelege.

Ole Asbjørn Bergstøl

Søgne-bebuar Ole Asbjørn Bergstøl meiner folkeavstemminga ikkje er hemmeleg.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Ein ungdomsskuleelev kan selja stemma si for ein femtilapp viss han vil det, seier Ole Asbjørn Bergstøl.

Han sit i godstolen heime i Søgne. I fanget ligg tre poststemmer. Han sin eigen, kona sin og sonen sin.

Ole Asbjørn Bergstøl

Ole Asbjørn Bergstøl sit med tre brevstemmer på fanget. Om han kunne han stemt for seg sjølv, kona og sonen.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Han ser at om han vil, så kunne han stemt for dei. Han trur likevel ikkje det vil bli eit problem med valfusk, fordi han meiner at folk er ærleg og reielege.

– Det er ikkje det som er problemet. Problemet er at det ikkje er eit hemmeleg val, seier han.

Les også Tok debatten: Bør Søgne og Songdalen bli egne kommuner igjen?

I debatt-panelet deltar Siri Heimdal Knutsen (19) fra Unge Høyre og Elias Holmen Berg (16) - sammen med hver sin «makker» - Erik Spieler fra «Ja til Søgne og Songdalen i Kristiansand» og Sigurd Berg Aasen i «Vi som vil ha Søgne tilbake».

Han meiner at digital- og poststemmer er ein måte å stemma på, som ein ikkje bør ha i eit demokrati.

– Grunnlova seier at val skal vera hemmeleg, og det er det ikkje her, konstaterer han.

Han set spørsmålsteikn ved korleis dette kan ha vorte godteke av Valdirektoratet.

– Hadde det berre måtte vera eit vitne, sånn som det er når folk stemmer frå utlandet. Det har du ikkje her, så kven som helst kan senda inn stemma di, seier han.

Debatt i Søgne

Tidlegare denne veka var det debatt om Søgne på NRK.

Foto: EIRIK DAMSGAARD / NRK

Har fått meldingar frå folk som er bekymra

Aksjonsgruppene «Vi som vil ha Søgne kommune tilbake» og «Ja til Søgne i Kristiansand» har begge fått meldingar frå folk som er bekymra for valfusk.

– Men me har ikkje nokon grunn til å tru at det er noko som vil skje. Det skal seiast at den digitale stemma er den som blir gyldig om det kjem inn både digital- og poststemme, seier Sigurd Berg Aasen i «Vi som vil ha Søgne tilbake».

I det store og heile synest han departementet har gjort mange ting for å sikra valet.

Erik Spieler, som leiar «Ja til Søgne i Kristiansand», er noko meir skeptisk.

– Eg ser potensial for at det kan blir valfusk, men eg veljar å tru at dette ikkje kjem til å bli et problem, seier han.

Les også 16-åringer i Søgne etterlyser mer informasjon før de skal stemme

tintjønn-elever

– Ille viss det festar seg eit oppfatning om at det har skjedd feil

Politisk redaktør i Fædrelandsvennen Vidar Udjus, er usikker på om valfusk vil bli eit faktisk problem, men meiner likevel at det har potensial til å bli det.

– Det er eit tema som kjem opp når eg snakkar med folk i Søgne. Eg håpar jo at det blir på teoristadiet. Men det er ille viss det skulle festa seg eit oppfatning om at det har skjedd feil, seier Udjus.

Han peikar på at den beste måten å stemma på er den digitale løysinga, som overstyrer brevstemma.

– Det er heilt utenkjeleg at det ville bli stemt på denne måten ved eit stortingsval, så det er klart at dei har ein lågare standard til ei rådgivande folkeavstemming, seier han.

Postkasser i Søgne

Fleire bebuarar i Søgne og Songdalen har denne veka fått stemmesetel i posten.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Eige ansvar

Folkeavstemminga skal vera hemmeleg, og veljarane må sjølv ta ansvar for at dei er åleine når dei stemmer, skriv regjeringa.

I det same skrivet peikar regjeringa på at det ved ordinære val er tilgang til å stemma ved hjelp av brevstemmer for veljarar som er i utlandet, eller som ikkje kan stemma på nokon annan måte.

Les også Folkemøte­krasj i Søgne: – Uheldig

Sigurd Berg Aasen og Erik Spieler

– Det er ikkje registrert problem med denne måten å stemma på, skriv regjeringa.

Stemmeseddel (poststemme) om folkeavstemning i Søgne.

Brevstemma i folkeavstemminga i Søgne.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

NRK har lagt fram for Kommunal- og distriktsdepartementet kritikken frå Bergstøl. I eit skriftleg svar skriv dei mellom anna at det må gjerast noko andre vurderingar av kva som er tilstrekkeleg sikkert i gjennomføringa av ei lokal rådgivande folkeavstemming, enn det som er tilfelle ved ordinære val.

– Ei folkeavstemming skal gi eit råd til politikarane i ei bestemd sak, skriv avdelingsdirektør Siri Dolven i seksjon for val og lokaldemokrati i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kva meiner du om saka?

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %