Hopp til innhold

Slik blir bypakken i Kristiansund

Ein bypakke til nesten 2 milliardar kroner blei vedtatt av kommunestyret i Kristiansund torsdag. Dermed blir det bompengeinnkrevjing i byen.

19/04: I ein tidlegare versjon stod det at delen som skal finansierast med bompengar er på 155 millionar kroner. Dette er retta til 1,5 milliardar. NRK beklagar feilen.

I mange år har politikarane diskutert kva som bør gjerast med innfartsvegen i Kristiansund.

Torsdag kveld vedtok kommunestyret å innføre bypakken – og dermed bompengar.

Vedtaket blei gjort med 27 mot 18 stemmer etter ein lang debatt.

– Vi må løyse utfordringane vi har med trafikksikkerheit i Kristiansund, og dei miljømessige aspekta rundt det. Den einaste måten å gjere det på, er via ein bompengepakke, seier ordførar Kjell Neergaard (Ap).

Målet med bypakken er å løyse dei trafikale flokane. Det skal også vere enklare å sykle, gå og reise kollektivt. Samtidig skal bilbruk, talet på ulykker, støy og luftforureining ned.

Bypakken i Kristiansund

Dette er dei viktigaste tiltaka i bypakken.

Illustrasjon: Statens Vegvesen

Kostnaden kan bli på 1,9 milliardar kroner. Til det skal 294 millionar kroner kome frå staten, 47 millionar frå fylkeskommunen og 12 millionar frå kommunen.

Drygt 1,5 milliardar skal finansierast gjennom bompengar.

Stig Anders Ohrvik, gruppeleiar for Nordmørslista, stemte nei. Nettopp på grunn av bompengane.

– Vi ønsker ikkje å pålegge innbyggarane våre større utgifter, i ei tid der ting alt er dyrt og mange opplever at dei har dårlegare råd, seier han.

32 kroner per passering

Det blir sett opp to bomstasjonar. Ein vil gå over Omsundbrua mellom Frei og Kristiansund, og ein over Nordsundbrua.

Kvar passering vil koste 32 kroner utan avtale, og 25,6 eller 17,9 kroner med, etter om du har fossil- eller elbil.

Ein betalar også berre for ei passering per køyretøy innanfor ein time, og for maksimalt 60 passeringar i éin kalendermånad.

Statens vegvesen, som har gjennomført ei fagleg behandling av bypakken, meiner bommane kan kome til å stå i 12 år før pakken er nedbetalt.

Rensvikkrysset på Frei i Kristiansund.

Det blir bomstasjonar på to ulike stader i byen.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Det desidert dyraste punktet er vegen frå Vikansvingen ved Løkkemyra til rundkøyringa ved Nordsundbrua. Her har bystyret tidlegare gått for ei open skjering over den skogkledde Kråkhaugen.

Venstre har flagga at dei vil ha omkamp og vil heller bygge tunnel. Vegvesenet meiner ein slik omkamp kan føre til ei utsetjing på fleire år og betydeleg dyrare bompengetakst.

Krysset ved bensinstasjonen på Rensvik er det nest dyraste området. Her skal kryss bli til rundkøyring med overgangsbru for mjuke trafikantar.

I tillegg er det planlagt ein overgang ved barneskulen, samt ei gang- og sykkelbru ved Rensvikholmen. Det er rekna at drygt ein halv million går med til dette.

Ny skule

På Gomalandet skal nye Folkeparken barneskole snart bli bygd. I samband med dette er det planlagt tiltak mellom Trollsvingen og Røsslyngvegen. Rundt 150 millionar går til rundkøyring, undergang og kollektivfelt.

Gomalandet

Gomalandet ved innkøyringa mot Røsslyngvegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I tillegg er det planlagt ei rekke mindre prosjekt som til saman nærmar seg 150 millionar kroner.