Hopp til innhold

Berre éin hall er open: Meiner satsinga er for dårleg

Skøyteforbundet meiner det ikkje er bra nok at landslaget berre kan trene éin plass i landet før verdscupen startar.

Skøytelandslaget trener i hallen i Kristiansund.

FÅ BANAR: Skøyteforbundet etterlyser fleire innandørsbanar, og meiner skøyteløparane ikkje blir satsa nok på.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Kristiansund er den einaste 400-meter skøytebanen som er open no i landet. Dette var den einaste moglegheita vi hadde for å komme oss på is og trene før World cup-sesongen byrjar i november.

Det seier generalsekretær i Noregs Skøyteforbund, Håkon Dahl. Sjølv meiner han dette er for dårleg.

Per dags dato finst det berre fire 400-meterbaner med takoverbygg: Vikingskipet på Hamar, Sørmarka Arena i Stavanger, Fosenhallen i Bjugn og Nordvest Arena i Kristiansund.

Vikingsnipet2

I Vikingskipet har dei av økonomiske årsaker valt å ikkje islegge hallen, men i staden fylle den med andre arrangement hittil i haust. I Stavanger har dei hatt problem med kjøleanlegget, noko som har utsett opninga. Og i Bjugn kan ikkje hallen opnast før langt ut på hausten på grunn av måten hallen er isolert på.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Tre av desse er stengde.

Dermed var det berre eitt alternativ igjen for skøytelandslaget.

Skøytelandslaget i Kristiansund

Skøytelandslaget vart særleg positivt overraska over at hallen i Kristiansund var så lys.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Meiner satsinga ikkje er stor nok

Skøyteforbundet meiner det ikkje blir satsa nok på skøyteløparane og etterlyser fleire hallar rundt om i landet.

– Vi er glade for at Kristiansund er tilgjengeleg og opna dørene for oss. Vi får fine forhold der. Samtidig er det eit tankekors at vi berre har ein bane klar, seier generalsekretæren.

Forbundet har midlar som kan brukast for at skøyteløparane skal reise rundt, men han er uroa over at den kvardagslege treninga for dei som ikkje er på landslaget, kan falle bort.

– Det blir vanskeleg for alle dei som skal komme etter. Talenta våre og alle rekrutteringslag rundt om som ikkje har høve til å trene i det heile tatt, utan å reise langt.

Flere har møtt opp i Kristiansund for å se skøytelandslaget trene.

Fleire har møtt opp for å sjå skøytelandslaget i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han trur fleire anlegg hadde skapt mykje meir aktivitet, både for breidde og toppsatsinga. For det er stor geografisk spreiing på dei fire banane som finst i dag.

– Vi skulle gjerne hatt fleire anlegg i dei store byane, der det bur mange menneske som hadde gitt mange brukarar, seier Dahl.

Håkon Dahl, generalsekretær i Norges Skøyteforbund.

Håkon Dahl, generalsekretær i Noregs Skøyteforbund, meiner det særleg burde vore innandørsbanar i dei største byane. No er det berre i Stavanger.

Foto: Christoffer Rukke

Idrettsbyråd i Bergen: – Lånegaranti har vår fulle merksemd

Dahl er klar over at anlegga han etterlyser er dyre, men han meiner likevel at kommunane må vere den viktigaste partnaren for å få bygd fleire. I Bergen er det lagt planar for Slåtthaug Arena, men der ventar dei på klarsignal frå kommunen om lånegaranti.

Idrettsbyråd i Bergen, Linn Katrin Pilskog, seier garantien til Slåtthaug Arena har byrådets fulle merksemd.

Byråd for barnehage, skole og idrett Linn Katrin Pilskog (Ap)

Linn Katrin Pilskog, idrettsbyråden i Bergen, seier kommunen allereie har betalt rekkefølgekrav for prosjektet, og at byrådsavdelinga for finans, næring og eigedom no jobbar med utforminga av ein kommunal garanti. Den må fremmast som eigen sak til bystyret og byråden seier dei vil forsikre seg om at saka står seg hos statsforvaltaren før dei fremmer den.

Foto: Bergen kommune

Ho seier det er ein komplisert sak, men at dei no arbeider å inngå festeavtale og utforme ein kommunal garanti.

Dette blir et fantastisk anlegg ikkje berre for skøytesporten, men for heile idrettsbyen Bergen, seier ho.

Oslo: – Har ikkje prioritert det

I Oslo er det ingen umiddelbare planar. Pressevakt for byrådsavdeling for kultur, idrett og frivillighet i Oslo, Beate Svenningsen, seier at kommunen utreda tak over Valle Hovin, men at dette blei veldig dyrt.

Vi bygger likevel nye Valle Hovin slik at det blir mogleg å legge tak over i framtida dersom prioriteringane endrar seg.

Beate Svenningsen, pressevakt for byrådsavdeling for kultur, idrett og frivillighet i Oslo.

Beate Svenningsen, pressevakt for byrådsavdeling for kultur, idrett og frivillighet i Oslo, seier de har prioritert anlegg for barn og unge.

Foto: Privat

Ho seier kommunen har gjort store investeringar i idrettsanlegg siste åra, men at dei har prioritert anlegg for barn og unge.

Vi bygger i avgrensa grad anlegg av nasjonal karakter der investeringa er høg. Vi har satsa på å auke dekninga av fotballbaner og fleirbrukshallar. Samtidig har vi byggd store anlegg for isidrettane, som ny Jordal Amfi, Sonja Henie ishall og fleire kunstisbaner, seier ho.

NIF: – Behovet for nye anlegg er stort

Noregs idrettsforbund er heilt einige med Skøyteforbundet i at det er for få isanlegg i Noreg.

Vi har i fleire år arbeida opp mot Kulturdepartementet for å betre isidrettens anleggssituasjon. For å få fart på anleggsbygginga meiner vi det er nødvendig å auke spelemiddelstøtta til desse anlegga, seier idrettspresident Zaineb Al-Samarai.

Norway Cup 2023: Verdikampen

Idrettspresident Zaineb Al-Samarai meiner det er generell anleggsmangel mange stader i Noreg. Nå ønsker ho ei raskare utbetaling av spelemidlane og at de skal dekke minimum 25 prosent av anleggskostnaden, og enda meir for isanlegg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nå håper ho Kulturdepartementet lyttar til innspela NIF har komme med i arbeidet med ny nasjonal anleggsplan. Der ber dei blant anna om at spelemidlane skal dekke 40 prosent av investeringskostnadene til isanlegg.

Kjem regjeringa oss i møte på desse punkta vil anleggsbygginga auke både for isanlegg og andre anleggstypar, seier ho.

– Første gong sidan 1958

Tilbake i Kristiansund er dei veldig fornøgde med å ha fått landslaget på besøk, og fleire har møtt opp for å sjå på treninga.

– Det er første gong toppløparar er i Kristiansund sidan Kees Broekman var her i 1958, seier Tor Olsen, styremedlem i Nordvest Arena.

Og han meiner det er viktig at dei tek turen oftare, sånn at fleire tek i bruk anlegget.

Johanne Fjærli Bremnes er barnetrener ved IL Braat

Johanne Fjærli Bremnes, barnetrenar for IL Braatt, trur barna blir ekstra motiverte av at skøytelandslaget er på besøk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Johanne Fjærli Bremnes er barnetrenar for det lokale idrettslaget, Braatt IL. Ho trur dette gir noko ekstra til den lokale skøytekulturen som er i ferd med å ta seg opp.

– Det er ein motivasjon at ein ser nokon som er så god. Det kan inspirere til å vilje bli like god, halde fram med å gå på skøyter og gi meir skøyteglede.