Hopp til innhold

Får ikkje servere alkohol med mindre dei tilsette får tariffløn

Skal utestader få skjenkeløyve i Kristiansund kommune, må dei gje tilsette solide rammer. – Aldri sett før, seier Fellesforbundet.

Kjøkken- og restaurantsjef Olav Kåre Jørgensen på Smia sammen med en ansatt på kjøkkenet.

TARIFFAVTALE: Olav Kåre Jørgensen til venstre er kjøkken- og restaurantsjef ved Smia i Kristiansund. Dei har alltid hatt tariffavtale for sine tilsette, og seier det er bra at det no blir eit krav for alle som serverer alkohol.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eg trur vi får betre kvalitet og meir lojale arbeidstakarar, seier kjøkken- og restaurantsjef ved Smia, Olav Kåre Jørgensen.

No har kommunen nemleg sett krav om at dersom utestader vil ha skjenkeløyve, deira tilsette ha tariffavtale.

For arbeidarane sin del er dette ein kjempefordel. Ein garanti på at dei får det dei skal ha og rettane sine. Det er kjempeviktig, seier Jørgensen.

Sjølv har dei alltid hatt tariffavtale for sine tilsette, men no må også konkurrentane deira følgje etter.

Og Kristiansund kommune er førebels den einaste i landet som har sett eit slikt krav, ifølgje Fellesforbundet.

Ømer Karadag, kokk ved Smia i Kristiansund.

Ømer Karadag er kokk ved Smia, og meiner det er viktig at det blir sett eit sånt krav.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Aldri sett før

Det heile starta med at Fellesforbundet uttrykte eit ønske til alle kommunar i landet om å luke ut useriøse aktørar, forklarer ordførar Kjell Neergaard (Ap). Og dette tok Kristiansund på sterkaste alvor.

At vi er først er kjempebra, og eg trur dei fleste kommunane kjem etter. Vi alle ønskjer at også utelivsbransjen skal vere seriøs.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap).

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei har bestemt at utestadene må levere inn dokumentasjon på at dei har fått på plass tariffavtale med dei tilsette seinast tre månadar etter at dei har fått innvilga skjenkeløyve.

Det vert følgd opp frå kommunen si side, konstaterer Neergaard.

Fellesforbundet jublar over kravet som kommunen no set, og vart overraska då dei fann ut av det.

Dette har eg aldri sett før. Kristiansund er ein føregangskommune. Vi heiar på dei, seier Cecilie Søllesvik, avdelingsleiar i Fellesforbundet avd. 065.

Les også Sjokkrapport avslører grove brudd i utelivsbransjen

arbeidsforhold case

Mange brot

I Noreg er det eit allereie krav om minsteløn, men med tariffavtale vert det ein mykje større tryggleik for dei tilsette, ifølgje Søllesvik.

Ho meiner også at det sikrar lik konkurranse og vil bidra til rekruttering i ein bransje med for lite tilsette.

Tilsette får innverknad på arbeidskvardagen sin med vaktlister, arbeidstid, pensjon og velferdsordningar. Det gjer arbeidskvardagen deira mykje betre, seier Søllesvik.

Ane Julie Folde og Cecilie Søllesvik i Fellesforbundet Kristiansund

Ane Julie Folde og Cecilie Søllesvik ved Fellesforbundet i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ane Julie Folde, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet avd. 065, dreg ofte rundt omkring på besøk i bransjen og veit kor viktig ein slik avtale er.

Det er ein veldig gøy og fin bransje, men vi ser at det er mange brot på arbeidstidsreglar, overtidsreglar og ikkje minst minsteløn. Dei som er 16 år og yngre, der kan timeløna vere veldig låg.

Men vi har ein regel om minsteløn, hjelper det då med eit krav om tariff?

– Eg trur fleire arbeidsgivarar vil bli klare over regelverket med minstelønn om dei må dokumentere at dei betalar den lovpålagde lønna, eller får eit krav om tariffavtale for å få skjenkebevilling. Når det kan ramme dei økonomisk, trur eg fleire vil setje seg inn i regelverket, seier Folde.

Ved Smia har dei tariffavtale fordi det har vore eit ønske frå tilsette. Og det både vil dei og må dei halde fram med, dersom dei skal servere alkohol.

Det kostar litt, det gjer det. Men det synest eg er ei grei skuring, i forhold til å følgje lover og reglar som arbeidsgivarar, seier sjefen.

Han meiner det er ein fordel at alle restaurantar og utestader får tariffavtale på plass.

Det synest eg er på sin plass ovanfor arbeidstakarar òg, seier Jørgensen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL