Raset
Glaset i vindauget er pulverisert og kulda frå marsnatta kjem inn på soverommet. Den vesle jenta ser seg rundt i rommet i blokkleilegheita i Ålesund.
Sara vaknar ståande på golvet. I rommet er det støv og knust glas. Alt som var i hyllene er på bakken. Alle kosedyra. Det luktar svidd.
Alarmane uler, men det kjennest likevel så stille.
– Verre og verre
Utan å vite det er åtte år gamle Sara Marie Søvik i sentrum for ei grusom ulykke som skal føre til at Noreg tar beredskap og kartlegging av steinskredfare meir på alvor.
– Vi blei mykje flinkare til å tenke worst case, fortel Lodve Solholm som fungerte som ordførar i Ålesund 26. mars 2008.
Lodve Solholm under eitt av mange intervju i mars 2008. Som fungerande ordførar fekk han plutseleg ansvar for ein svært uoversiktleg og kompleks situasjon.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTBHan meiner vi har god nytte av det dei lærte i dag når vi står i ein stadig meir utfordrande situasjon med eit klima som aukar rasfaren fleire stader.
– No blir det berre verre og verre. I dag går det ras der ingen kan huske det har gått ras før, seier han.
Draumehuset
Sara Marie Søvik hadde budd i blokka i Fjelltunvegen i Ålesund i fire år, saman med mora, faren og katten Cassandra då det uverkelege skjedde.
Sara Marie Søvik og mamma Gerd Solheim like før dei flytta inn i det nye huset.
Foto: PrivatDet var draumehuset til arkitektparet Ole Søvik og Gerd Solheim. Nær bysentrum og med ei fantastisk utsikt.
– Dei var så stolte av at dei teikna huset dei skulle bu i resten av livet sitt, fortel Sara.
Fjelltunvegen 31 var ei blokk med ti leilegheiter fordelt på seks etasjar.
Familien flytta inn i den eine av to leilegheiter i fjerde etasje. Sara var det einaste barnet som budde i blokka.
Ho ringde stadig på dørene til dei andre, og fekk gjerne komme inn.
– Eg følte meg ganske nær naboane, i motsetning til mange andre barn, for eg har ingen søsken. Det var eit godt miljø.
Sara og Ole Søvik.
Foto: Remi Sagen / NRKKatten
25. mars 2008 var ein heilt vanleg kveld for familien Søvik.
Likevel var det noko som ikkje stemte.
Då Sara hadde lagt seg om kvelden, var katten Cassandra uvanleg klengete og hoppa opp i senga hennar. Ho brukte ikkje vere slik.
Sara jaga pus ut av rommet, og tenkte den heller kunne gå og plage foreldra.
– Ho var litt rar den kvelden. Det verka som ho visste at noko skulle skje.
Lydar frå fjellet
Ut på natta klarte katten å vekke foreldra til Sara.
Ho mjaua og laga leven heilt til dei sto opp og slapp henne ut.
Etterpå blei faren Ole liggande vaken i senga og høyre på ein merkeleg lyd frå fjellet bak blokka.
Det var ein svak lyd som minna om rennande vatn.
Rundt om i huset låg også fleire naboar vakne og høyrde på lydar.
Tapp, tapp, tapp.
Var det ein ball som blei trippa i golvet no? Midt på natta? Var folk oppe og gjekk?
Han høyrde at noko bevega seg.
Like etter var det eitt eller anna som fall og landa langt der nede.
Lyden av at betong blei knust.
Klokka er 0335, onsdag 26. mars, 2008.
– Det neste eg kan hugse er at heile huset fall. Det var nærast ein følelse av å vere vektlaus. Ein merkeleg, merkeleg følelse når du er i eit hus og føler at bakken forsvinn under deg.
Han visste enno ikkje kva som hadde skjedd, men ein einaste tanke slo ned i hovudet hans:
– Sara!
Leilegheita etter raset
Aldri sleppe taket
Ole Søvik kom seg raskt ut av senga. Sprang berrbeint gjennom glasskår og hoppa over velta møblar for å kome seg inn på rommet til dottera.
– Det var slik ein kunne tenke seg ein krigssituasjon er.
Døra til barnerommet hadde blitt så skeiv at ho sat heilt fast.
Men faren fekk uante krefter og klarte å kome seg inn likevel. Han kunne så vidt skimte henne der inne.
Det var heilt mørkt og fullt av støv, men der sto ho i ein kvit pysjamas.
Forvirra, men heilt uskadd.
Han løfta henne opp og bestemte seg for å aldri sleppe taket før ho var trygg.
Kona Gerd hadde kreft og måtte for all del ikkje kutte seg opp. Ho tok på dei tjukkaste sokkane ho fann i håp om å stenge ute glasskåra.
I eit garderobeskap like ved fann Ole ei lykt slik at alle tre kom seg gjennom den mørklagde gangen og bort til naboane.
Stigen
I naboleilegheita var det to uskadde personar. Dei fortalde at naudetatane var varsla og på veg.
Den naturlege rømmingsvegen var ut på balkongen, men glasdøra sat fast. Ole fekk tak i ein stol og knuste døra.
Han ensa ikkje at han blødde frå fleire kutt i arma og under beina der knust glas bora seg inn.
Faren løfta Sara ut på balkongen. Den kvite pysjamasen hennar blei farga raud av blod.
Der ute fekk dei kontakt med fleire andre naboar som sto på balkongane sine og venta på hjelp.
Det var det sju minusgrader, og dei fleste hadde minimalt med kle på seg.
Alt var merkeleg stille. Ingen blålys.
– Vi sensa alt då at dette kunne vere veldig alvorleg. Særleg for dei som budde lenger ned i bygget, seier Ole.
Ein nabo kom til med ein stige for å hjelpe.
– Eg hugsar at kona mi sa til meg: – Den stigen er for kort, fortel Ole Søvik.
– Men eg svarte at eg trur ikkje vi er i fjerde etasje lenger. Og det viste seg å stemme. Stigen som blei brukt nådde akkurat opp til balkongen vi var på.
Klokka nærma seg 0400.
Det blei slått full katastrofealarm i Ålesund.
Men framleis var det få som forstod at to etasjar i blokka der tjue personar låg og sov, var delvis knust av 6500 tonn stein.
Redningsaksjonen
Den erfarne ambulansearbeidaren Bengt Arne Mosesen var på nattevakt saman med ein kollega, tolv kilometer unna.
Han var på veg for å hente ein pasient som skulle på legevakta.
Halvvegs fekk han beskjed om å snu.
Meldinga som kom over radioen var vanskeleg å ta inn over seg.
– Det var ei blokk som hadde rast saman. Det var ei heilt surrealistisk melding, seier Mosesen.
Kollegaen kunne ikkje forstå at dette stemte, for han var godt kjent i området, og visste at bygget var nesten heilt nytt.
Då dei kom fram, var det heilt mørkt og merkeleg stille. Dei var dei første redningsfolka på staden.
– Blokka sto der, men ikkje der ho brukte å stå. Og vi leita etter vegen til naboblokka. Den var vekk.
Mosesen høyrde rop frå balkongen over seg. Der oppe sto Ole, Gerd, Sara og to naboar.
– Eg huskar eg tok ned barnet først. Så fekk eg geleida dei andre ned stigen.
Mosesen og kollegaen evakuerte alle dei kunne nå utan lift. Fleire redningsfolk kom til.
– Så gjekk eg inn i blokka. Eg kjende det lukta gass, og tenkte: smell det, så smell det.
Bengt Arne Mosesen gjekk inn i det samanraste huset utan tanke på at det kunne vere farleg. Ambulansearbeidaren prøvde å komme seg inn i trappehallen for å gå nedover i etasjane og leite etter folk.
Dørene sat fast, men han fekk sparka opp den eine.
– Der inne var det berre eit stort tomrom. Det var ikkje trapper der lenger, fortel han.
Han ropte ned i det tomme holet, men fekk ingen svar.
Inn i ruinane
Mosesen kom seg ut av blokka og begynte å orientere brannfolka som var komne til staden.






Klokka var 04.28. Nesten ein time sidan blokka raste saman.
Bak huset kunne redningsmannskapa skimte enorme mengder stein som hadde rasa ut frå fjellet bak og smadra dei nedste etasjane.
Huset hadde flytta seg fleire meter framover.
Dei åla seg inn i ruinane for å berge ei dame som sat fast. Dei fekk ut kvinna, og ville inn for å leite etter fleire. Der inne var lufta var full av støv, og det låg ting over alt.
Mosesen og kollegaene forstod at dei måtte hente sikkerheitsutstyr for å kunne fortsette leitinga.
Men før dei hadde fått henta alt utstyret, fekk dei stoppordre. Ingen fekk lov å gå inn i bygget.
Fem personar som låg og sov i dei to nedste etasjane av blokka var framleis sakna.
Gasslekkasjen
Gasslukta ambulansearbeidar Bengt Arne Mosesen hadde kjent då han gjekk inn i blokka blei sterkare.
Han varsla over radioen at alle som ikkje hadde noko å gjere i området, måtte komme seg vekk.
Femten personar var evakuerte frå blokka, og dei jobba med å få folk ut av nabohusa.
Lukta kom frå ein stor tank som forsynte leilegheitene med gass. Tanken var graven ned ved den samanraste blokka.
Det var umogleg å kome til og finne ut kvar lekkasjen kom frå. Det begynte å brenne kraftig ved tanken, samtidig gjekk det eit nytt ras bak blokka.
Eksplosjonsfaren var stor. Gasstanken kunne gå i lufta når som helst. Det var også fare for lekkasje til kloakkrøyr slik at ein heil bydel var utsett.
500 personar måtte evakuerast. Og det så fort som mogleg.
Skaut hol på gasstanken
Brannvesenet bestemte seg for at det beste var å la gasstanken tømme seg sakte, men sikkert, og lét gassen brenne kontrollert.
Samtidig spylte dei vatn på blokka med vasskanonar for å kjøle ned bygget.






Etter nokre dagar fekk dei saga seg gjennom betong og kom inn til tanken.
Det var no slått fast at det ikkje var håp om å finne dei fem sakna i live.
Ein skarpskyttar frå politiet fyrte av eit skot mot tanken slik at meir av gassen kunne sive ut.
Det hadde gått ei veke sidan ulykka. Eksplosjonsfaren var over, og dei fleste naboane kunne flytte heim att.
Sara og familien hadde funne seg ein midlertidig plass å bu. Dei kunne ikkje flytte tilbake på fleire år. Det var ekstra sårt for den åtte år gamle jenta at katten Cassandra var borte.
Men så kom endeleg ei god nyheit i alt det triste.
– Redningsmannskapa hadde funne henne. Dei lokka henne til seg med eit pizzastykke. Cassy elskar pizza, fortel Sara.
Leiteaksjonen
Etter at geologane fekk sjekka at det ikkje var fare for at blokka skulle rase meir saman, kunne arbeidet med å få ut dei omkomne starte.
Leitemannskapa hadde ei svært vanskeleg oppgåve.
Ambulansesjåfør Bengt Arne Mosesen var også med på søket. Han ville ikkje forlate blokka i Fjelltunvegen før oppdraget var fullført.
– Det var ikkje spørsmål ein gong. Vi var ikkje ferdige før alle var funne.
Det skulle ta tre veker. 17. april 2008 blei den siste omkomne tatt ut av ruinane.
Fem menneske som budde i dei to nedste etasjane omkom momentant natt til 26. mars 2008, i Fjelltunvegen 31 i Ålesund.
Etterspel
For Sara var det grusomt tungt at fem av naboane ho var så glad i omkom i ulykka.
Ein heil by var i sjokk og sorg. Aviser, radio- og TV-kanalar frå mange land hadde følgt saka tett.
Dronning Sonja kom til sørgegudstenesten som blei arrangert, og bilda av den samanraste blokka gjekk verda rundt.
No var det viktig å finne svar.
Spesielt for dei som hadde mista sine kjæraste. Korleis kunne fjellet rase ut bak ei heilt ny bustadblokk?
Varaordførar i Ålesund Lodve Solholm helsar på Dronning Sonja etter sørgegudstenesten i Volsdalen kyrkje i Ålesund i mars 2008.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTBPolitiet starta gransking, og eit regjeringsoppnemnt utval vart sett ned for å undersøke kva som hadde skjedd.
Det blei konkluderte med at det var utsprenginga av tomta som gjorde fjellet bak blokka ustabilt.
Dei 137 boltane som vart sett inn for å sikre fjellsida bak huset, vart røska ut av raset.
Utvalet slo fast at ein heretter må stille krav til geologiske undersøkingar også etter utsprenging av fjell når ein skal bygge hus.
Ein av europas fremste fjellskredekspertar, Lars Harald Blikra, sat i utvalet.
Lars Harald Blikra.
Foto: Sissel Brunstad / NRKHan er no seksjonssjef i NVE og meiner denne hendinga var med på å understreke behovet for at ein nasjonal etat fekk eit overordna ansvar for at nasjonen tar skredrisiko på alvor.
Det blei i etterkant gjort endringar i plan- og bygningslova for å sørge for at skredfare blei vurdert og undersøkt tilstrekkeleg ved ny utbygging.
– Ulykka og den oppfølgande rapporten førte generelt til auka fokus og ressursar til å bygge fagkompetanse og få ei betre kartlegging og kunnskap om skredfare i Noreg. Dette blei enda meir forsterka i etterkant av det store kvikkleireskredet i Gjerdrum 20. desember 2020, seier han.
Granskinga av ulykka viste at det var utsprenging av tomta som hadde gjort fjellet bak blokka ustabilt.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTBIngen lovbrot
Politiet la vekk saka etter ulykka i Fjelltunvegen i Ålesund 9. februar 2009, fordi dei ikkje fann bevis på at nokon hadde brote lova.
Det var tungt for dei etterlatne at ingen blei stilt til ansvar.
Dei blei også snart del av ein bitter konflikt når sameiget vedtok at dei skulle bygge opp att ei nesten heilt lik blokk i Fjelltunvegen 31.
Det blei drøfta fram og tilbake, men til slutt vedtok fleirtalet at blokka skulle byggast opp att.
Arkitektekteparet Ole Søvik og Gerd Solheim var blant dei som ville gjenreise blokka.
Men Ole brukte mykje tid på å vurdere om det var trygt for Sara å flytte inn igjen.
Konklusjonen blei ja.
Ole Søvik i Fjelltunvegen 31
Foto: Remi Sagen / NRKInnflytting
Sara hadde også eit anna tungt alvor i livet.
Kreftsjukdommen til mora var blitt verre.
Medan Gerd Solheim justerte teikningane til den nye blokka, var heile familien klar over at ho aldri skulle flytte inn igjen sjølv.
Pappa Ole Søvik tenkte også mykje på om dei som arkitektar kunne gjort noko annleis for å unngå at blokka dei hadde teikna, blei knust av raset.
– Dersom vi ikkje hadde gjort noko som helst, berre latt denne tomta ligge, hadde ikkje Fjelltunulykka vore ein realitet. Men om ein skal begynne å tenke sånn i livet, er det veldig mykje ein kan stille spørsmål ved.
Fjelltunvegen blir bygd opp att.
I mai 2011, tre år etter ulykka, kunne Sara, pappa og katten Cassandra flytte inn igjen i fjerde etasje i Fjelltunvegen 31.
Mora døydde hausten før.
– Sidan ho har hjelpt til gjennom nesten heile byggeprosessen, føler eg at ho framleis er der, seier Sara Marie Søvik.
Sara har no flytta ut, men katten Cassandra (20) og pappa Ole bur framleis i Fjelltunvegen 31.
Det er heime.
– Å oppleve noko som dette, gjer at du veks opp alt for fort. Men det viktigaste for meg er å takke alle som har støtta oss.