Hopp til innhold

Opna nytt kontor i Ålesund

Kongsberg satsar på sjømilitæret og aukar satsinga mot den maritime klynga på Sunnmøre. I dag opna dei eit sjømilitær kontor i Ålesund.

Geir Håøy er konserndirektør i Kongsberg Gruppen. Han meiner det er naturleg at det nye kontoret blei oppretta i nettopp Ålesund.

– Det er ikkje tilfeldig. Dette er basert på det vi ser i langtidsplanen til Forsvaret. Noreg er i gang med store investeringar, ein skal anskaffe fregattar og ein heilt ny flåte for Sjøforsvaret. Her er vi midt i den maritime klynga på Sunnmøre. Kongsberg er her jo frå før, men vi ønskjer å styrke den sjømilitære satsinga vår, seier han.

Ei gruppe menn i dress, ser på ein mann i dress som klipper av ei snor.
Foto: Tore Ellingseter / NRK