Hopp til innhold

Vil bli best i verda på to hjul

Konsentrasjon, balansekunst og luftige hopp. I år har 16-åringen vunne alt: NM, nordisk og EM.

en person som sykler på en grussykkel

SYKKELKUNSTNAR: Patrick Bjørnland Larsen kan få til det aller meste med ein motorsykkel.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Patrick Bjørnland Larsen gir full gass, og no seier han rett ut at han vil bli best i verda.

I terrenget og på berget terpar sunnmøringen på detaljane som skal føre han frå europatoppen for junior og inn i verdseliten.

Vi møter han i intens og målretta trening på motorsportsenteret til Skodje Trialklubb på Håhjem.

en mann som sykler på en grussykkel

Etter gull i junior-EM, set Patrick Bjørnland Larsen seg endå høgare mål.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Hevar ambisjonane

I trialsporten handlar det om å halde seg på sykkelen. Ein fot i bakken eller ein velt gir prikkar.

Det er kort veg frå suksess til fiasko, men denne sesongen har 16-åringen vore stabil og vunne dei store meisterskapa.

– Neste år skal eg køyre VM-rundar, og på sikt skal eg heilt opp i verdstoppen.

en person som kjører motorsykkel

Han har halde på sidan treårsalderen. No satsar 16-åringen for fullt på ein internasjonal karriere.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Var på TV som treåring

Allereie som treåring var Larsen i full gang. I eit TV-innslag på NRK i 2012 imponerte han med ferdigheitene sine. Då hadde han nettopp tatt av støttehjula!

I Skodje er trial ein idrett som samlar mange ungdommar.
Men han du skal få møte no er ein god del yngre enn dei andre. Han er motorsykkelmiljøet sin eigen maskot.

I dette Norge Rundt-innslaget frå 2012 møter vi Patrick Bjørnland Larsen, som allereie då utmerka seg i trialmiljøet.

Tretten år seinare er guten på veg inn i det internasjonale toppsjiktet. Familien køyrer opp mot førti tusen kilometer i året i samband med trial-satsinga. Faren Kenneth Urke Larsen er begeistra over det sonen har fått til.

– Det er heilt rått. Han er flink til å trene, og han gjer den jobben som må til for å bli god.

En gruppe mennesker på motorsykler

Mora Chanielle Bjørnland, faren Kenneth Urke Larsen og broren Philip (t.h.) er viktige støttespelarar i trialsatsinga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Europameisteren har ingen planar om å gi seg. Han har ein draum han håper å få realisert ein dag:

– Det gjeld å setje seg høge mål. Eg vil bli best i verda!

Slik ser det ut når europameister Patrick Bjørnland Larsen trenar.