Hopp til innhold
Havila-skip i opplag
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Den maritime klynga

Oppsummert

Den maritime klynga består av verft, reiarlag, leverandørar, organisasjonar og forsking- og utvikling som alle bidreg til å utvikle næringa.

  • Ny kontrakt til Ulstein

    Ulstein Design & Solutions AS har signert ein kontrakt med Tersan Shipyard. Dette på to metanoldrivne konstruksjonsstøttefartøy for havvindindustrien. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Skipa skal byggast for det nederlandske reiarlaget Acta Marine.

    Acta Marine har allereie signert ein 12-årskontrakt med RWE for skipa, som går ut på at dei støtte vindparkar i Nordsjøen. Fartøya har base i Grimsby og vert venta å settast i arbeid i 2025 og 2026.

    Ulstein Design & Solutions AS har signert ein kontrakt med Tersan Shipyard på to metanoldrivne ULSTEIN SX216 konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for havvindindustrien
    Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions AS
  • Holding-selskap konkurs

    Eigarselskapet Golden Energy Offshore Management Holding er konkurs. Det framgår av dokument hos tingretten.

    Gjelda i selskapet skal vere på om lag 10 millionar kroner. Selskapet skal ikkje vere i stand til å betale forpliktelsane sine etter kvart som dei forfell, heiter det i kjennelsen frå tingretten.

    Konkursen skal ikkje ha følgjer for drifta av skipa til Golden Energy Offshore.

  • Ser positivt på 2023

    Eqva ASA i Fosnavåg i Herøy har hatt ein solid start på 2023, viser rapporten for første kvartal. Konsernet hadde inntekter på 200 millionar kroner, noko som er ein auke på over 13 prosent frå førre kvartal. Auka omsetning, sterke driftsresultat, ei solid ordrebok og fleire viktige kontraktar gjer at administrerande direktør Erik Høyvik, særleg innan den maritime sektoren, framleis ser positivt på 2023.

    Erik Høyvik, Administrerende direktør i Eqva ASA
    Foto: Siv-Elin Nærø
  • Nye kontraktar til Island Offshore

    Ulsteinvik-reiarlaget Island Offshore har sikra seg kontraktar for over ein halv milliard kroner. Kontraktane er fordelte på arbeid over to år.

    – Kontraktane stadfestar det positive marknadsbildet. Tildelingane er særs viktige for arbeidsplassane i selskapet, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i ei pressemelding (bildet).

    Flåten til Island Offshore tel no 21 skip, som totalt sett har hatt ein bra start på 2023, heiter det vidare i pressemeldinga.

    Tommy Walaunet, Island Offshore
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Ny jobb i havbruksnæringa

    Eldreombod Bente Lund Jacobsen er tilsett som dagleg leiar i havbruksselskapet Global Aquaculture Tech Hub i Ålesund.

    Lund Jacobsen har vore eldreombod sidan embetet blei etablert i Ålesund i 2020 og blir lagt ned til sommaren.

    Global Aquakulture Tech Hub er etablert av sentrale aktørar i havbruksnæringa. Selskapet arbeider mellom anna for å løyse utfordringar innan fiskevelferd og bere kraft.

    Bente Lund Jacobsen
    Foto: Pressebilde / GATH
Det er eit stort potensial i havvind i åra som kjem. Det meiner bransjeorganisasjon Norwegian Energy Partners I dag eksporterer Noreg teknologi og tenester for 7-9 milliardar kroner i året knytta til havvind. Om vel 10 år kan dette aukast til minst 50 milliardar kroner. Blant norske aktørar har mellom andre Ulstein Group skaffa seg ein god posisjon...
Havila i Herøy får drive fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL