Hopp til innhold

Våre topp ti pastafavorittar

Viss du er i karantene eller isolasjon har du kanskje sikra deg nokre ekstra pakkar pasta. Då kan du sleppe kreativiteten laus på dei mest populære pastaoppskriftene våre.

Mac'n baconcheese

KLASSIKAR: Mac'n cheese med bacon blir truleg ein vinnar i år òg. Oppskrifta finn du lengre nede i saka.

Foto: Rolf Tikkanen Øygarden

Vi har henta ut NRK Mat sine ti mest lesne pastarettar frå i år og i fjor.

Topp 5 frå 2019

5. Cacio e Pepe

Dette er ein av dei enklaste pastarettane du kan lage. Med parmesanen som primær smaksgjevar kan du trylle deg fram ei italiensk oppleving på kort tid.

4. Pastagryte

I alt-i-eitt-gryta har Lise Finckenhagen pasta, kjøttsaus og masse gode smakar. Best av alt er at den krev minimalt med innsats, og gir nesten ikkje oppvask!

3. Klassikaren Mac'n cheese

Makaroni, boblande ostesaus, meir ost og toppa med sprøsteikt bacon! Kokk Rolf T. Øygaarden lurer: Kan det bli betre? Neppe!

2. Pasta med ostesaus

Varm, velsmakande pasta i fyldig ostesaus med smaksrik chorizopølse. Du skal ha stålvilje for å ikkje la deg freiste av oppskrifta frå Rolf Øygarden.

1. Lettvint carbonara

Ein sikker vinnar! Kanskje ikkje så rart når du i denne oppskrifta får tips om korleis lage den perfekte, glinsande og skinande sausen til pasta carbonara.

Topp 5 frå 2020

5. Lasagne

Lise Finckenhagen lagar kjøttsaus som skal koke ein halvtime, og bruker både mozzarella og parmesan i ostesausen.

4. Pasta arrabbiata

Arrabbiata betyr «sint» på italiensk, og derfor blir denne retten gjerne kalla for «sint pasta» på norsk. Årsaka er den sterke tomatsausen med mykje chili. Denne pastaoppskrifta frå Renée Fagerhøi er både sunn, vegetarisk og rik på smak.

3. Pasta al limone

Denne heilt ferske oppskrifta frå Rolf T. Øygarden er ei perle av ein rett. Ho er forbløffande enkel å lage og fantastisk god. Pasta, frisk sitron, pepar og fløyte i ein vedunderleg kombinasjon, som får gjestene dine til å applaudere og rope bravissimo!

2. Klassikaren som skal koke lenge

Spagetti bolognese finst i mange variantar. Det blir sagt at sausen har opphavet sitt i nærleiken av Bologna. Eit italiensk ragù, eller kjøttsaus, skal koke lenge. Då blir den best, meiner Lise Finckenhagen.

1. Siciliansk pasta

Dette er ein enkel smakfull pasta som du lagar på ein halvtime. Viss du er heldig å ha restar igjen, smaker den òg nydeleg kald. I retten blir det brukt fusilli, som er pastaskruar.