Hopp til innhold

Ti personar som burde fått Oscar

Trass fem tidlegare nominasjonar, så har Leonardo DiCaprio aldri vunne Oscar. Blir han forbigått i år igjen, så er han ikkje åleine. Her er ti personar som burde fått Oscar.

Leonardo DiCaprio

NOMINERT: «The Revenant» har heile 12 nominasjonar til Oscar. DiCaprio er nominert for beste mannlege hovudrolle. Kanskje det blir hans første Oscar?

Foto: 20th Century Fox

Det finst fleire av dei som aldri fekk ein Oscar, eller The Academy Awards som det heiter.

Birger Vestmo og Marte Hedenstad i Filmpolitiet på P3, og Vegard Larsen i Filmmusikk på P2, har valt sine favorittar av regissørar og skodespelarar dei meiner burde fått Oscar for si rolle.

Den første favoritten frå Birger og Marte, Leonardo DiCaprio, kan faktisk vinne i år.

Leonardo DiCaprio (født 1974)

Leonardo DiCaprio

Med seks nominasjonar, der fire er for beste mannlege hovudrolle, ein for beste mannlege birolle, og ein for beste film, så meiner Hedenstad og Vestmo at DiCaprio fortener ein Oscar i år.

Foto: Jason Merritt / Afp

Av alle filmane på nominasjonslista for Oscar 2016, så er det filmen The Revenant som merkar seg mest ut, med heile 12 nominasjonar. Blant dei er DiCaprio nominert for beste mannlege hovudrolle.

– Eg satsar på at han endeleg får ein Oscar i år, for sin fåmælte, men sterke prestasjon i The Revenant, seier Hedenstad.

– La det vera Leo sitt år i år! DiCaprio har hatt maks uflaks med dei skodespelarane han har vore nominert saman med, seier ho.

Årets nominasjon er den fjerde DiCaprio har fått for beste mannlege hovudrolle, og det for ei rolle han alt har hausta prisar for. Han har tidlegare også vore nominert for beste birolle.

– Han blei verkeleg snytt for ein pris då Tommy Lee Jones vann for beste mannlege birolle for Jaget i 1994. DiCaprio var strålande som Arnie i Hva er det med Gilbert Grape, og han burde ha fått ein Oscar allereie då, i ein alder av 20, seier Hedenstad.

Også Vestmo meiner DiCaprio fortener ein Oscar i år.

– Han har levert, jamt over, ekstremt godt skodespel i film etter film, heilt sidan Hva er det med Gilbert Grape. Han har vunne mange prisar, her og der, men han manglar ein Oscar, seier Vestmo.

– Kanskje dette er DiCaprio sitt år i år, seier han.

LES: «The Revenant» stakk av med fem Bafta-priser | DiCaprio og Larson hyllet av sine egne | – Det er på tide å anerkjenne urfolks historie

Alfred Hitchcock (1899–1980)

Alfred Hitchcock

Trass fem nominasjonar for beste regi, så fekk Alfred Hitchcock aldri Oscar.

Foto: HO / REUTERS

Hitchcock blei nominert fem gonger for beste regi, for filmane Rebecca i 1941, Livbåten i 1945, Trollbundet i 1946, Vinduet mot bakgården i 1955, og Psycho i 1961.

– Regissørlegenden vann aldri Oscar for beste regi, men han fekk rett nok Irving G. Thalberg Memorial Award i 1968, seier Vestmo.

– Det er heilt sprøtt at Hitchcock aldri vann Oscar for beste regi, seier Hedenstad.

Vegard Larsen meiner også at Hitchcock ikkje burde vore forbigått i Oscar-samanheng.

– Han er ein av dei verkelege meistrane i filmhistoria, og han burde vunne for både Vinduet mot bakgården og Psycho. Han burde også vunne for Vertigo i 1958, men med den filmen blei han ikkje eingong nominert, seier Larsen og får medhald av Hedenstad.

– Thrilleren Vertigo er strålande regihandverk. Då hjelper det lite at Hitchcock fekk ærespris i 1968. Eg trur han tenkte det same, for det einaste han sa då han fekk prisen var «thank you», før han gjekk ned igjen, seier Hedenstad.

LES: Her er Hitchcocks første film
LES: Vertigo er verdens beste film

Dusjscenen i «Psycho»

Dusjscenen i «Psycho» er velkjent, men Alfred Hitchcock fekk aldri Oscar for beste regi.

Foto: AP

Stanley Kubrick (1928–1999)

Stanley Kubrick i 1988

Amerikanske Stanley Kubrick fotografert i 1988. Han fekk aldri Oscar for beste regi.

Foto: Ap

Nærmast alle filmane til Kubrick var anten nominert til ein Oscar eller ein Golden Globe. For beste regi vart han Oscar-nominert fire gonger.

– Den einaste Oscar-prisen han fekk var beste visuelle effektar for 2001: En romodyssé. Det året gjekk regiprisen til Carol Reed for musikalen Oliver!, så forstå det den som kan, seier Larsen.

Han får medhald av kollega Vestmo.

– Med hans merittliste verkar det som ein heilt utruleg prestasjon å oversjå Kubrick i Oscar-samanheng. Oscar-prisen til 2001: En romodyssé var vel den einaste ein Kubrick-film har fått, noko som verkar heilt absurd når me ser det med 2016-auge, seier Vestmo.

Hedenstad meiner at når ein regissør som Kubrick ikkje får Oscar, så viser at akademiet av og til tar feil.

– Kubrick si skildring av krigen i Vietnam i Full Metal Jacket kunne lett ha vore ein vinnarkandidat, seier Hedenstad.

– Det merkelegaste er at han ikkje fekk prisen for beste regi for 2001: En romodyssé. Filmen er eit meisterverk som også har hatt stor påverknad på utviklinga av science fiction-sjangeren, seier ho.

Tom Cruise (født 1962)

 Tom Cruise waves towards photographers during the 84th Academy Awards in Hollywood

Vestmo håpar Tom Cruise igjen prøver seg på roller med litt kjøtt på beinet, slik at han kan hanke inn ein Oscar.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Tom Cruise har vore nominert tre gonger for beste mannlege hovudrolle, for Født 4. juli i 1990, for Jerry Maguire i 1997, og for Magnolia i 2000.

Både Vestmo og Hedenstad slår eit slag for Cruise.

– Etter Top Gun i 1986, så blei han sett på som ein pen mann, og ikkje så mykje anna. Men, viss me ser på både Cocktail og Rain Man, og spesielt Født 4. juli som kom i åra etter Top Gun, så leverte han skodespel der av ekstremt bra merke, seier Vestmo.

Han meiner Cruise burde ha vunne Oscar for Født 4. juli, og det meiner også Hedenstad.

– Cruise spelar med ei truverd som er imponerande og som absolutt er Oscar-verdig. No var det rett nok Daniel Day-Lewis som vant det året for Min venstre fot, så det er jo litt vanskeleg å seie at det var ufortent, seier ho.

Charles Spencer Chaplin (1889–1977)

Chaplin Chaplin, bilde fra filmens Byens lys

Chaplin fekk Oscar, men aldri for beste mannlege hovudrolle.

Foto: Anonymous / Ap

Charlie Chaplin fekk tre Oscar, ein for beste filmmusikk, ein æres-Oscar i 1972, og ein Oscar i 1929, for Sirkus. Men, han fekk aldri Oscar for beste mannlege hovudrolle.

Han var nominert for denne prisen ein gong, for Diktatoren i 1940.

– Rolla blei nok vurdert for lett, seier Larsen.

Chaplin fekk altså ikkje Oscar for å spele i stumfilmar, og heller ikkje for rolla si i Diktatoren, som er skodespelaren sin første eigentlege talefilm.

– 71 år seinare fekk Jean Dujardin Oscar for si rolletolking i stumfilmen The Artist, så Diktatoren kom med andre ord litt for tidleg, seier han.

LES: Landstrykeren som ble diktator

Charlie Chaplin i "Diktatoren"

Charlie Chaplin i «Diktatoren».

Foto: SCANPIX

Ridley Scott (født 1937)

Ridley Scott

Både Hedenstad og Vestmo meiner Ridley Scott fortener ein Oscar. Han har vore nominert tre gonger for beste regi.

Foto: Peter Kramer / AP

Ridley Scott har vore nominert til Oscar fire gonger, tre gonger i regikategorien, og det for filmane Thelma & Louise i 1992, Gladiator i 2001 og Black Hawk Down i 2002.

– Det er ein av mine favorittregissørar. Han har jo vore aktiv heilt sidan 1977, og har levert, jamt over, godt og solid, og i nokre tilfelle heilt fantastisk. Då tenker eg mest på dei tidlegaste filmane hans, som Alien frå 1979 og Blade Runner frå 1982, seier Vestmo.

– Dei står som klassikarar i ettertid, men dåtida sitt Oscar-akademi hadde ikkje like stor sans for dei. Det kan godt hende det var betre filmar som vann dei åra, men me har ofte sett at det ikkje er dei filmane som vinn Oscar folk hugsar best, seier han.

Scott har framleis sjansen til å vinne Oscar, men vart ikkje nominert for beste regi for The Martian – strandet på Mars i år. Frå tidlegare meiner Hedenstad at Scott har hatt uflaks med kven han har vore nominert saman med.

Thelma & Louise er ein strålande film, som elles fekk pris for beste manus, men at Jonathan Demme vann for Nattsvermeren det året kan vel ingen klage over, seier ho.

– Året Scott burde ha fått regiprisen er 2002, då han tapte for Ron Howard og A Beautiful Mind (red. anm. Et vakkert sinn). Den filmen er flott altså, men Scott gjorde eit framifrå regiarbeid med realistiske krigsskildringar i Black Hawk Down, legg ho til.

Cary Grant (1904–1986)

Cary Grant

Cary Grant spelte inn meir enn 70 filmar i si filmkarriere. Han fekk aldri Oscar for beste mannlege hovudrolle.

Foto: SCANPIX Sverige / SCANPIX

Cary Grant vart nominert for beste mannlege hovudrolle to gonger, i 1942 for Penny Serenade, og i 1945 for None But the Lonely Heart.

– Men skodespelaren, som ifølgje Det amerikanske filminstituttet er den nest største mannlege stjerna i filmgullalderen, blei aldri vurdert god nok til ein Oscar, seier Larsen.

– Han burde fått Oscar for både North by Northwest og An Affair to remember, seier han.

Grant fekk likevel ein Oscar, men då var det æres-Oscar han fekk, i 1970.

Orson Welles (1915–1985)

Orson Welles

Orson Welles fekk til slutt æres-Oscar. Vegard Larsen meiner Welles burde vunne Oscar for «Citizen Kane».

Foto: Scanpix/AP

Welles vart nominert til Oscar både for beste regi, beste mannlege hovudrolle, og beste originalmanus for filmen Citizen Kane, i 1942.

Det vart Oscar, men berre for beste originalmanus.

– At Welles ikkje fekk Oscar for sin regidebut med Citizen Kane er ein av dei største forbigåingane i Oscar-akademiets historie, seier Larsen.

– I 1942 fekk i staden John Ford regiprisen, for filmen Grønn var min barndoms dal, seier han.

Seinare, i 1971, fekk likevel Orson Welles æres-Oscar.

LES: Orson Welles' film får premiere etter 75 år

Glenn Close (født 1947)

Glenn Close

Glenn Close har vore nominert seks gonger til Oscar. Hedenstad og Vestmo meiner ho fortener ein Oscar.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Close har vore nominert for heile seks gonger for beste kvinnelege hovudrolle mellom 1983 og 2012. Ho vart blant anna nominert for Farlige forbindelser i 1988 og Albert Nobbs i 2011.

– Ho burde fått Oscar for sin prestasjon i Farlig begjær, då ho tapte for Cher og Forhekset av månen, seier Hedenstad.

Også Vestmo meiner Close burde fått Oscar for denne rolla.

– Viss me tenkjer tilbake på filmane frå 1988 og kva roller me hugsar best, så er det heilt klart Glenn Close i Farlig begjær som sit spikra i mange sitt minne, seier Vestmo.

– Men, det er sett i etterpåklokskapens lys. Det er noko anna no, enn der og då, men eg hadde unna Close ein Oscar, seier han.

Thelma Ritter (1902–1969)

Thelma Ritter

Thelma Ritter under promoteringa av filmen «All About Eve». Ho var nominert heile seks gonger for beste birolle, men fekk aldri Oscar.

Foto: Ukjent / Wikimedia Commons

Thelma Ritter vart nominert for beste birolle heile seks gonger i perioden 1951 til 1963, men fekk aldri nokon Oscar.

Ho vart nominert for filmar som All About Eve (red. anm. Alt om Eva) i 1951, The Mating Season i 1952, With a Song in My Heart i 1953, og Pickup on South Street i 1954.

– Når du er nominert til seks Oscar for beste birolle, då fortener du iallfall ein. Og Thelma Ritter burde verkeleg vunne for si rolle i All About Eve i 1951, seier Larsen.

– Filmen fekk dessutan seks Oscar-prisar det året, seier han.

LES: Kritiserer helhvite Oscar-nominasjoner | Varsler endringer for Oscar-juryen | Endrar reglane for Oscar-talar

LES: Sju genierklærte filmer du skulle trodd vant Oscar, men som ikke gjorde det | Topp 5: Oscarskandaler

HØYR: NRK Radio – Filmmusikk, Oscar-spesial

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.