Endrar reglane for Oscar-talar

Oscar-produsentane vil ha mindre takk og meir tale frå prisvinnarane. På den måten håper dei talane skal bli meir sjåverdige for publikum.

US-OSCARS-SHOW

Patricia Arquette brukte takketalen til å ta opp likeløn mellom mannlege og kvinnelege skodespelarar då ho vann Oscar i fjor.

Foto: ROBYN BECK / Afp
Espen Alnes
Journalist

Under ein presselunsj med dei nominerte i natt, fortalde Oscar-akademiet at dei ønsker mindre oppramsing av namn, og meir innhald når prisvinnarane skal takke for prisane 28. februar.

Alle dei nominerte blir no oppmoda til å levere ei liste over med namn på personane dei ønsker å takke. Når vinnaren skal halde takketalen, legg tv-produsentane ut takkelista som ein rullande tekst nedst på skjermen.

– Må tenke nytt

US-ENTERTAINMENT-OSCAR-NOMINEES-LUNCHEON

Tv-produsentane Reginald Hudlin og David Hill vil ha bort oppramsing av namn i takketalane.

Foto: ROBYN BECK / Afp

– Takketalane har blitt ei lang liste med namn. Som oftast renn tida ut før ein får sagt noko av det som ligg ein på hjartet. Vi må tenke nytt om korleis dette kan bli ei betre oppleving for alle, sa tv-produsenten David Hill til The Hollywood Reporter.

Det kan opne for fleire meiningsutspel frå podiet under utdelinga.

I fjor var likeløn mellom kvinnelege og mannlege skodespelarar ein av dei store snakkisane, etter at Patricia Arquette tok dette opp i takketalen sin då ho vann pris for beste birolle i filmen «Boyhood».

I år kan #OscarsSoWhite-kampanjen bli ein gjengangar. Mange har reagert på det manglande mangfaldet blant dei nominerte i år. Blant anna er alle dei nominerte i skodespelarklassene kvite. Det har ført til at fleire kjende skodespelarar og regissørar har sagt dei vil boikotte utdelinga.

Stallone vurderte boikott

US-ENTERTAINMENT-OSCAR NOMINEES LUNCHEON

Sylvester Stallone vurderte å droppe Oscar-utdeling på grunn av manglande mangfald blant dei nominerte.

Foto: VALERIE MACON / Afp

På presselunsjen i natt kom det også fram at Sylvester Stallone hadde vurdert å ikkje kome på utdelinga. Han er nominert for beste birolle i Rocky-oppfølgaren «Creed».

Han reagerte på at verken regissøren Ryan Coogler eller hovurolleinnehaver Michael B. Jordan, som begge er svarte, blei nominerte. Han spurte difor regissøren om han skulle halde seg heime.

– Då sa Ryan: Eg vil du skal gå. Det er den type fyr han er. Han ville eg skulle representere filmen.

Men trass i mangelen på mangfald blant dei nominerte, seier David Hill til Variety at dette skal bli det mest mangfaldige Oscar-showet nokon gong.

– Vi har arbeidd sidan september med å sikre oss at Oscar-utdelinga skal bli mangfaldig og vise fram verda slik ho er.

Oscar-prisane blir delte ut i Los Angeles søndag 28. februar.