Hopp til innhold

Solberg vil framleis ikkje beklage overfor teater

Anette Trettebergstuen (Ap) meiner Erna Solbergs (H) kritikk av teaterstykket «Ways of Seeing» har bidrege til å legge eit «utilbørleg press» på ytringsfridomen. Men statsministeren vil ikkje beklage kritikken.

Anette Trettebergstuen (Ap) krevde at Erna Solberg (H) skulle beklage sin egen kritikk av Black Box-teateret i Wara-saken. Statsministeren svarte med å komme med et stikk til to av Arbeiderpartiets tidligere kulturministre.

Anette Trettebergstuen (Ap) kravde at Erna Solberg (H) skulle beklage sin egen kritikk av Black Box-teateret i Wara-saka. Statsministeren svarte med å komme med et stikk til to av Arbeidarpartiets tidlegare kulturministrar

I den ordinære spørjetimen på Stortinget onsdag må statsminister Erna Solberg svare på eit ja/nei-spørsmål frå Trettebergstuen.

– Vil statsministeren gi Black Box og folka bak stykket «Ways of Seeing» ei unnskyldning?

Anette Trettebergstuen (Ap)

Stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen (Ap) meiner statsminister Erna Solbergs handtering av Black Box-saka har bidrege til å legge press på ytringsfridomen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Hittil har Solberg sagt at ho står ved kritikken ho har kome med mot teaterstykket. Onsdag 13. mars kritiserte ho teaterstykket for å bidra til å gjere det tøffare å vere politikar. Kommentaren var ein reaksjon ei sak i VG dagen før, der regissør Pia Roll var sitert på at ho meinte trugsmåla og hendingane rundt Waras bustad verka å vere sett i scene.

– Då må dei ha ryggrad til å stå i det. Eg må seie at eg reagerer i dag når dei vel å spekulere rundt dette. sa Solberg.

Trettebergstuen meiner statsministeren har vist manglande forståing av rolla si i denne saka.

– Ho har i si handtering av Black Box-saka bidrege til å legge utilbørleg press på ytringsfridomen i eit maktkritisk teaterstykke, skriv Ap-representanten i spørsmålet sitt til Solberg.

Statsministeren kom ikkje med noko unnskylding i spørjetimen, men sa at ytringsfridomen var fundamental:

– Det er kunstens rolle å løfte debatten og kritisere makta. Samtidig må vi kunne diskutere dei kunstnariske val, metodebruk og verkemiddel.

Fryktar ytringsfridomen er under press

Trettebergstuen meiner Solberg ikkje forstår at det ho seier som landets statsminister fører til at kunstnarar og andre fryktar at ytringsfridomen er under press. Ho reagerte også på at Solberg ikkje kunne innrømme at ho ikkje burde ha ytra kritikken.

Men statsministeren såg ingen grunn til å gå tilbake på noko av det ho hadde sagt.

– Ytringsfridomen til kunstnarar er stor. Dei skal kunne provosere og utfordre oss. Det både gleder og irriterer meg. Men ytringsfridomen gjeld også for dei som vil motseie desse.

TOR MIKKEL WARA SIN SAMBOER PÅGREPET

På pressekonferansen statsminister Erna Solberg og Frp-leiar Siv Jensen heldt etter at det blei kjent at sambuaren til justisministeren var sikta, sa Solberg at ho ikkje såg nokon grunn til å beklage kritikken ho hadde kome med mot teaterstykket «Ways of Seeing». I spørjetimen på Stortinget onsdag gjentok ho at teateret hadde kunstnerisk fridom, men at dei måtte tole eit kritisk søkelys mot metodane sine.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Men Solberg seier ho vil ta lærdom av saka.

– Og så skal eg legge meg orda på minnet om at ein meiner at statsministrar ikkje skal kommentere alt. Det skal eg hugse neste gong Arbeidarpartiet ber meg om å kommentere ting, som dei stadig ønsker at eg skal gjere.

Trettebergstuen ikkje nøgd

Erna Solberg møtte journalistane i vandrehallen etter spørjetimen. Då utdjupa ho overfor NRK kvifor ho ikkje ville beklage kritikken overfor teateret.

– Eg meiner det ikkje er nokon grunn til å beklage. Det er ei utsegn som ligg godt innanfor kommentaren. Og det handlar om korleis heilt legitime ytringar også kan vere belastande for politikarar og familiane deira.

Kunne du brukt andre ord?

– Eg er godt nøgd med dei orda eg valde, seier statsministeren.

Men Anette Trettebergstuen er langt frå nøgd med svaret statsministeren gav under spørjetimen i Stortinget.

– Eg hadde venta at statsministeren etter dei siste vekene hadde forstått at ho gjekk for langt då ho sa at «Ways of Seeing» gjorde det vanskelegare å vere politikar. Ho burde gi dei som står bak stykket ei unnskyldning. Det er synd ho ikkje gjorde.

Kva har det å seie at ho ikkje gjorde det?

– Det vil seie at statsministeren ikkje ser si eiga rolle. Ho er ingen kommentator, men statsminister. Og utsegnene hennar gjorde at utøvarane kjente eit utilbørleg press. Det er å gå langt over streken.

Kartlegging av nettverk

Ifølgje dei som står bak stykket handlar det om ei kartlegging av det dei kallar rasistiske nettverk. I denne kartlegginga blir det vist bilete av husa til fleire framståande samfunnstoppar, blant anna justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp) og Nato-sjef og tidlegare statsminister Jens Stoltenberg.

Dette vises av Tor Mikkel Waras bolig i «Ways of Seeing»

I teaterstykket «Ways of Seeing» blir det vist bilete av husa til fleire samfunnstoppar. Ein av dei er justisminister Tor Mikkel Wara, som no er i permisjon etter at sambuaren hans blei sikta for å ha tent på bilen til familien. Ho har nekta straffskuld.

Foto: Privat

Etter premieren på scenen Black Box i Oslo, reagerte sambuaren til Wara, Laila Bertheussen, på teaterstykket. I vekene etterpå var det fleire hendingar rundt bustaden til justisminister med blant anna hærverk og branntilløp.

Grunnen til at mange meiner Solberg burde beklage, var at det dagen etter at Solberg hadde kritisert teaterstykket blei Bertheussen sikta for å ha tent på bilen til familien. Ho har nekta straffskuld i saka.

Krav om å seie unnskyld

Det har kome reaksjonar frå fleire hald, som meinte at statsministeren burde beklage. Blant dei som kritiserte Solberg var jurist og ytringsfridomsekspert Anine Kierulf:

– Eg forstår Ernas frustrasjon, samtidig meiner eg det ikkje var heldig å uttale seg på denne måten om det som er ei pågåande etterforsking. Det er det uheldig at regjeringsmedlemmar gjer, sa ho til NRK.

Samtidig som at sambuaren til Wara blei sikta, blei også sjefen for Black Box og dei som står bak framsyninga sikta for krenking av privatlivets fred. Politiet bad også om å få ransake bustadane til desse.

Det blei avvist av både tingretten og lagmannsretten. Siktinga av teateret blei etter kvart lagt bort. Fredag leverte advokat Jon Wessel-Aas på vegne av dei som står bak teaterstykket, inn ein formell klage på saksbehandlinga til politiet og påtalemakta i denne saka.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.