Hopp til innhold
Anmeldelse

«Vesentleg og problematisk» 

ANMELDELSE: Eit grasiøst monster, eit trillebårlass av ei bok, eit edderkoppspinn av paradoks. Kort sagt, «Min kamp. Sjette bok» av Karl Ove Knausgård er her. Er det bra? Ja, inn i margen. Er det vesentleg? Ja, absolutt. Er det problematisk? Det også.

"Min Kamp 6" av Karl Ove Knausgård.
Foto: Forlaget Oktober

Det har vore noko grenselaust over Knausgårds tredje roman frå starten i 2009: Då gispa vi over at romanen skulle vere i seks bind og ha over 2000 sider.

Når no siste punktum er sett, ligg sidetalet på 3622. Trass i forseinkingar har det gått rekordfort unna, og deler av verket ber preg av raskt arbeid og inneheld gjentakingar som eg vil tru ikkje utelukkande har kunstnarlege årsaker.

Knausgård har vore grenselaust ærleg, og dermed trødde teksten over grensene til fleire nærståande som kjende seg krenka eller i alle fall ille til mote over portrettet dei ikkje hadde bede om.

Kritikk mot kritikken

Sjette bok har vore i kjømda lenge, og det har gått rykte om at mottakinga av dei fem første bøkene skulle oppsummerast i det avsluttande bindet. Romanen skulle bite seg sjølv i halen og samstundes glefse tilbake mot kritikk, klagande romanpersonar og sensasjonsoppslag i pressa.

Min kamp 6 omslag

Slik ser den sjette og siste boka ut.

Foto: Forlaget Oktober

Det ser ut til at planen om eit kort, oppsummerande bind har vore til stades og også dels vore skrive, men at planen vart forkasta til fordel for eit 1120-siders sluttbind som går inn i, men også langt ut over det oppsummerande.

Oppsummeringa uttrykkjer det vi alle veit, nemleg at responsen på Knausgårds kamp var monstrøs som verket sjølv: norsk presse jakta rundt på romanpersonar og nettverk som om dei skulle sitje inne med nøkkelen til livsgåtene. Bergens Tidende får her hard kritikk for å ha gjort seg til talerøyr for den personen som reagerte sterkast, nemleg farbroren til hovudpersonen.

Også farbroren får gjennomgå i den grad at det er vanskeleg å førestille seg juleselskap i den knausgårdske storfamilien verken i år eller seinare.

Kø av paradoks

Knausgårds reaksjon på alt det som hende før og etter utgjevinga av ”Min kamp. Første bok” er berre eitt av ein serie paradoks som pregar dette verket: Han ser at han har gått langt ut over vanlege grenser og at dette er uhøyrt, men vert likevel støytt over tilbakemeldingane. Han har vidare eit grunnleggjande ønskje om å vere usynleg og i alle fall ikkje vere til bry eller kome på kant med folk, samstundes som han leverer ganske knallharde karakteristikkar både av levande og døde. Mot slutten av dette siste bindet skriv han:

Jeg er så glad for Linda, og jeg er så glad for barna våre. Jeg kommer aldri til å tilgi meg selv for det jeg har utsatt dem for, men det har jeg gjort, og det må jeg leve med.

Min kamp, sjette bok

Det er spesielt å innsjå at dette er utilgiveleg i same stund som han reint faktisk avsluttar verket for å deretter å gje det ut. Det liknar på å jule opp folk og be om orsaking samstundes. Eit anna lysande paradoks er at forfattaren heile tida prøver å kome seg bort frå familien for å skrive om, ja nettopp, familien. Det er ikkje den indre logikken som gjer dette til eit stort verk.

Heller ikkje den indre samanhengen, sjølv om ting heng saman på eitt eige, skeive vis: Etter at farbroren har lova bråk dersom namnet på bror hans kjem på trykk i romanen, glir historia over i filosoferingar om namn og deretter pronomen og dermed er vi langt inne i Hitlers kamp, både slik den er formulert i «Mein Kampf» og med bruk av andre kjelder.

Det går an å meine at koplinga til «Mein Kampf» er syltynn, på same måte som koplinga mellom Henrik Vankel og engleforsking ikkje utan vidare var innlysande i romanen «En tid for alt».

Men sjølv om dei to forfattarane av verk med same namn har klare fellestrekk som periodisk grandiost sjølvbilde, problem med far og sterke band til mor, er hovudsaka i denne bolken at den som misser «du»-et, det vil seie den eine andre av syne, kan lett hamne på avvegar.

Det å sjå andre som masse, mogleggjer overgrep i stor skala. Og på det nivået tangerer Hitler-temaet eit sentralt punkt i heile bokverket, nemleg utforskinga av eitt einskilt individ. Ideen frå første bok av har jo nettopp vore at ved å skildre eitt enkelt individ kan ein få sagt noko om andre individ. Ikkje om ein masse, men om andre spesifikke enkeltindivid. Det er der alt står og fell. Og det står.

Eit unikt verk

Sjette bok munnar ut i ei intens skildring av kona som har ei bipolar liding og dermed endrar kampen karakter: det gjeld å ta vare på forholdet, på familien, på sjølve livet. Det er opprivande og vakkert og ikkje minst utleverande.

Eit verk som dette har ikkje tidlegare vore skrive på norsk, og det vil gå lenge til vi ser maken igjen. Og eit høgst relevant spørsmål er kvifor dette er så uhøyrt fascinerande lesnad. Det lett skandaløse ved å skrive om levande personar, kan neppe vere heile forklaringa. Og dei enorme dimensjonane kunne like gjerne vore brukt mot verket,- noko som til ein viss grad også har skjedd. Men alle vi som har hengt med gjennom alle bøkene, som har diskutert og argumentert, kvifor har vi gjort det?

Eg vil tru at mykje ligg i det store spennet, både i sjølvpresentasjonen og i dei meir essayistiske partia: her har det gått frå galakser til støvkorn, frå grandiose kunstnardraumar til ynkelege løgner, smålege finter, dugeleg flatfyll og storsinna handlingar, mens bleieskifta går sin gang. Kasta kan vere brå og midt i pølsemiddagen blir vi fanga inn i ein vidløftig estetisk debatt før Bolibompa på TV gjer alle lykkelege.

Dette er litteratur med alt. Det er bøker som det går an å diskutere, men også å diskutere med. Dette er også litteratur som har hatt ein pris, menneskeleg sett. Om den er verd prisen, er ikkje opp til meg å døme.

Slutt på forfattarskapen?

Før sjølve romanen kom ut, vart det kjent at Knausgård avsluttar forfattarskapen sin i siste setning:

Så skal vi ta toget hit til Malmö, så skal vi sette oss i bilen og så skal vi kjøre hjem til huset vårt, og hele veien skal jeg nyte, virkelig nyte tanken på at jeg ikke lenger er forfatter.

Min kamp, sjette bok


Etter å ha kjempa i over ti år for å bli forfattar, etter å ha skrive i over ti år og vore så avhengig av skrivinga at han har gjort alt for å få arbeidsro, så droppar han heile greia? Hovudpersonen i «Min kamp 1-6» er ein forfattar som tek på seg det halsbrekkande og ifølgje Karen Blixen umoglege prosjektet å søkje gralen med barnevogn.

Bak dette må det liggje ein umåteleg sterk trong til skriving, ein trong som neppe let seg stagge med hagebruk og familiehygge. Eg konstaterer at forfattarhovudpersonen har teke feil før, og han har endra planar før. Og i den same boka som endar med denne dramatiske sluttsetninga, skriv han fleire gonger om alle ideane han har for dei romanane han skal skrive når han berre er ferdig med «Min kamp». Tida vil vise kva for ein av framtidsplanane som vert realiserte.

Dei fleste lesarar vil truleg ha meir enn nok med dette ekstremt rike verket som faktisk finst, i lange tider. Ingenting hastar. Det er ei tid for alt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.