Det er ingen grunn til å tvile på at Min kamp-syklusen er sjølvbiografisk frå a til å. Likevel er det noko som slår meg ved kvar bok og ikkje minst i denne tredje, og det er at dette er uhyre litterært. Dette er ikkje dagbøker eller tekster som er tasta ned etter innfallsmetoden.
- Les:
- Les
- Minnet er ikkje tilrekneleg
Berre ta måten Knausgård skriv om minnet på, minnet som jo er ganske grunnleggande når ein skal skrive sitt liv, og heilt avgjerande når ein som i denne bok tre skal skildre perioden frå 0 -13 år. Mykje står og fell på minnet. Men allereie på s. 14 står det å lese at ”Hukommelsen er ingen tilregnelig størrelse i et liv”. Det som er fortid blir i minnet vridd og vrengt på, noko blir gløymt, anna blir forstått eller misforstått og ingen kan vite kva som er kva.
Dermed er det ein versjon av historia vi får, og ikkje sjølve historia, og slikt er det lett å leve med. Men når ein kjem til aller siste setning i romanen, så ligg der ein liten luring og ventar. Her flyttar familien Knausgård frå Tromøya og inn til Kristiansand, og forfattaren reflekterer:
Historia er altså nedskriven både med den ”utilregnelige hukommelsen” og ”minnenes absolutte gehør”. Sånn kan ein la eit prosjekt, der sanningsgehalten har vore ein vesentleg del av debatten, stå og vippe.
Reflektert og intelligent
Vi er altså i barndommen denne gongen. Som er skildra sanseleg og med stor presisjon: Som kjensla ved å skifte frå vintersko til sommarsko, leiting etter skytetråd, forbodne ekspedisjonar utanfor reviret,- gjerne med fyrstikker, og gjerne fargelagt med utbrot av typen: ”Å, lukten av gamle bilvrak i våt skog!”
Her utviklar motsetningsforholdet mellom far og son seg gradvis, og den nidkjære farens gamaltestamentlege vreide over småtteri er sterk lesing, likeeins sonens strategiar for å unngå denne vreiden, og dei -vanlegvis fåfengte- forsøka på å få ros eller i alle fall aksept frå far.
Slike historier tryglar nesten etter ei psykologisk vinkling, ikkje minst her i nærmaste naboskap til sjølvbiografien, der ofte spørsmålet: ”Kvifor blei eg slik som eg blei?” dannar sjølve navet i historia.
Ikkje slik i Min Kamp. ”Måten man møter familien på, kommer før familien”, skriv Knausgård i bind 2 og siterer Sven Stolpe på at Bergman ville ha vore Bergman same kvar han vaks opp.
Same kva ein måtte meine om dette, og same kva slags tillit ein har til barndomsminne, så oppfordrar slike innspel til å tenkje parallelt med at ein les.
Min kamp 3 er ikkje berre gripande og velskriven, den er også reflektert og intelligent. Kort sagt: Knausgård har gjort det igjen.
- Les: Får Karl Ove Knausgård pris i 2010?
- Les: For Min kamp 1 ble Knaugsård tildelt:
- Les: