Hopp til innhold

«Sex and drugs and skrivekunstakademi»

ANMELDELSE: «Min kamp 5» er eit portrett av kunstnaren som ung mann – med eit formidabelt begjær etter å skrive, kombinert med ei formidabel skrivesperre.
Med ein indre kamp av slikt kaliber trengst ikkje ytre fiendar.

"Min Kamp 5" av Karl Ove Knausgård.
Foto: Forlaget Oktober

Min kamp 5

I dette femte bindet av romanen er forfattaren snillare med omverda enn tidlegare. Dei personane som er skildra meir enn i forbifarten, er så og seie utan unntak positive figurar. Det gjeld kvinnene, det gjeld venene. Det gjeld mor, det er like før det ikkje gjeld far også.

Lyd: Podkast Karl Ove Knausgård

Episodar og karakteristikkar frå tidlegare bind er dempa ned; medan det i første bok står at han i fire år var saman med ei jente han ikkje var forelska i, er det vanskeleg å ikkje tenkje på forelsking når ein les om det same forholdet her. Den stinkande pølen i farmors hus der faren levde den siste tida, -også den skildra i bok 1- er her berre vagt skissert, med tante og onkel som riktig greie støttespelarar i arbeidet med å rydde litt opp.

Indre kamp

Det kan vere mange grunnar til denne dempinga av negative karakteristikkar, og det har fleire konsekvensar for historia: for det første blir hovudpersonen den einaste som er skildra som ein samansett og motsetningsfylt person. For det andre vert han ståande som eineansvarleg for alt som går gale i livet sitt.

Dei andre er heilt greie. Dei er kunnskapsrike, generøse, i stand til å elske og å tilgje. Dei har ikkje vondt i sinne. Ikkje eingong lærarar og vener som kjem med kritikk av tekstane hans, har det. Dei tek ansvar og seier sanninga. Det verkar som om dei til overmål har styring på livet sitt. Hovudperson Karl Oves kamp blir ein indre kamp, sjølv om byen er Bergen og bandet er Kafkatrakterne og her finst både kjærleik og sjalusi og venskap og til slutt den enormt etterlengta litterære debuten.

Ein ny berebjelke

”Min kamp 5” er likevel blitt ein sterk roman som hevar seg over dei to føregåande bøkene, sjølv om den i mangt liknar på dei. Desse tre utgjer til saman ei kronologisk livshistorie frå fødsel til han i ein alder av nokonogtretti dreg til Sverige. Forma i desse romanane er enklare og teksten mindre dynamisk enn i bok 1, der ikkje berre historia var organisert etter andre prinsipp enn det kronologiske, men der hyperrealisme og vanleg realisme blei avløyst av svimlande essayistiske flygeturar som endte heilt presist i realismen igjen gong etter gong.

Styrken i bok 5 ligg på eit anna nivå. Det ekstremt vanskelege forholdet til faren som har vore motor gjennom det meste av ”Min kamp” så langt er her kome i periferien, medan kampen med teksten har teke over denne rolla. Vi er dermed midt inne i skriveprosessen og får ei unik innsikt i arbeidet med å skape ein tekst som har det som må til for å fungere. Denne fordjupinga i det litterære utgjer ein ny berebjelke som romangiganten hadde bruk for.

Kven brøler?

Når eg innleiingsvis la vekt på at hovudpersonen er aleine, så må det leggast til at bakgrunnen for denne forgrunnsfiguren slett ikkje er eit avdempa og fjernt Mona Lisa-landskap. Det er heller noko brueghelsk over skildringa av det bergenske 90-talet; med flatfyll og slossing og bøll, med sex i utide, søppelsvoltne rotter på kjøkkenet og tjuvaktige sunnmøringar på do. Men det som skjer i møte med alkoholen og kvinnene har vore grundig dokumentert i tidlegare bøker, og ikkje minst i den fjerde som dampa av sæd og sprit. Det anstrengte forholdet mellom hovudpersonen og verda og kampen mot demonane forakt og sjølvforakt, mindreverdskjensle og stordomstankar, feigskap og konfliktvergring for å nemne eit knippe, er også etterkvart kjent stoff.

Det som gjer at ”Min kamp 5” kjennest nødvendig, er skildringa av kampen for å bli forfattar. Nødvendig, fordi ”Min kamp” gong på gong har sirkla innom skrivetrongen til hovudpersonen, som er så sterk at alt anna må kome i andre rekkje. Etter å ha lese femmaren høyrer eg at brølet frå hovudpersonen ikkje kjem frå ein 1800-talsmann, men frå ein kunstnar som blir forhindra i å gjere det som kjennest aller mest nødvendig. Denne skildringa løyser ingen problem på det etiske nivået, i forholdet mellom kunstarar og verda, men på det estetiske, innanfor romanen kom den akkurat på rette plassen.

Les: NRKs anmeldelse av "Min kamp. Fjerde bok"
Les: NRKs anmeldelse av "Min kamp. Tredje bok"
Les: NRKs anmeldelse av "Min kamp. Andre bok"
Les: NRKs anmeldelse av "Min kamp. Første bok"

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor