Hopp til innhold
Anmeldelse

Sommarjobben som gjekk skeis

Ellevilt og pinleg om pengar og makt. Arnfinn Kolerud treff blink igjen.

Bokomslag av "Ivar får ansvar" og portrett av Arnfinn Kolerud
Foto: Per Eide / Samlaget
Terningkast 5 Bok

«Ivar får ansvar»

Arnfinn Kolerud

Barneroman - 10 til 14 år

Våren 2024

Det Norske Samlaget

Det verste med den nye boka til Arnfinn Kolerud er tittelen. Ein mindre freistande tittel skal du leite lenge etter!

Det beste med boka er alt det andre.

Dette er ei verkeleg god barnebok.

No er ikkje det overraskande, for Arnfinn Kolerud er av dei finaste barnebokforfattarane vi har.

Teksta er som alltid overraskande.

Styrken til Kolerud ligg nettopp i at du aldri veit kva veg forteljinga vil ta.

Ein annan kvalitet er det leikne språket.

Oppfinnsam

Denne gonga er vi ved starten av den lange, deilige sommarferien:

- Du er tolv år og driv berre dank, sier far. Han står på kne og lukar i eit bed.

- Dank? spør Ivar.

Ivar har flippfloppar på føtene og ein sekk på ryggen. I sekken ligg handkle og saft og bok, og ein ball som kan sprette på vatn.

«Ivar får ansvar» av Arnfinn Kolerud

Åtte veker sommarferie er for mykje, meiner far.

Han seier at Ivar må få seg ein sommarjobb. Dessutan er det slik no, med lommepengane, at dei går motsett veg. Frå i dag er det Ivar som skal gje foreldra lommepengar.

Så kan han lære litt om korleis ungar i andre land har det, seier foreldra.

Arnfinn Kolerud i hagen sin på Flatraket

HEIME: Arnfinn Kolerud (55) i hagen sin på Flatraket. Han kjem frå Isfjorden i Romsdal og debuterte med «Berre ikkje brøyteplogen kjem» i 1996, og fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for den. Han er også kjent for mange lesarar for «Den som ikkje har gøymt seg no» og «Snillionen».

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Dialogane sit spikra

Det er ikkje Ivar så interessert i. Og det gir han høgt og tydeleg uttrykk for.

Utsegna hans er fulle av liv. Eg får ei umiddelbar kjensle av at dette er slikt ein gut i opposisjon kan seie. Og det same med foreldra; dei går nærast på autopilot i praten om kva som høver seg for ungar på veg inn i tenåra.

Ja, dialogane har Kolerud også eit stødig grep om. Dei er direkte, stramme, men og underfundige.

Som når Ivar kjem heim til ein av dei som har sett lappen han sette opp utanfor butikken. Jobboppdraga strøymer inn, utan at entusiasmen veks av den grunn:

- Du ser sur ut i dag også.

Ivar svarar ikkje.

- Vil du hjelpe?

- Litt, seier Ivar.

- Litt sur eller litt hjelpe?

- Litt hjelpe, svarer Ivar, som ein liten unge.

«Ivar får ansvar» av Arnfinn Kolerud

«Ivar får ansvar» har fått støtte frå organisasjonen Leser søker bok. Det kan tyde på at Kolerud har lagt fleire pinnar i kross for at teksta skal vere so tilgjengeleg som mogeleg.

Og det er ho, med korte kapittel, mykje lødig dialog og ei ellevill og dramatisk oppbygging.

For det endar med katastrofe. Og ikkje berre ein.

Far ristar på hovudet, lenge.

- Uff, dette med sommarjobb var ein dårleg idé, Ivar. Du må slutte no, før det skjer noko verre.

- Du sluttar no, og så slepp du å betale lommepengar til oss, tilbyr mor.

- Nei, seier Ivar.

- Jo, seier far og mor i kor.

- Nei, seier Ivar.

«Ivar får ansvar» av Arnfinn Kolerud

Kampen for tilværet

Arnfinn Kolerud tematiserer arbeid og økonomi.

Mange barnebøker handlar om familiar som har dårleg råd. Ivar sin familie er ikkje blant desse.

Pengar – og lengten etter dei – har Kolerud skrive om før, i den smarte boka «Snillionen». Der vinn Frank og mamma ein drøss millionar i lotteri. Frank vil dra til Syden og bygge svømmebasseng. Mora vil at dei skal leve nett som før.

Ein ting blir dei samde om, og det er at dei skal dele ut nokre pengar til den eller dei i bygda som gjer det beste for andre. Dermed kappast store og små om å vere den snillaste, og ei bølgje av gode gjerningar skyl over lokalsamfunnet.

Det ligg sjølvsagt ein moral i botn, nett slik det gjer i «Ivar får ansvar».

Men eg ser ikkje nokon peikefinger.

Insisteringa på arbeid og plikt frå Ivar sine foreldre, fell i fisk.

Jamvel lærer Ivar mykje av sommarjobben. Overfor omverda vart han ein total fiasko. Men Ivar er blitt nevenyttig og kreativ. Han har fått erfaring.

Les også Anbefalte bøker for de mellom 3 og 13 år

Liten jente og liten gutt sitter i blå sofa, hun ser i boken "De står i kø", han ser i boken "Livet er livsfarlig"

Sanninga vinn ikkje alltid

Og er det ikkje slik at dei som jobbar og slit fortener heider og ære langt meir enn dei som berre driv dank?

Ivar gjer seg dyrekjøpte erfaringar når bestevenninna Maja heller vil vere i lag med den sjølvgode latsabben Mons, ein feriegjest som gjer seg ut for å vere ein annan enn den han er.

Sanning og løgn står på spel hos Kolerud. Men som den erfarne forfattaren han er, lar han ikkje historia renne ut i vissa om at sanninga vinn til sist.

For verda er stor og full av utfordringar.

Det lærer i alle fall Ivar, denne første sommaren då han fekk seg jobb og mista nokre barnlege illusjonar.

Kva ville du gjort med 24 millionar? Høyr meldinga av Koleruds «Snillionen» i Åpen bok:

Hei!

Jeg er litteraturkritiker i NRK, og skriver om bøker både for barn og voksne. Blant de virkelig gode barnebøkene jeg har lest i det siste, er «Oskar og eg» av Maria Parr og Åshild Irgens. Les også gjerne saken om Emil i Lønneberget, den lysluggede spilloppmakeren som er en virkelig klassiker.

Kulturstrøm

  • Forfatter Henning Hagerup (66) er død

    Forfatter Henning Hagerup er død som 66 år gammel. Det opplyser Kolon forlag i en pressemelding.

    – Henning var en av Norges fremste essayister, kritikere og oversettere, og han var min venn, rådgiver og mentor i nærmere 30 år, skriver forlegger i Kolon, Bjørn Aagenæs i pressemeldingen.

    – Henning hadde mye ugjort, og vi hadde en hel del planer om fremtidige utgivelser, skriver han videre.

    Han var barnebarn av forfatter Inger Hagerup.

    Henning Hagerup
    Foto: Ingrid Pop / KOLON FORLAG
  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images