Hopp til innhold

– Ikkje siste setning frå Knausgård

Oktober forlag vil ikkje gå god for at Knausgård gir seg som forfattar.
– Romankarakteren er ikkje forfattaren, seier forlagssjef Geir Berdahl.

Karl Ove Knausgård

Ein kortklypt Knausgård er kanskje eit symbol på at forfattarskapen no er over.

Foto: SVT

Laurdag vart det kjent at Karl Ove Knausgård seier han gir seg som forfattar. Dette kom fram i et intervju med Radiodokumentaren på P2.

Utgangspunktet er den aller siste setninga i det sjette og siste bindet av romanserien Min Kamp.

Høyr radioklippet her:

– Den handlar om at eg om nokre få minutt skal reise meg frå skrivebordet, gå ut på gata, ta meg ein kopp kaffe og nyte, verkelig nyte tanken på at eg ikkje lengre er forfattar, sa Knuasgård i intervjuet.

– Han vil skrive igjen

Geir Berdahl

Forlagssjef i Oktober forlag, Geir Berdahl, trur Knausgård vil skrive igjen.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Det er ein noko tilbakehalden forlagssjef Geir Berdahl NRK.no pratar med laurdag morgon. Det er tydeleg at nyheita om at Knausgård gir seg som forfattar ikkje har vore diskutert med forlaget. Han er likevel klar over at avslutningssetninga i sjette bind av Min Kamp konkluderar med at forfattarkarrieren er over.

– Eg kan ikkje seie noko anna enn at det sto i ein roman av Knausgård. Men samtida vil vise kva som kjem til å skje. Det står i ein roman, og den romanen er ikkje Knausgård. Det er i iallfall ikkje siste setning frå Knausgård. Så sånn er det.

– Du meiner det er viktig å skilje mellom forfattar Knausgård og romankarakter Knausgård?

– Eg gjer iallfall det. Praksisen vil vise. Men forfattar er han framleis.

Spektakulær avslutning

Hans Olav Brenner

Programleiar i Bokprogrammet på NRK, Hans Olav Brenner, trur Knausgård kan stå opp igjen frå dei døde.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Kulturjournalist i NRK Hans Olav Brenner har tidlegare intervjua Karl Ove Knausgård. Han er ikkje overraska over at Knausgård no seier han er ferdig som forfattar.

– Eg tenkjer at dette er ein spektakulær avslutning på eit spektakulært verk. Eg er ikkje i tvil om at Knausgård opplever at han har tømt seg litterært for denne gongen og har fått nok av sitt mediale eg.

Men å avskrive Knausgård heilt som forfattar vil heller ikkje Brenner gå med på.

– Det har jo aldri stått noko i vegen for at ein kan stå opp frå dei døde etter å ha erklært seg død som forfattar. Men dersom det er ein samanheng mellom romankarakteren og forfattaren Knausgård bør han nok vente litt.

Kan gjere comeback

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, blei overraska då ho vakna opp til Knausgård-intervjuet i dag.

– Den første reaksjonen eg fekk var at «dette er ikkje mogleg». Eg tenkte at dette å skrive er jo berre noko forfattarane må gjere, at det er ein slags livsnødvendigheit. Og Knausgård er jo ein ekstremt god forfattar, men samtidig er han jo ein pussig mann.

Agnes Moxnes

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, meiner det ville vere synd dersom Knausgård held fast ved det litterære sjølvmordet.

Foto: Unni Hansen / NRK

– Ein må berre håpe at dette er hans litterære eg-person som draumar om eit nytt liv. Det ville vere svært synd dersom han gir seg som forfattar.

Likevel seier Moxnes at det vil vere uheldig for Knausgård å gi ut ny litteratur i nær framtid etter å ha slått fast at forfattarkarriera er lagt på hylla.

– Det er jo ofte slik at musikarar trekkjer seg, og så gjer dei eit comeback. Samtidig kan det påkalle latteren dersom han startar på eit nytt prosjekt. Han må rekne med å bli gjort veldig mykje narr av. Det positive ved å ta eit litterært sjølvmord er jo at han vil kommunisere bøkene endå betre. Eit avslutta forfattarskap les ein med heilt andre auge.

Moxnes trur ikkje det er usannsynleg at Knausgård vil konsentrere seg mest om konsulentverksemd i framtida.

– Han er rekna som ein kjempegod konsulent. Han er ein stor leser og kan svært mykje om litteratur. Så den tanken verkar veldig realistisk.

Trur du Knausgård er ferdig som forfattar? Sei di meining under.

Kulturstrøm

  • Progrockbandet «Rush» gjør comeback med kvinne bak trommene

    Progrockbandet «Rush» gjør comeback etter over ti år med pause. Mandag varslet bandet at de skal ut på turné i USA, Canada og Mexico i 2026.

    Det blir første gang Geddy Lee og Alex Lifeson opptrer sammen etter at trommeslager Neil Peart gikk bort i 2020, skriverThe guardian.

    Lee og Lifeson har ansatt tyske Anika Nilles (42) som ny trommeslager i bandet. Hun ble oppdaget av «Rush» da hun spilte med Jeff Beck på hans siste Europa-turné i 2022.

    De beskriver den kommende turnéen som en feiring av over 50 år med Rush-musikk.

    
Alex Lifeson (til venstre) og Geddy Lee fra bandet Rush på Rock and Roll Hall of Fame i 2017
    Foto: AP
  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP