Hopp til innhold
Anmeldelse

Uventa humor hos Knausgård

Døden. Kunsten. Mystikken. Karl Ove Knausgård rettar klart lys mot mørke tema i sin nye roman.

Omslaget til Nattskolen av Karl Ove Knausgård og portrett av forfatteren
Foto: Oktober forlag/Terje Bendiksby / Scanpix
Terningkast 5 Bok

«Nattskolen»

Karl Ove Knausgård

Skjønnlitteratur

27. oktober 2023

Forlaget oktober

Allereie på første side av «Nattskolen», fortel hovud­personen at han har tenkt å ta sitt eige liv.

Han er i djup sorg. Einsam. Alt kjennest håplaust. Mørkt.

«Hvis jeg kunne formulere hva jeg føler her jeg sitter, fortvilelsen som river og sliter i meg, natt og dag, det bunnløse mørket, ville du forstå, men det kan jeg ikke, for i språket i seg selv ligger det håp, i språket i seg selv er det lys. Natten, den er språkløs.»

Karl Ove Knausgård «Nattskolen»

Likevel vil han prøve å fortelje. Kva har skjedd? Kvifor er han så fortvila? Interessa er effektivt vekka.

Historia som svarer på spørsmåla, utgjer den største delen av Karl Ove Knausgård sin nyaste roman.

Det er ei god bok. Også i Knausgård-målestokk.

Det «knausgårdske»

«Nattskolen» er faktisk ein fin plass å starte for alle som ikkje har lese Knausgård før.

Boka tar for seg mange interessante tema som har vore viktige i forfattar­skapen heilt frå starten: interessa for døden. For kunsten. Tankar om familien ein er fødd inn i, og om familien ein vel sjølv.

Historias gang. Det mystiske, uforklarlege, kanskje guddommelege – målt opp mot kunnskap, fakta, vitskap.

Karl Ove Knausgård med sin nye bok "Morgenstjernen".

KAN STÅ FOR SEG SJØLV: «Nattskolen» er fjerde bind i «Morgenstjerne»-serien. Den starta med «Morgenstjernen» i 2020, som Knausgård held i hendene på bildet. Men boka kan lett lesast frittståande, for det er berre tematikken – døden, kunsten og det okkulte – som bind dei saman. Ikkje persongalleriet eller miljøet.

Foto: Johan Bull / NRK

Det som fungerer betre her enn i fleire andre av Knausgård sine mange bøker, er at han i «Nattskolen» også fortel ei spanande historie. Her er ingen av dei ofte litt for tørre, teori­tunge passasjane.

Samtidig viser «Nattskolen» fram det «typisk knausgårdske» i skrive­stilen: ordrikdommen. Dei detaljerte skildringane av kvardagslege ting.

Knausgård skriv om store tema. Men han skriv også om korleis ein god kopp kaffi skal lagast. Om korleis lauvet i ein park ser ut.

Det store blandar seg med det litle, i «Nattskolen» som i alle bøkene hans. Det krev kanskje tolmod, men gir også mykje. Slik er livet. Slik er kvardagen.

Ung kunstnar

Etter den korte innleiinga kor forteljaren seier at han vil døy, hoppar vi tilbake i tid. Det skal handle om kunstnaren som ung mann.

Året er 1985. Kristian er tjue år gammal og går på fotoskule i London. Han er ein middelmåtig student. Verken lærarane eller medstudentane er imponerte over fotografia nordmannen tar.

Det hindrar ikkje Kristian i å ha store, grandiose tankar om seg og kunsten sin.

Litt fordi han er ung og umoden. Like mykje fordi han ikkje akkurat briljerer med sjølvinnsikt generelt. Kristian har ein tendens til å plassere seg sjølv i sentrum, og i liten grad sjå kva andre strir med.

Akkurat her – i avviket mellom korleis Kristian ser seg sjølv, og lesaren oppfattar han – oppstår det også små glimt av humor. Uvant hos Knausgård, og små lysglimt i det som elles er mørk tematikk.

«Min kamp» består av seks bøker og kan kort samanfattast med ordet brokkoli. Bli effektivt kjent med bokserien på berre fire minutt:

Faustusmyta

Eitt av dei få menneska Kristian blir kjent med i London, er ein mystisk fyr som introduserer han for forfattaren Christopher Marlowe (1564-1593).

Marlowe var del av ei gruppe som sidan blei kalla The School of Night, altså Nattskolen. Poetane og vitskapsfolka i denne gruppa var ateistar og okkultistar, det vil seie at dei interesserte seg for mystiske og ukjende krefter i naturen og i menneska, men var skeptiske til kristen lære.

Også i den «Nattskolen» Knausgård skriv fram, står mystiske og ukjende krefter sentralt.

Marlowe er dessutan viktig fordi han skreiv skode­spelet «Doktor Faustus», som er ein klar raud tråd gjennom romanen. Det handlar om ein mann som sel sjela si til Djevelen, i bytte mot kunnskap, makt og rikdom.

Faustusmyta fargar «Nattskolen» på måtar som vert stadig tydelegare gjennom dei nær 500 sidene.

Les også «Mørkt og fascinerande comeback frå Knausgård»

Karl Ove Knausgård gir ut romanen "Morgenstjernen" høsten 2020.

Brå død

Eit brått og valdeleg dødsfall blir eit drastisk vendepunkt for Kristian. Ikkje berre må han tenke over skuld og ansvar. Han blir også, på uforklarleg og underleg vis, ein betre kunstnar av det dramatiske han opplever.

Korleis skjedde det, spør romanen.

Kva er det eigentleg som gjer at eitt fotografi er kunst, og eit anna absolutt ikkje?

«Siden da hadde jeg bitt meg fast der, i fotografiets forhold til tiden, dens absolutte binding til øyeblikket. Hvordan unnslippe øyeblikket? Det føltes litt som å spørre om hvordan man skulle unnslippe døden – så definitiv var forbindelsen mellom fotografiet og nået»

Karl Ove Knausgård «Nattskolen»

Solid raud tråd

Kristian grunnar mykje på slike spørsmål, slik Knausgård gjer det i veldig mange av bøkene sine.

«All kunst handlet om én ting, og bare én ting, om hva det ville si å være i verden»

Karl Ove Knausgård «Nattskolen»

Det som løfter «Nattskolen», er at spørsmåla denne gongen blir utforska gjennom ei historie med godt dramatisk driv som viser fram kva dei faktisk går ut på.

Rissa Knausgård gir av London på 1980-talet og andre stader til andre tider, er fine. Dette er dessutan ein roman med eit klart lydspor, der musikken også er med på å seie noko om Kristian som type.

Som ofte hos Knausgård, kan det bli i overkant mange ord innimellom. Men det går greitt å tilgi, når den raude tråden gjennom romanen er tydelegare og sterkare enn han ofte kostar på seg.

«Nattskolen» er ei mørk forteljing om kunstnaren som ung – og etter kvart vaksen – mann. Boka viser fram kva livet kostar. Og kva det er verdt.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!