Det er faktisk mogeleg å lage middag i vaffeljernet. Du kan for eksempel lage kjøttkaker, sjokoladekake, biff, smørbrød og poteter.
Oppskifter
Her får du eit par av Svein sine oppskrifter som du kan lage i vaffeljernet.
Det er berre å prøve seg fram og du vil nok sjå at det er mogeleg å lage mange forskjellege rettar i eit vaffeljern.
Lag en vaskevaffel
Det kan vere litt ekkelt om du skal lage fleire rettar etter kvarandre i vaffeljernet. Sjokoladekake med scampismak er det nok ikkje mange som vil ha.
Difor er det lurt å lage ein vaskevaffel, slik at du får vekk det som ligg igjen på vaffeljernet før du startar på neste rett.
Lag ei vaffelrøre som har ein del salt som trekk ut laus skitt på jernet. Du kan sjølvsagt og vaske jernet.
1/2 dl vann
1 dl hvetemel
2 ss salt
Steik vaffelen, men for all del ikkje spis den.