Hopp til innhold

Kevin Spacey gjer film-comeback i italiensk pedo-drama

Kevin Spacey får ei lita rolle som politi i ein komande italiensk spelefilm om ein mann som blir feilaktig skulda for å ha misbrukt barn seksuelt.

Kevin Spacey

Kevin Spacey har fått fleire skuldingar om seksuelle overgrep retta mot seg sidan 2017. Han har avvist alt. No er han klar for ei lita rolle i ein italiensk film.

Foto: Chris Pizzello / AP

Spacey har halde ein låg profil sidan dei første skuldingane om seksuelle overgrep, som han har avvist, kom i 2017.

Skuldingane har ført til at Spacey har mista fleire roller, inkludert hovudrolla i Netflix-serien «House of Cards».

Men no skal han spele ei lita rolle i Franco Neros komande film «L'uomo Che Disegnò Dio», skriv Variety.

– Ein stor skodespelar

Spacey skal spele ein politimann som etterforskar saka mot ein blind mann, spela av regissøren Nero, som kan teikne folk berre ved å høyre stemmene deira. Mannen blir feilaktig skulda for å misbruke barn, skriv The Guardian.

Vanessa Redgrave, som er gift med Nero, skal også ha ei større rolle i filmen.

Vanessa Redgrave og Franco Nero

Franco Nero (t.h.) skal regissere og spele hovudrolla i filmen. Også kona hans, Vanessa Redgrave, har ei større rolle i filmen.

Foto: VINCENZO PINTO / AFP

Franco Nero er svært glad for at Spacey har takka ja til å gjere comeback som skodespelar.

– Eg er glad for at Kevin vil bidra til filmen min. Eg meiner han er ein stor skodespelar. Eg kan nesten ikkje vente på å starte filminga, seier han til ABC News.

Spacey har ikkje kommentert den komande rolla.

Mista roller

Kevin Spacey var ein av Hollywoods største skodespelarar då skodespelaren Anthony Rapp hevda at Spacey hadde prøvd å presse han til sex då han var 14 år gammal.

Spacey svarte på Twitter med å seie at han ikkje hugsa møtet med Rapp, men at han beklaga om han hadde oppført seg slik det blei skildra. Han stod samtidig fram som homofil.

Etter kvart kom det fram fleire skuldingar mot Spacey, som han avviste.

Kevin Spacey i House of Cards.

Då skuldingane mot Spacey kom i 2017, mista han både hovudrolla i «House of Cards», ein æres-Emmy og blei erstatta av Christopher Plummer i ein ferdig innspelt film.

Foto: David Giesbrecht / AP

Skuldingane frå Rapp kom rett før innspelinga av den siste sesongen av «House of Cards». Netflix tok tidleg avstand frå Spacey, og han blei skriven ut av manus.

Han blei også klipt ut av den ferdig innspelte filmen «All the Money in the World», før scenene han var med i blei spelt inn på nytt med Christopher Plummer i rolla til Spacey.

Den siste filmrolla Spacey hadde, var filmen «Billionaire Boys Club» frå 2018. Filmen var ferdig før skuldingane mot han kom, men produsentane valde å sette filmen opp på kino. Men filmen floppa med til saman rundt 13 selde billettar fordelt på ti kinosalar på opningskvelden.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift