Kevin Spacey-film floppar på amerikansk kino

Kevin Spaceys kino-comeback etter dei mange skuldingane om seksuell trakassering, floppar i opningshelga i USA. Filmen «Billionaire Boys Club» selde 13 billettar premieredagen.

Kevin Spacey etterforskes for overgrep i Storbritannia.

Kevin Spacey har mista mange jobbar etter at han blei skulda for seksuell trakassering. Filmen «Billionaire Boys Club» skulle bli eit slags comeback for Spacey, men filmen fekk ei katastrofal opningshelg i USA.

Foto: Nicholas Kamm / AFP

«Billionaire Boys Club», med blant andre Kevin Spacey i ei leiande rolle, var ferdig innspelt då Spacey blei skulda for fleire tilfelle av seksuell trakassering i 2017.

Etter skuldingane mista Spacey blant anna hovudrolla i Netflix-serien «House of Cards», ein ærespris under Emmy-utdelinga, og han blei erstatta av Christopher Plummer i den ferdig innspelte storfilmen «All the Money in the World».

Kevin Spacey

Kevin Spacey blei klippa ut av filmen «All the Money in the World». Han blei erstatta av Christopher Plummer. Kort tid før premieren blei scenene spelte inn på nytt og redigert inn i filmen.

Foto: Aidan Monaghan / AP

Premieren fredag var kinocomeback for Spacey, men på opningskvelden i USA spelte filmen inn 126 dollar, eller om lag 1050 kroner.

Det vil seie at det blei seld rundt 13 billettar ved dei ti kinoane som viste filmen, ifølgje The Independent.

I løpet av helga kom billettsalet opp mot 3500 kroner, ifølgje Hollywood Reporter.

Dette er den dårlegaste opningsdagen for ein film med Kevin Spacey nokon sinne. Til samanlikning spelte filmen «Baby Driver», som kom i 2017, inn over 169 millionar kroner, skriv The Guardian.

Var usikre før premieren

«Billionaire Boys Club» blei lagt ut for nedlasting og strøyming ein månad før kinopremieren. Dette fører vanlegvis til færre selde billettar. Men ifølgje analytikarar er opningshelga til filmen spesielt dårleg, skriv The Independent.

Det var ei stund uvisst om filmen ville få premiere etter at Spacey miste fleire oppdrag som følge av skuldingane om seksuell trakassering. Distributøren valde til slutt å lansere filmen, fordi dei meinte Spacey berre spelte ei mindre rolle i serien.

Men han fekk likevel ei viktig rolle i filmtraileren:

Basert på sann ei sann historie

I ei pressemelding skreiv distributøren at dei håpa deltakinga til Spacey ikkje skulle gå ut over besøkstala til filmen.

Joe Hunt Trial

«Billionaire Boys Club» baserer seg på ei sann historie frå Los Angeles på 1980-talet. Finansmannen Joe Hunt la planar som skulle føre til rask rikdom, men enda med at han blei sikta for drap.

Foto: Douglas C. Pizac / Ap

– Vi håper publikum kan gjere opp sine eigne meiningar, og at fryktelege handlingar ein person skal ha gjort i fortida, ikkje skal gå ut over alle som har vore involvert i denne filmen.

«Billionaire Boys Club» er basert på ei sann historie om finanseksperten Joe Hunt.

Saman med ei gruppe rike, unge menn dannar han ein klubb i Los Angeles i 1980-åra. Målet er å oppnå stor rikdom raskt. Kevin Spacey spelar gamblaren Ron Levin i filmen.

Filmen hadde premiere i nokre få kinosalar i USA denne helga. Men det var ingen kinoar i New York eller Los Angeles som viste filmen. Filmen kjem ikkje på kino i Noreg.

Kulturstrøm