Hopp til innhold

Henta kvinner for å få ein betre TV-serie

«Helt perfekt» fekk eit kvalitetsløft då produksjonsselskapet rekrutterte kvinner til produksjonen, meiner Thomas Giertsen. Samtidig slit den norske film- og tv- bransjen med å nå målet om kjønnsbalanse.

Thomas Giertsen: Helt perfekt ses 7 ep 10

Det er mange kvinner både framfor og bak kamera i «Helt perfekt». Thomas Giertsen seier dei rekrutterte kvinner til produksjonen for å utvikle serien. Bildet er frå sesong sju der Helene Vikstvedt og Synnøve Skarbø hadde gjesteroller.

Foto: TVNorge

«Helt perfekt» med Thomas Giertsen har vore ein stor suksess for TVNorge. Til våren er det klart for den åttande sesongen. Mykje av suksessen skuldast at dei har arbeidd med å skaffe seg ein god kjønnsbalanse i produksjonen, seier programskapar Thomas Giertsen til NRK.

– Då vi starta, var det flest menn som jobba med serien. Men ønska å få inn fleire kvinner for å få inn nye perspektiv. Det har utvikla både rolla mi og Ine-rolla, og måten parforholdet er skildra på. Og kvaliteten har utan tvil blitt betre.

I den komande sesongen er om lag halvparten av episodane regisserte av kvinner, medan det på manussida er ei lita overvekt av kvinnelege forfattarar.

Klarer ikkje å nå kvinnemålet

direktør Sindre Guldvog i Norsk Filminstitutt.

NFI-direktør Sindre Guldvog seier dei har laga ein aksjonsplan som han håper skal betre kjønnsbalansen i norsk film.

Foto: NRK

I norsk film- og tv-produksjon har det lenge vore for få kvinner både framfor og bak kamera. I 2003 sa dåverande direktør i Norsk filminstitutt, Vigdis Lian, at ho vurderte kvotering. Og då den raudgrøne regjeringa kom med filmmeldinga i 2007, blei dette også ei politisk sak.

Men sjølv om kulturministrar har opna for kvotering, har det vore motstand mot dette i bransjen. I 2016 var delen kvinner i nøkkelposisjonar i norsk film rundt 30 prosent, viser ein rapport frå Norsk filminstitutt (NFI).

Direktør Sindre Guldvog i NFI seier det er for få gode «kvinneprosjekt» å velje mellom.

– Det er søknadsmengda og kvaliteten på prosjekta som avgjer kven som får pengar. Men vi har eit mål om minst 40 prosent kvinner i nøkkelposisjonar, og at det over tid skal vere 50 prosent.

Men Guldvog seier dei har sett i gang tiltak som mediemerksemd, talentutvikling og moderat kvotering, som gjer at han trur dei etter kvart kan nå målet.

Sverige nådde målet

Anna Serner

Svensk film nådde målet om 50 prosent kvinner i nøkkelposisjonar. Det skjedde etter knallhard jobbing, seier direktør Anna Serner i Svenska filminstutet.

Foto: Marie-Therese Karlberg / Svenska Filminstitutet

I Sverige hadde dei som mål om 50 prosent kvinner i nøkkelposisjonar innan 2015. Dei nådde målsettinga i 2014. Og det skjedde etter knallhard jobbing, seier direktør Anna Serner i det svenske filminstituttet.

– Vi utfordra bransjen, og sa vi ville kvotere om vi ikkje nådde målet. Det førte til at vi fekk inn mange søknadar med kvinner i sentrale posisjonar.

Ho meiner NFI må vere harde om dei skal nå måla dei har sett seg.

– Dersom NFI prioriterer prosjekt med kvinner, vil produsentane finne kvinner som kan gjere jobben.

Thomas Giertsen ønsker ikkje å kaste seg inn i debatten om kjønnskvotering, men seier at dei har rekruttert kvinner av kvalitetsomsyn:

– Alle kvinnene som er hos oss er valde fordi dei var flinke, og fordi dei tilfører kvalitet og nye perspektiv til produksjonen.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters