Hopp til innhold

Rekordmange kvinner i filmbransjen

For første gong i historia er det like mange kvinner som menn i dei leiande funksjonane i norske filmproduksjonar. Filmfolk fryktar det berre er eit blaff.

For første gong i historia er det like mange kvinner som menn i dei leiande funksjonane i norske filmproduksjonar. Filmfolk fryktar det berre er eit blaff.

LIKESTILLING: Norsk filminstitutt kan for første gong rapportere at det er like mange kvinner som menn i leiande posisjonar i filmbransjen i år. Likevel sett kulturministeren ein stopp for den milde kvoteringa av kvinner til filmbransjen.

Kjersti G. Steinsbø

LIKESTILLING: Regissør Kjersti G. Steinstø ynskjer at historier skal bli fortalt av begge kjønn.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Eg synst historier skal bli fortalt frå begge kjønn, og alle mogelege samfunnslag, seier regissør Kjersti G. Steinsbø som debuterer med thrilleren «Dukken i taket».

Etter at den førre regjeringa oppfordra Norsk filminstitutt til å utøve mild kvotering for å få kvinnedelen i filmproduksjonen opp, er det ifølgje filminstituttet likestilling på dei filmane dei gir støtte til.

Likevel har kulturminister Thorhild Widvey sett ein stoppar for den milde kvoteringa.

– Dårleg signal til kvinner

Anna Myking

DÅRLEG SIGNAL: Filmfotograf Anna Myking meiner det gir dårleg signal til kvinner i filmbransjen at den milde kvoteringa av kvinner som Norsk filminstitutt vart oppfordra til blir sett ein stoppar for.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Tradisjonelt har fordelinga vore 80 prosent menn mot 20 prosent kvinner i dei leiande funksjonane i filmbransjen.

I år er talet likt, og Anna Myking som er fotograf på filmen «Dukken i taket» fryktar årets kvinnerekord berre blir eit blaff utan mild kvotering.

– Det gir eit dårleg signal til kvinner i filmbransjen når det ikkje blir satsa på at dei skal få posisjonar, seier ho.

Kulturminister Thorhild Widvey meiner filmbransjen vil klare likestillingsjobben sjølv utan mild kvotering frå Norsk filminstitutt.

– Eg har tillit til at dei som produserer film er observante på dette, og at dei verkeleg ynskjer å ha likestilling, seier Widvey.

Berre kvinner

Anna Myking på ammerommet på filmsettet

TILPASSA KVINNER: Filmfotograf Anna Myking har eige ammerom under filminnspelinga av thrilleren «Dukken i taket».

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Under innspelinga av Kjersti G. Steinsbø sin debutantfilm, thrilleren «Dukken i taket» står mennene i bakgrunnen. Regissør, manusforfattar, fotograf, produsent, og hovudrolleinnehavar er alle kvinner.

– Eg er berre opptatt av at det skal vera ein jamn fordeling mellom kjønna, seier regissør Steinsbø.

Fotografen hennar var nyhende då ho gjekk ut av filmskulen. Drygt 100 år etter norsk film sin fødsel vart ho nemleg den første norske kvinnelege filmfotografen.

– Eg skulle ynskje at det ikkje var ein nyheit at det var ein kvinneleg fotograf, seier Myking.

Ho blei også den første norske fotografen som tar ammepausar i eit eige rom på settet.

– Vil ikkje anna

Helene Bergsholm

HELST KVINNER: Skodespelar Helene Bergsholm er vane med kvinner i leiarposisjonar på filmsettet, og vil helst ikkje prøve anna.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Helene Bergsholm som har ei viktig rolle i «Dukken i taket» er også historisk.

Stjerneskotet frå filmen «Få meg på for faen» har nemleg berre jobba med kvinner.

– Eg har ikkje opplevd menn i dei rollene, og har ikkje lyst til å prøve det heller, seier ho.

– Eg skal seie nei til alle roller der det er menn som er leiarar, legg ho spøkefullt til.