Analyse

Nordisk litteratur: Heilsvart, historisk, humoristisk

I fjor laga to unge vinnarar forfriskande skandale på den nordiske gallaen. I år er det meir truleg at ein godt vaksen forfattar vinn litteraturprisen.

Nominerte bøker til Nordisk Råds litteraturpris 2020

NORDENS BESTE: 13 litterære verk frå heile Norden kjempar om den gjeve litteraturprisen frå Nordisk råd som skal tildelast tysdag 27. oktober. Det er mørke tema i årets nominerte bøker.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Når Nordisk Råd deler ut prisar, skjer det med stil og stram regi. Det er dei vaksne sin fest.

Men i fjor var det annleis: Ikkje før hadde Greta Thunberg takka nei til miljøprisen og oppfordra politikarane til å berge klimaet heller enn å pynte seg med prisvinnarar, før den danske forfattaren Jonas Eika droppa takketalefrasene for litteraturprisen for i staden å køyre ein knallhard kritikk mot asylpolitikken i Norden og særleg i Danmark. Stemninga var stram på første benk der ministrane sat i sin finaste stas.

Jonas Eika taler etter å ha blitt tildelt Nordisk Råds Litteraturpris 2019

Jona Eika leverte ein kritisk takketale på gallaen i fjor.

Foto: Henrik Montgomery/tt / NTB

Skal prisane heretter gå til kompromisslause tenåringsaktivistar og politisk engasjerte forfattarar som ikkje har bikka 30? Kanskje prisgallaen tysdag vil gje ein peikepinn.

Oppløftande alvor

Til litteraturprisen er det tretten nominerte, men berre tolv av dei sit no og førebur pristale. Danske Yahya Hassan døde i vår, 24 år gammal. Eit altfor kort liv og eit altfor kort forfattarskap. Boka han var nominert for «Yahya Hassan 2», kan likevel vinne prisen.

Det er også fleire unge på lista som eg håpar har eit langt liv og mange bøker framfor seg, men i år har eg meir tru på bøkene til tre godt vaksne karar som allereie har lengre forfattarskap bak seg.

Eg kjem tilbake til dei, men først: Kva skriv dette utvalet av Nordens beste forfattarar om?

I kortversjon: Mord, valdtekt, dødelege sjukdommar, mobbing, klassesamfunnet, moderne urolege liv – pluss om ein underleg kladd av eit vesen som norske Matias Faldbakken har dikta inn i romanen «Vi er fem». Overraskande lite handlar om klima og miljø, i år som i fjor er slikt først og fremst å finne i det samiske bidraget. I år er det diktsamlinga «Såle» av Niillas Holmberg.

Tungsindige tema, men det oppløftande som ligg i å lese god litteratur, skal ikkje undervurderast.

Mine tre favorittar

Steve Sem-Sandberg og boken "W"

Steve Sem-Sandberg har levert nordisk forteljarkunst av beste sort.

Foto: STEFAN TELL / Javier Ernesto Auris Chavez / ALBERT BONNIERS FÖRLAG/NRK
  • Forfattar: Steve Sem-Sandberg
  • Tittel: «W»
  • Land: Sverige

Aller øvst har eg ein svenske: Steve Sem-Sandbergs roman «W» bygger på den sanne historia om leigesoldaten Woyzeck som levde eit omflakkande liv på kontinentet tidleg på 1800-talet. Han enda sine dagar på skafottet etter å ha drepe kvinna han elska.

Sem-Sandberg let W sitje i fengselet og fortelje historia si til ein hoffråd Clarus, som skal vurdere om han er tilrekneleg eller ei. Og W fortel så bra at han hamnar på skafottet. Det var ingen galskap å spore. Vi, og Clarus, får historia om ein mann som ikkje venta seg mykje av livet og som tok det han fekk. Han hadde likevel ein lei tendens til å bli hekta, på ei dame eller på eit prosjekt.

Heilt uforvarande fortel W også historia om Europa i ei uroleg tid, om krigar og tankar og idear som svirrar. Alt i eit vemodig og vakkert språk som likevel ikkje er utan brodd. Dette er nordisk forteljekunst av beste sort.

Georg Büchner skreiv skodespel om Woyzeck på 1830-talet, Alban Berg følgde på med operaen Wozzeck i 1926. I 1979 kom filmen, regissert av Werner Herzog. Og no er altså romanen her.

Bergsveinn Birgisson og noken "Reisen til livsvannet"

Bergsveinn Birgisson vil vere ein verdig vinnar.

Foto: HELGE SKODVIN / Javier Ernesto Auris Chavez / VIGEMOSTAD & BJØRKE/NRK
  • Forfattar: Bergsveinn Birgisson
  • Tittel: «Reisen til livsvannet»
  • Land: Island

Få ting kan måle seg med ein real historisk roman. Alle historiske romanar handlar om tida til forfattaren også. Gode forfattarar er klar over dette og brukar det på smarte måtar. Det gjer Sandberg og det gjer naturlegvis også Bergsveinn Birgisson frå Island.

Romanen «Reisen til livsvannet» er basert på ei bisarr – men sann – historie: I 1785 opplevde Island eit vulkanutbrot så kraftig og langvarig at det la ein dis over store deler av Europa. Avlingane vart dårlege og folk leid naud. Kongen i København vurderer å hente arbeidsføre islendingar til Danmark og Noreg. Resten: «fattiglemmer, dagdrivere, avfeldige gamlingar, ringeaktede og skittenfeldige, umåteholdne og syke, hestespisere» og anna pakk, kan bli verande.

Kongen sender opplysningsmannen Magnus Aurelius Egede til Island for å undersøkje forholda. Egede er ein mann med mykje makt og lite forstand, og både han og opplysningsideane hans får køyrt seg frå første stund. Den naturvitskaplege tilnærminga hans gnissar mot dei mytiske og religiøse tenkemåtane hjå folket han møter. I denne romanen går sosial indignasjon i spann med det absurde, det tragiske og det groteske.

«W» og «Reisen til livsvannet» dekkjer 50 år av europeisk historie på originalt og medrivande vis. Begge desse kan vinne prisen.

Anmeldelse: «Reisen til livsvannet» av Bergsveinn Birgisson

Men om den tredje favoritten min vinn, dett eg av stolen. Kort sagt: Over til noko heilt anna. Noko verkeleg annleis.

Jonas Jönson og boken «Marginalia/Xterminalia»

Johan Jönson har skapt eit verk som gir lesarane skikkeleg motstand.

Foto: JOHAN JÖNSON / Javier Ernesto Auris Chavez / ALBERT BONNIERS FÖRLAG/NRK
  • Forfattar: Johan Jönsson
  • Tittel: «Marginalia/Xterminalia»
  • Land: Sverige

Johan Jönson frå Sverige kjem med dobbeltsamlinga «Marginalia/Xterminalia». «Marginalia» er dikt, mens «Xterminalia» er ein tekstkollasj. Kva desse orda tyder? Sei det, Jönson lagar ord. Kva skriv han om? Alt, tenkjeleg og utenkjeleg. Til tider glasklart, andre gonger uhyre komplisert og innimellom komplett uforståeleg.

Eg veit ikkje om langsam og grundig lesing ville opna større deler av teksten. Men dersom ein gir slepp på ideen om at ein må forstå alt, opnar det seg eit underleg univers der det grovkorna blandar seg med lærde passasjar mens den stadig tilbakevendande kritikken av kapitalismen går hand i hand med historier om det vakre og vanskelege livet – og døden, naturlegvis.

Som eit refreng gjennom heile «Marginalia» går linjer om pengar, her eit lite utval:

Pengarna räcker inte/Jag måste få mer pengar/Jag fattar inte var pengarna försvann/Jag älskar när vi har pengar/När pengarna finns kan jag sova/Jag skulle vilja äga pengar

Same kva det handlar om, er pengane der. Eller: vanlegvis er dei ikkje der, og det er problemet. Mangelen på pengar styrer livet. Teksten er nesten hypnotiserande, der ein hengjer seg på pengeomkvedet og svingar seg vidare i teksten utan å ane kva som ventar på neste linje.

Eg er imponert over Johan Jönson som har skapt eit verk som gir lesarane skikkeleg motstand. Eg applauderer forlaget som har gitt det ut, eg har respekt for den svenske juryen som har klint til og sendt dette verket ut til resten av Norden. Og dersom den nordiske juryen ropar ut «Johan Jönson» som vinnar av Nordisk råds litteraturpris på tysdag, ja då dett eg altså av stolen.

Desperat poesi

Yahya Hassan og boken "Yahya Hassan 2"

Språkleg fantasi frå Yahya Hassan.

Foto: IDA GULDBAEK ARENTSEN / Javier ernesto Auris Chavez / NTB/NRK
  • Forfattar: Yahya Hassan
  • Tittel: «Yahya Hassan 2»
  • Land: Danmark

«Yahya Hassan 2» er den andre og tragisk nok siste boka av Yahya Hassan, «født 1995. stadig statsløs palæstinenser med dansk pas.» Slik presenterer han seg sjølv bak på boka.

I den første diktsamlinga si, «Yahya Hassan», skildra han livet som «perker» i Danmark og ikkje minst skildra han vald og dobbeltmoral i det danske, palestinske miljøet.

Boka vart ein enorm suksess og forfattaren fekk livvakter og skotsikker vest. Ikkje alle likte det dei las.

I bok nummer to er han suksessforfattar, kriminell, i fengsel, på psykiatrisk institusjon. Livet er radikalt endra:

«FREMMEDE BLEV BEKENDTE/OG BEKENDTE BLEV FREMMEDE FOR MIG/MENS FREMMEDE VILLE KENDE MIG/VILLE BEKENDTE IKKE LÆNGERE KENDES VED MIG/MIN SKYGGE FORLOD MIG/ OG EN SKIKKELSE NEDFÆLDEDE SIG OVER MIG/SENERE BLEV JEG EN KARIKATUR AF MIG SELV»

Yahya Hassan skriv, skreiv, med store bokstavar, utan teikn. Tekstane er rop, men dei er også komponerte med stor eleganse, språkleg fantasi og eit emosjonelt trykk som kan ta pusten frå ein lesar. Dette er alvor.

«TVANGSINDLAGT PÅ SINDSYGEHOSPITALET I RISSKOV/HER ER INGEN KÆRE DOMMER»

Når døden oppsøkjer dei aller nærmaste

Ein treng ikkje oppsøkje «Nordic noir»-sjangeren for å møte døden i nordisk litteratur. Det held å finne bøker om familie. I bunken av nominerte er det tre bøker der døden oppsøkjer ein familie, og nei, det er ikkje snakk om vald.

Juha Itkonen og boken "Alt under ett"

Det er høgt emosjonelt trykk i boka til Juha Itkonen.

Foto: LAURA MALMIVAARA /Javier Ernesto Auris Chavez / NORDISK RÅD/NRK
  • Forfattar: Juha Itkonen
  • Tittel: «Allt ett under»
  • Land: Finland

Juha Itkonen har kalla romanen «Allt ett under» ein autofiksjon, og dermed ligg det eit biografisk materiale til grunn for historia. Her får eit tilsynelatande harmonisk par vite at fosteret som skal bli barn nummer tre i familien, ikkje utviklar seg normalt.

Det blir opp til dei to å bestemme om dei vil bere det fram eller ikkje. Dei blir ikkje samde, og tek seg i å ønske at dei ikkje hadde visst noko, eller at legen hadde fortalt kva dei skulle gjere.

Den etiske sida er interessant, og det emosjonelle trykket er høgt, men det blir vel mykje dagleg liv i Norden og alle dei små greiene som kjem og går. Vi er for tett på. Det er ikkje eit etisk problem her, men eit estetisk.

ODDFRÍÐUR MARNI RASMUSSEN og boken «Først når ...»

Oddfridur M. Rasmussen har skrive ei bok om å leve nær døden.

Foto: ODDFRÍÐUR MARNI RASMUSSEN / Javier Ernesto Auris Chavez / NORDISK RÅD/NRK
  • Forfattar: Oddfridur M. Rasmussen
  • Tittel: «Først når ...»
  • Land: Island

Det same gjeld til ei viss grad romanen «Først når ...» av færøyske Oddfridur M. Rasmussen. Elsa får diagnosen hjernekreft og ho og mannen, forfattaren Janus, må stå i det gjennom ulike fasar. Eg veit ikkje om denne romanen er autofiksjon, men det tette og inn i detaljen-grepet blir utmattande.

For begge romanar kan det gjelde at nett dei små endringane innanfor seriar av repetisjonar er eit formgrep som skal illustrere korleis det er å leve nær døden. Like fullt er eg kritisk til det.

Beste delen av romanen til Rasmussen er skildringa av livet til Janus etter at Elsa er død.

Han er nemleg ein tørrlagt alkoholikar som har lova å ikkje drikke. Denne lovnaden meiner han seg løyst frå når ho er død, og under minnestunda etter gravferda sit han klar med brennevinsflaska innanfor dressen. Romanen går over i ei historie om grenseoverskridande fyll. Ikkje bra for drankaren naturlegvis, men boka har godt av det.

Mikaela Nyman og boken «När vändkrets möter vändkrets»

Mikaela Nyman reflekterer kring det å leve på to ulike delar av kloden.

Foto: STEVE KING / Javier Ernesto Auris Chavez / ELLIPS FÖRLAG/NRK
  • Forfattar: Mikaela Nyman
  • Tittel: «När vändkrets möter vändkrets»
  • Land: Åland

Åland er denne gongen representert med diktsamlinga «När vändkrets möter vändkrets». Forfattaren, Mikaela Nyman, bur i New Zealand, og har delt opp boka i avdelingane «Kräftans vändkrets» som altså er det nordlege delen av kloden, og «Stenbockens vändkrets» som er den sørlege. Ein tråd gjennom samlinga er eit menneske, ei ung kvinne som er sjuk og til slutt døyr av kreft.

Her er fleire gode bilde, som når den sjuke, som viser seg å vere ei søster, proklamerer at ho vil heim, og det lyriske eg-et blir brydd ved tanken på at ho allereie har lagt fram svarte klede til gravferda. Det finst også dikt frå tida etter at søstera er død, her er diktet «Fem år etter»:

«Ditt mobilnummer nänns jag inte /radera. Fast numera/ringer jag inte och lyssnar/ til änglabruset i hopp om at du/ska svara, skyndar alltid/att lägga på innan en kroppslös /röst insisterer detta nummer är inte längre i bruk.»

Elles går det mykje i refleksjonar kring det å leve på to ulike delar av kloden, og her trekkjer forfattaren inn maoriske myter og norrøn mytologi.
Det er ei samling gjennomarbeidde dikt som opnar seg i mange retningar.

Likevel vil det overraske meg om nokon av desse tre bøkene vinn prisen. Ikkje fordi dei er dårlege, men fordi det finst bøker i bunken som er betre.

Ungdommens råskap

Monika Fagerholm og boken "Vem dødade bambi"

Poetisk språk frå Monika Fagerberg.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NTB/NRK
  • Forfattar: Monika Fagerholm
  • Tittel: «Vem dödade bambi?»
  • Land: Finland

Om finlandssvenske Monika Fagerholm får prisen, er det ikkje overraskande.

Romanen «Vem dödade bambi?» er ein roman som får ein til å tenkje. I sentrum står Sascha, som knapt kjem til orde. Ho blir valdteken av eks-kjærasten Nathan og venene hans etter tur, på ein fest. Det skjer inne i det lydisolerte musikkstudioet til Nathan.

Dette er ikkje historia til offeret, men til overgriparane og familiane deira. Ein av dei, Gusten, ønskjer å tilstå, men offeret vil heller ha pengar for å teie og stikke. Er det ein rett å tilstå? Ei plikt? Kan offeret krevje at alle held kjeft?

Mora til Nathan ser slik på det:
«Nu ska vi vända blad och en vacker dag har vi vänt så många blad att ingenting av det här har hänt.»

Det ligg også eit klasseperspektiv her, på kryss og tvers gjennom historia. Monica Fagerholm arbeider ikkje med sjablongar, ho byggjer folka sine frå grunnen.

Det poetiske språket kan gjerne dukke opp midt i det fryktelege her også, slik det gjer i «W» av Steve Sem-Sandberg.

Bjørn Esben Almaas og boken "Den gode vennen"

God bok frå Bjørn Esben Almaas, men han når neppe til topps.

Foto: LENE SØRØY NEVERDAL/Javier Ernesto Auris Chavez / NRK
  • Forfattar: Bjørn Esben Almaas
  • Tittel: «Den gode vennen»
  • Land: Norge

Gutane i «Vem dödade bambi?» var i tenåra. I ein av dei to norske romanane, «Den gode vennen», er det barn som plagar barn. Romanen opnar med at ein mann står i ein gardinbutikk saman med kona. Der dukkar det opp ein kar frå barndommen. Vår mann må ut av butikken. Fort.

Så går turen tilbake til barndommen, og deretter vekslar romanen mellom notidslivet som vaksen og ein periode av barndommen. Forfattaren Bjørn Esben Almaas fortel barndomshistoria baklengs, slik at vi først på slutten får heile bildet. Notidshistoria går same vegen som klokka.

Eg meiner det skaper unødig forvirring. Notida slit også med å halde på interessa, eg vil tilbake til barndommen, det er der det brenn.

Dette er inga dårleg bok, men eg tviler på om det er ein vinnar når eg samanliknar med dei beste.

Anmeldelse: «Den gode vennen» av Bjørn Esben Almaas

Norsk outsider

Matias Faldbakken og boken "Vi er fem"

Matias Faldbakken kan vinne om juryen har sans for ei skrøne.

Foto: FRANK MAY / Javier Ernesto Auris Chavez / DPA/NRK
  • Forfattar: Matias Faldbakken
  • Tittel: «Vi er fem»
  • Land: Norge

Matias Faldbakken skreiv ein av dei raraste romanane på norsk i fjor, og mange likte det dei las. Det gjorde blant anna juryen i «P2-lytternes romanpris» som kåra «Vi er fem» til årets beste roman.

Mor, far, to barn og bikkja Snusken bur på flatbygdene og har det heilt greitt, inntil far ein dag tek til å romstere med noko leire og greier inne på verkstaden. Verre blir det når ein av dei riktig dårlege venene kjem på besøk. Han har med seg stoff som set i gang kjemiske reaksjonar både i eltemaskina og i hovudet på den etter kvart ikkje fullt så stødige familiefaren Tormod.

Leirkladden tek til å røre på seg og kvardagen er ikkje lenger den same for familien. Bygdehistoria får noko gotisk over seg, og ein dash Frankenstein, kanskje? Det er mangfaldige måtar å lese denne romanen på.

Ein outsider som kan nå fram viss juryen har sans for ei god skrøne.

Anmeldelse: «Vi er fem» av Matias Faldbakken

Nillas Holmberg og boken «Såle»

Listig joik frå Niillas Holmberg.

Foto: MAREK SABOGAL / Javier Ernesto Auris Chavez / NORDISK RÅD/NRK
  • Forfattar: Nillas Holmberg
  • Tittel: «Såle»
  • Land: Det samiske språkområdet

Niillas Holmberg frå det samiske språkområdet har to ting felles med Faldbakken: Han har skrive ei bok som ikkje passar inn i nokon kategoriar, og han er både bildekunstnar og forfattar. Forresten ein ting til: Dei er begge originale forfattarar.

Diktsamlinga «Såle» er like mykje ei bildebok med illustrasjonar som spelar opp mot teksten. Holmberg bevegar seg inn i klassiske samiske spørsmål, men vi er langt unna reinsdyr og vidde her. Ikkje noko gale med reinsdyr og vidde, men Niillas Holmberg er ein av dei samiske forfattarane som tek i bruk eit moderne formspråk og som listar seg inn på spørsmål om kven som har retten til jorda bokstavleg talt gjennom skosolane vi trør på jorda med. Og det handlar ikkje berre om rett, det handlar også om forvaltning.

«Bjørkene er halvnakne./Falne rettigheter dekker landskapet./Ei raketann knekker under en støvel.»

Rundt dette skaper forfattaren eit assosiasjonsunivers i ord og bilde. Boka er blitt kalla ein «Listig joik», det er godt sagt. Listig, men også kryptisk, deler av dikta er på grensa til å vere interne og lukka om seg sjølv. Den listige joiken går nok ikkje heilt til topps.

Moderne liv

Heilt til slutt kjem to bøker som på ulike vis spelar opp mot det moderne, urolege mennesket. Her dukkar det opp fleire som saknar tilknytingspunkt.

HANNE HØJGAARD VIEMOSE og boken «HHV FRSHWN Dødsknaldet i Amazonas»

Det er moro å lese boka til Hanne Højgaard Viemose.

Foto: HANNE HØJGAARD VIEMOSE / Javier Ernesto Auris Chavez / NORDISK RÅD/NRK
  • Forfattar: Hanne Højgaard Viemose
  • Tittel: «HHV FRSHWN Dødsknaldet i Amazonas»
  • Land: Danmark

Danske Hanne H. Viemoses roman ber den forbløffande tittelen «HHV FRSHWN Dødsknaldet i Amazonas», der klasen av store bokstavar kan vere ein komprimert versjon av namnet på forfattaren og ein dansk by.

Hovudpersonen er eit ekstremtilfelle av ei ung kvinne, som råkar ut i ekstremerfaringar og ekstremtilstandar, mellom anna i Peru, der ho ein gong drog for å hjelpe, men det ho oppnådde var å rote det til. I notida har ho to barn med ein islending som ho skil seg frå og dreg tilbake til Danmark.

Boka er smekkfull av rim, regler, pussige formuleringar frå barnemunn og omvridingar på kjende sitat, som «Se mit hjerte, det er sort som satan».

Dette er historia om ei kvinne som ikkje brenn inne med det, men som i staden tek det heilt ut.

Det er litt sånn hei, kor det går-bok. Moro å lese, men neppe ein vinnar.

Fríða Ísberg og boken "Kløe"

Merk deg namnet Fríða Ísberg.

Foto: Gassi/Javier Ernesto Auris Chavez / Nordisk Råd/NRK
  • Forfattar: Fríða Ísberg
  • Tittel: «Kløe»
  • Land: Island

Islandske Fríða Ísberg får æra av å avslutte denne turen gjennom Norden på 13 bøker. «Kløe» er 14 små noveller der kløen kan vere både konkret og i overført meining: Ei uro, eit irritasjonsmoment. Novellene spenner frå det heilt greie, fort gløymte og til studiar som festar seg. Slike som det vaksne paret som let sonen og kjærasten bu hjå seg i ein overgangsfase og blir brydd av støyande sex, mobba for kjøteting og generelt sett framande i eigen heim.

Eller ho som veit det står noko fint om sonen i avisa, men det hersens avisbodet dukkar ikkje opp og avisbunken blir liggjande innpakka i plast heile dagen.

Fríða Ísberg veit å gjere det knapt, og ho stolar på at lesaren toler å leve i uvisse ei side eller to før ho zoomar ut og viser oss bildet.

Det er snedig gjort og Fríða Ísberg er eit namn å merke seg. Men neppe som prisvinnar denne gongen.

Og vinnaren er ...

Det er høgt nivå og stor variasjon i denne eksklusive bunken av handplukka bøker frå Norden. Det kan verke som om ideen om ein viss type «Nordisk råds litteraturpris-litteratur» er historie. Bøkene treng ikkje å vere representative for den heimlege litteraturen og dei treng ikkje vere lagt til eit landskap som er karakteristisk for landet.

New Zealand, Peru og Sentral-Europa er heilt greitt, kollasjar og margnotatar og sjangerblandingar er med på å skape eit meir nyansert bilde og det er bra. Aktuelle spørsmål, akutte kriser og tidlause, eksistensielle knutar er med. Stilnivåa varierer, dels innanfor det enkelte verket. Trass i at døden er ein tråd gjennom dei fleste av bøkene, er det mykje liv på sidene.

Blir det skandalar på gallaen i år som i fjor? Vanskeleg å spå, men truleg får ikkje skandalar same susen når alt skal føregå digitalt.

Og for første gong på lenge er det ingen bøker som eg tenkjer ikkje bør få prisen fordi dei ikkje er gode nok.

Men favorittane er klare; Steve Sem-Sandberg, Bergsveinn Birgisson, Jonas Jönson (som neppe får prisen) og Monika Fagerholm. Tysdag 27. oktober kjem svaret.

Kulturstrøm