Anmeldelse

Sugande historie om klumpen frå helvete

Matias Faldbakken kan dette med å skildre vrangsida både i folk og i... nei, det får vente.

Matias Faldbakken

DJEVELSKAP: Mens Faldbakken let djevelskapen liggje i tjukke lag i romanane han skreiv under psevdonymet Abo Rasul, porsjonerer han meir forsiktig i dei nye romanane. Men før eller seinare dukkar det opp, denne gongen i form av ein heilt fysisk sak: ein klump leire.

Foto: Ivar Kvaal / Forlaget Oktober

Kone, to barn, villa og vovvov. Eller, med andre ord: kjerring og ungar, hus på bygda og bikkja Snusken. Til saman fem. Far er snikkar; mor er frisør. Heilt greie folk, heilt greitt liv.

Bortsett frå at hjå Faldbakken finst ikkje noko slikt som heilt greie folk og heilt greie liv. Det er sprekker i pussen og lengt etter noko anna ein taus plass langt inne. Alternativt: dårlege vener med destruktive tendensar som kjem og rotar det til for uskuldige offer. Det kjem an på kven du spør.

Her får vi tidleg vite at far Tormod allereie i ungdommen rota seg bort med alkohol og annan rus saman med ein dårleg ven, men kjærasten Siv, no kone, heldt fast i han og etter det har det gått greitt. Heilt til...

Ute av kontroll

Forfattaren er ein meister i å byggje sakte opp til ting. Familiefaren har saker på gang i verkstaden, han miksar greier, den dårlege venen frå ungdommen kjem med nokre ingrediensar som far kan snorte og andre som kan hivast i eltemaskina, og så ballar det på seg.

Merkelegare substansar har ikkje vore blanda av romanpersonar sidan Tomas Olsen Myrbråten kokte i hop ei gjærande gjurpe som kunne brukast til nesten alt, i Thure Erik Lunds «Compromateria» i 2002.

I «Vi er fem» endrar historia karakter. Klumpen i eltemaskina kjem ut av kontroll, det let seg ikkje skjule lenger. Det går rykte på bygda.

Elegant uhygge

Den tilforlatelege verkstaden til den nevenyttige, trauste Tormod vrengjer seg og får preg av skummelt laboratorium, der uforståelege prosessar skjer i kolbane til den gale professoren.

Faldbakken boltrar seg med hint til mytar, bøker, filmar og heilt sikkert til dataspel med nyklekka mytologiar for barn og vaksne. For ikkje å øydeleggje spenninga skal eg la vere å vasse ut i den materien, men halde meg på tørt land, halde inne med historia om kvar hunden – altså Snusken – ligg gravlagd, og slett ikkje fortelje korleis det går til slutt.

Men kva er greia? «Vi er fem» kan lesast rett fram, som ei underhaldande, ekkel og etter kvart uhyggeleg historie. Det går også an å reflektere over kor skjør normaliteten er, og kor kort vegen er frå ein kvardag som let seg handtere og over til det komplett ustyrlege.

Den analytiske kan finne glede i å studere kor saumlaust og elegant forfattaren manøvrerer frå bygderealisme og attkjenneleg norsk familiedynamikk og over i heilt andre sjangrar.

Historia fungerer så det susar uansett korleis ein vel å gå inn i ho.

Om ein kan lære noko? Pass deg for tause karar med 70 kvadratmeter stor verkstad og eltemaskin.