Anmeldelse

Herleg blanding av absurditetar og sosial tragedie

«Reisen til livsvannet» har alt ei historisk skrøne skal ha. Islandske Bergsveinn Birgisson har lagt inn ein sterk søknad til juryen for Nordisk råds litteraturpris.

Bokomslag "Reisen til Livsvannet" og Bergsveinn Birgisson

NOMINERT TIL NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS: Islandske Bergsveinn Birgisson si siste bok, er ei dryg skrøne som ber på djup sanning.

Foto: Helge Skodvin / Vigenostad & Bjørke

Romanen er trygt forankra i ramsalt islandsk historie, grundig marinert med folketru, kontrafaktiske «tenk viss»-fabuleringar, absurde og tragiske kulturkollisjonar – for ikkje å gløyme tydelege spark til vår eiga tid.

Vi skriv året 1785. Jorda har rivna og lavaen strøymer ut over bøar og bygder. Det har skjedd før, men denne gongen sluttar det aldri. Det legg seg ein dis over landet som øydelegg livsgrunnlaget til folk. Er det Gud eller djevelen som er ute?

Magnus Aurelius Egede, opplysningsmann og kongeleg utsending, har ei anna forklaring: han hevdar med fynd at det er blinde krefter i naturen som herjar. Den skrøna går ingen islendingar på.

Gjennom heile romanen gnissar dei to ulike måtane å fortolke verda på mot kvarandre: den naturvitskaplege og den mytiske. Og sjølv om dei færraste moderne lesarar vil tru at ein hane kan spå kvar drukna menneske ligg på havbotnen, så er det nok av situasjonar der den snevre trua på vitskap og fornuft kjem til kort.

Stor makt og liten forstand

For korleis skal ein leve med naturen, og korleis skal ein oppføre seg mot folk som er fattige, uvitande?

Så lenge Aurelius bokstavleg talt sit på sin høge hest, ser han ned på fattige og overtruiske stakkarar som er han underlegen på alle vis. Både Gud, kongen og fornufta står trygt på same standpunktet.

Vår mann til hest har eit oppdrag, endåtil to: Han skal utføre topografiske målingar på den nordvestlege delen av Island. Og han skal vurdere om dei arbeidsføre islendingane bør flyttast til Finnmark og København. Så kan «fattiglemmer, dagdrivere, avfeldige gamlinger, ringeaktede og skittenferdige, umåteholdne og syke, hestespisere» og anna pakk bli att.

Ideen vart faktisk vurdert som ei mogleg løysing av islandsproblemet på 1700-talet. Kva skal verda, i dette tilfellet Danmark, med folk som ikkje kan gjere nytte for seg?

Gripande, grufullt og gøy

I romanar er det verken Gud eller djevelen som rår; der styrer forfattaren. Og Bergsveinn Birgisson sender den høgmodige dansken inn i prøvingar der verdiuniverset hans får rista seg skikkeleg.

På vegen får forteljaren i Birgissons univers fortalt ei historie om ei grisk og uforstandig kolonimakt som gjer livet vanskelegare for folk som slit. Og, som i den gripande romanen «Svar på brev frå Helga», får han vist fram kreftene som hindrar elskande i å få kvarandre.

Den sosiale indignasjonen går heile tida i spann med det absurde, det komiske og det groteske. Det er uhyre presist og musikalsk utført. «Reisen til livsvannet» er ei rik kjelde både til morskap og ettertanke.

Anbefalt vidare lesing: