Hopp til innhold

Yahya Hassan dømd til fengsel

Den danske diktaren Yahya Hassan er dømd til eitt år og ni månader i fengsel. Men han er frikjent for den grovaste delen av tiltalen.

Assault Yahya Hassan

Den danske diktaren Yahya Hassan er dømd til eitt år og ni månader i fengsel. No skal han skrive dikt frå fengselscella.

Foto: Jacob Ehrbahn / AP

Den danske diktaren var tiltalt for i alt 35 lovbrot, blant anna for å ha skote ein 17-åring i foten. Han tilsto fleire av lovbrota, men hevda at han skaut i sjølvforsvar. Og det fekk han gjennomslag for i retten, melder Danmarks radio.

Men er likevel funnen skuldig i ein mildare del av tiltalen som går ut på at han har «nogens liv eller førlighed» for fare.

Skaut ikkje for å skade

Bakgrunnen for rettssaka var at Yahya Hassan, etter ein periode med trugsmål og overfall, tok med seg ein skarpladd pistol då han skulle kjøpe pizza i Aarhus. Då møtte han 17-åringen, og det utvikla seg til ein episode der Hassan skyt tre skot i bakken. Det eine treffer 17-åringen i foten.

Yahya Hassan seier han ikkje skaut for å skade, men for å forsvare seg.

Aktor la ned påstand om tre år i fengsel, men retten har meint at ei noko kortare straff er passande. Hassan må betale bøter på til saman 40.000 danske kroner, og sakskostnader på nesten 1900 kroner. I tillegg blir Mercedesen og motorsykkelen hans inndregen. Hassan mister også førarkortet i eitt år, skriv Politiken.

Han kjem ikkje til å anke dommen, opplyser forsvararen hans.

Blei kjend over natta

Politi utenfor Litteraturhuset Yahya Hassan-besøk

Politiet var til stades då Yahya Hassan besøkte Litteraturhuset i Oslo i 2014.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Yahya Hassan blei ei litterær superstjerne i Danmark, då debutboka hans, «Yahya Hassan», kom ut i 2013. Boka selde i over 100.000 eksemplar i Danmark. I boka tok han eit oppgjer med kjønnsrollene i innvandrarmiljøa i Danmark, og si eiga fortid som kriminell.

På grunn av trugsmål etter at boka kom ut, måtte Hassan ha livvakter døgnet rundt. Men etter kvart sa diktaren frå seg politivaktene fordi han kjende seg ufri. I staden skapte han overskrifter i Danmark om vald og dop. Og han kom med oppdateringar på sosiale medium om at han var truga og var i krig med bandar i heimbyen Aarhus.

Det fekk enkelte til å spørre seg om Hassan var i ferd med å miste kontrollen.

No må Yahya Hassan, som har site varetektsfengsla sidan mars i år, skrive si neste bok frå fengselet.

Danske Yahya Hassan brakdebuterte i fjor høst med en diktsamling som raskt ble trykket i 100.000 ekemplarer. Han skriver om vold i egen famile og tar et oppgjør med hykleriet i eget oppvekstmiljø blant innvandrere. Det har ført til dødstrusler. Bokprgrammet har møtt ham med to sikkerhetsvakter på slep hos hans forlag i København.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober