Hopp til innhold
Analyse

Norden går av skaftet

Både naturen, seksualiteten og tida er ute av vater i bøkene som er nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Bokomslagene til Roda rummet og Løpe ulv

FAVORITTAR: I eit år der sex og science fiction står sterkt, er den finske komikaren Kaj Korkea-aho og den svenske forfattaren Kerstin Ekman dei heitaste kandidatane til å vinne Nordisk råds litteraturpris, meiner Marta Norheim.

Foto: Aschehoug, Förlaget og NIKLAS SANDSTRÖM/NORDISK SAMARBEID

Tysdag 1. november får vi vite kva som er den beste boka i Norden nett no, i alle fall ifølgje den tverrnordiske komiteen som skal dele ut prisen.

Mens debattane i Helsingfors, på den 74. sesjonen i Nordisk råd, skal gå om krigen i Ukraina og klimakrisa, skal ein av kveldane vere vigd musikk, film, barnebøker, klimaprosjekt og ikkje minst: vaksenbøker.

Bli kjent med naboane

Dei totalt 14 bøkene som er nominerte til Nordisk råds litteraturpris, gir eit godt bilde av kva som skjer.

Ikkje minst fordi det verkar som om juryane ikkje lenger er så opptekne av at bøkene skal representere landet sitt og aller helst ha handling lagt til typiske miljø eller vere plassert i landets historie.

Dermed får vi eit breiare bilde av litteraturen som blir skriven i landet, meir enn av landet sjølv.

Og sjølv om dei nasjonale komiteane neppe konfererer med kvarandre før dei skal nominere til Nordisk råds litteraturpris, viser det seg igjen og igjen at mange bøker i kvar årgang går inn i dei same spørsmåla.

Kjønn og sex

Det mest påfallande i år er faktisk kor mange som skriv om sex: forboden sex, S&M-sex med døden til følgje, lidenskapleg-poetisk homosex.

Her er fire av dei og mine vurderingar:

Bokomslaget til «Röda rummet» av Kaj Korkea-aho

S&M på finsk – ein favoritt

«Röda rummet» er ein klar favoritt. Finske Kaj Korkea-aho har skrive ein smått utruleg roman.

Ja, han har rappa tittelen frå August Strindberg, men historia er original: Ein fattig forfattar legg ut ei annonse der han lovar å skrive ein roman om den som vil gje han ein plass å bu.

Det blir vegen inn i eit miljø der grensene hans blir kraftig utfordra av sadomasochisme for vidarekomne.

At forfatteren også er komikar, slår sterkt gjennom i romanen. Men ikkje nett i dette avsnittet, der husverten prøver å forklare den fattige forfattaren om gleda ved total underordning. Til dømes på eit raudt soverom.

« Man har gett upp kontrollen, sa Aimo, och är helt i sin härskares händer. Det finns ingen vilja längre, ingen ambivalens eller rädsla eller lust. Man tappar tidsuppfattningen. Man är bara ett objekt och alldeles ett med den naturen.»

Bokomslaget til Eunukki

Livskunst ved keisarhoffet

«Eunukki» av finske Kristina Carlson, ein vemodig studie av eit menneske som fekk eit heilt anna liv enn det naturen hadde lagt opp til.

«Jag er sjuttio år, kanske lite yngre, kanske lite äldre. Jag vet inte exakt hur gammal jag är. Jag var nio år när jag blev skuren och stannade kvar i hovet.»

Evnukken Wang Wei ser tilbake på eit langt liv ved hoffet til den kinesiske keisaren. Eit tvers gjennom sympatisk verk, som neppe vil få prisen.

Bokomslaget til «Solhaven» av Beinir Bergsson

Dyrking av blomar og erotikk

Prisen skal truleg heller ikkje gå til «Solhaven» av Beinir Bergsson, «den aller første eksplisitte queer-diktsamling på Færøyane», ifølgje juryen. Her går skildringar av frodig planteliv i hagen til besteforeldra saumlaust over i dampande kåtskap:

«Bor fingrene ind i min ryg når jeg presser dig op mot væggen/hold om håndleddet og se pulsåren banke i min hals mens du ligger på ryggen»

Dei flytande overgangane mellom «sukkerblomsterne» i den gamle hagen og dampande erotikk der senga etter kvart blir som ein hage eller eit mikrokosmos, er fine ting. «Solhaven» er ein lovande start på queer-poesisjangeren på Færøyane.

Bokomslaget til Adam i Paradis av Rakel Haslund-Gjerrild

Forbodne drifter i atelieret

«Adam i paradis» skildrar homofil kjærleik i eit københavnsk kunstnarmiljø tidleg på 1900-talet. Strengt forbode, men kunstnaren Kristian Zartmann kan la unge menn kle av seg i atelieret når han skal måle Adam i paradiset, til dømes.

Forfattar Rakel Haslund-Gjerrild har eit stort spekter som spenner frå det såre via det løynde til det burleske. Som på karnevalet, festen for alle som har noko å skjule:

«-Hvem er du, spørger han og måler mig, ser pletterne på min kjole. Plukker en stump papmaché, der havde gemt sig i min moustache, med en næsten kærlig bevægelse.

-Jeg var en høne, men min maske gik itu, siger jeg…»

Zartmann var ingen suksess på karnevalet. Men boka om han vil nå høgt opp, kanskje til topps?

Kva er greia med å rote med tidsaksen?

Ein annen trend er tidsreiser. Ikkje berre ei, men to bøker handlar i år om at tida går ulikt for ulike menneske eller i ulike soner.

Dette er grep ein helst finn i science fiction og tilgrensande område. Eg har lese desse to bøkene, diverre med ei sterk kjensle av å misse poenget:

Bokomslaget til Solvej Balles «Om udregning af romfang»

Spekulativ prosa

Danske Solvej Balles «Om udregning af romfang» skal romme sju bind, og dei tre første er altså utkomne og nominerte. Dei er også i ferd med å kome ut i norsk omsetjing ved Trude Marstein.

Det er neppe tilfeldig, Marstein har i alle år omsett den danske forfattaren Helle Helle til norsk, og dei tre har heilt klart fellestrekk: ein vakker prosa som aldri forklarer for mykje, blikk for talande detaljar og eit skarpt, men overberande blikk på menneskeleg dårskap.

Men denne gongen dreg Balle frå den nøkterne gruppa og skriv det ho kallar for «spekulativ prosa». Hovdpersonen Tara Selter blir fanga i datoen 18. november. Samhandlinga med resten av verda er uhyre komplisert og stoggar etter kvart opp.

«Jeg har telt dagene. Det er min attende november #122. Jeg har kommet langt bort fra den syttende, og jeg vet ikke om jeg noen gang får de den nittende. Men den attende kommer igjen og igjen.»

Ho er først heilt stasjonær på gjesterommet i sitt eige hus, i bind to tek ho ut på reiser og i bind tre møter ho Henry Dahle som har det på same måten som henne.

Språket er vakkert, Tara er eit menneske som verkeleg prøver å finne ut av det, den danske kritikken er svært positiv, men eg slit med å forstå kva som er poenget med dette grepet.

«Le Bureau»-stemning

Det same slit eg med under lesinga av «Forstyrrelsen» av islendingen Steinar Bragi.

Her har ein heil bydel i Reykjavik gått inn i ei sone der tida går seinare.

Fagfolk av ymse slag greier å kome seg gjennom sløret rundt byen og prøver å finne ut av kva som skjer. Alle luskar på kvarandre og det blir ein slags «Le Bureau»-stemning.

Igjen: Dette er eit intrikat og imponerande verk, men eg forstår ikkje poenget.

Konklusjonen er igjen at eg kjem til kort som kritikar på grunn av manglande sjangerkompetanse.

Arktis og psykose

Kanskje vinnaren er gøymt i historier om psykose, Arktis og magiske steinar? Juryen har overraska før:

Jessie Kleemann: «Arkhticós Dolôros»

Grønland henta prisen heim for første gong i fjor, med romanen «Blomsterdalen». Vanlegvis nominerer Grønland ei diktsamling der naturen står sterkt, og det har også skjedd i år.

Kleemanns er eksperimentell i forma. Ho hentar stoff frå historie og mytologi, utvide perspektivet, og slår ofte over i engelsk. Tittelen spelar på at Arktis smeltar og lir.

Diktbok skrevet av Mary Ailonieida Somby Sombán Mari

Mary Ailonieida Sombán Mari: «Beaivvás Mánát/Leve blant reptiler»

Den allsidige samiske kunstnaren Mari skriv ikkje vemodige dikt om tap av land og kultur. Ho skriv rasande, anklagande, kritiske og tydelege dikt om det.

Meir enn halve boka er berre på samisk. Illustrasjonane er ved forfattaren.

Elisabeth Jökulsdottir: «Aprilsolskinskulde»

Denne sjølvbiografiske romanen frå Island er ei tidsreise til Reykjavik frå 1970-talet og framover. Den unge kvinna får etterkvar diagnosen bipolar.

Skildringa av ei psykose innanfrå mot slutten av romanen er heftig lesnad.

Jesper Larsson: «Den dagen den sorgen»

Den svenske forfattaren Jesper Larsson skildrar forholdet mellom ein einsleg far og tenåringsdottera hans, som han gradvis misser kontakten med.

Dottera skjemst over at han er handverkar og har svarte render under neglene, det har ingen av dei andre fedrene i klasen. Ein dag er ho borte.

Karin Erlandsson: «Hem»

I romanen frå Åland spelar sjølve øya ei hovudrolle. Vi møter personar som har budd på øya gjennom tusenvis av år. Kvar epoke får sitt eige, novelleaktige kapittel.

Felles for alle er også at dei finn ein svært særeigen stein med eit ringmønster på, som gjev meining på ulikt vis i dei ulike historiene.

Ekman kan vinne igjen

Ein stor favoritt er «Løpe ulv» av den no 89 år gamle Kerstin Ekman, som dersom ho får prisen vil vere den eldste prisvinnaren nokosinne og den første som har fått prisen to gonger.

Om prisen går til Ekman, er det ikkje på grunn av desse potensielle rekordane, men på grunn av den særeigne historia om jegeren som ein dag ser ein ulv i sitt rette element.

Jegeren eig skogen, men det er ulven som bur der. Livet blir aldri det same etterpå for nokon av dei.

Det kan godt bli ein nordmann

Den norske juryen har nominert «Jente, 1983» av Linn Ullmann og «Dette er G» av Inghill Johansen.

«Jente, 1983» handlar om å søkje bakover til ein «dritthistorie» og prøve å hugse kva som skjedde då jenta (16) hamna i seng med vaksen mann.

Og ja, dette er nok ein roman som handlar om sex og alt det rundt.

Mens «Dette er G» er på si side ein underfundig liten roman om eit kollektiv som bur i dalen G, og om ein person som lever der men har eit flytteprosjekt ho ikkje tek lett på.

Tida går, hus forfell, menneske døyr og nokon må flytte. Johansen skildrar det lakonisk, utan å peise på med kjensler.

Og vinnaren?

Mange kan få prisen, eg satsar på finsk sadomasochisme i «Röda rummet», eller svensk ulvehistorie i «Løpe ulv».

Tysdag kveld klokka 19 får vi svaret.

Direktesendt gallasending fra Helsingfors. Nordisk råds høyt aktede kulturpriser innen litteratur, film, musikk og miljø deles ut.

SJÅ DIREKTE KL 19: Gallasending frå Helsingfors. Nordisk råd deler ut sine høgt akta prisar innan litteratur, film, musikk og miljø.

Anmeldelse av «Løpe ulv» «Oppslukande om klima og miljø»

Kombinasjon av omslaget til boka «Løpe ulv» av Kerstin Ekman.

Anmeldelse av «Jente, 1983» «Balanserer elegant på knivseggen»

Bokomslag og forfatterportrett av Linn Ullman for boken «Jente, 1983».

Anmeldelse av «Dette er G» «Tryllar alminnelege livserfaringar om til fengslande litteratur»

Inghill Johansen gir ut romanen "Dette er G" hausten 2021.
Niviaq Korneliussen

OVERRASKANDE: Juryen har overraska før – i fjor stakk Niviaq Korneliussen frå Grønland av med prisen, som er statuetten «Nordlys» og 300.000 danske kroner.

Foto: Martin Sylvest/Ritzau Scanpix / NTB

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.