Figueiredos dramatiske glideflukt

Ivo de Figueiredos bok om norsk scenedramatikk etter Ibsen er eit gledeleg verk og eit stort løft. Men boka kunne med enkle grep blitt meir av eit referanseverk enn ho er.

Forfatter og historiker Ivo de Figueiredo

Dramaet er stebarnet som i stor grad er forsømt både i litteraturvitskapen og teatervitenskapen, skriv Figueiredo i boka «ord/kjøtt».

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Overblikk og lesedrops ventar den som opnar Ivo de Figueiredos nye skattkiste. Boka med den litt jålete tittelen ord/kjøtt er eit oversiktsverk om norsk scenedramatikk frå Ibsen til Fosse.

Underhaldande murstein

Forfattaren er historikar og produktiv sakforfattar som famnar sjangermessig breitt, frå eksperimentelle ungdomsbøker til true crime, frå lokalhistorie til idéhistorisk prega biografiar.

I 2006 og 2007 gav han ut ein tobinds biografi om Henrik Ibsen. Etter den hyra Dramatikarforbundet han til å skriva intet mindre enn norsk dramalitteraturs historie. Forbundet ville bøta på ein stor mangel i norsk kulturhistorisk litteratur.

Dramaet er stebarnet som i stor grad er forsømt både i litteraturvitskapen og teatervitenskapen, skriv Figueiredo. Dette saknet skulle nå fyllast, men alt på første side informerer han lesaren om at forsømmelsen er for stor til at boka kan bli «Det store verket om norsk scenedramatikk». I staden varslar han eit meir subjektivt grep: Han les seg gjennom dei 110 åra med dramalitteratur, han vil «fare som en måke over fjorden og stupe ned når jeg ser det glimte av sølv under overflaten.»

Han hevdar altså at så lite er skrive om norsk scenedrama, at ein større ambisjon er uråd å oppfylla. Min alvorlegaste kritikk mot boka gjeld den påstanden. Men lat meg først få fløyma over av ros.

Ord/kjøtt er ein murstein på 500 sider, bunden i svart, teksttung med lita skrift og utan fargebilde. Likevel har eg gledd meg stort medan eg las denne boka.

Figueiredos dramatikkhistoria er underhaldande, gripande og byr på friske tekstsprell. Boka er velskriven, velstrukturert og gjev meg ei kjensle av å bli velinformert og rett som det er velgjerande provosert.

Det var ei stor oppgåve Figueiredo gjekk laus på. Korleis gripa an eit lite ordna felt der fleire hundre forfattarar hadde lagt igjen endå fleire hundre drama?

Fem epokar pluss Krigen

Figueiredo begynnar med å dela dei hundreogti åra inn i fem hovedepokar pluss krigsåra. Berre i etterkrigstida ser denne epokeinndelinga ut til å vera styrt av vendepunkt innan dramatikken, før den tid ligg skilja ved verdskrigane.

Om skiljestikkene er vellykka plassert, er eg usikker på, men det neste grepet er flott, for innafor epokane vekslar teksten tydeleg mellom overblikk og djupdykk.

Kvart epokekapittel begynnar med avsnitt om kva som skjer ute i den store dramaverda, kva Noreg hadde av scenar å spela på i perioden, kva som blei skapt av dramatikk og kva som var hovudtendensar i denne litteraturen.

Så dukkar Figueiredo-måken ned og plukkar opp «sølvet», eit utval av dei beste dramaforfattarskapa i kvar tidsbolk, totalt rundt førti. Desse blir bretta ut for lesaren, stykke for stykke, med innzooming og sitat, fram til korte drøftingar av spørsmål eller scenisk problematikk som er relevant.

Eg har sjeldan hatt større glede av å lesa ei bok eg skulle melda.

Arnhild Skre / Om «ord/kjøtt»

Litt alderdommeleg

I norsk dramatikks første tiår etter Ibsen følgjer Figueiredo stort sett litteraturhistorias kategorisering med naturalisme, symbolisme og dekadenselitteratur.

Den store dramatikaren i første epoke var Gunnar Heiberg. Og det store spørsmålet sett frå vår tid, blir kvifor Heibergs dramatikk nå er bortimot gløymd?

Det drøftar Figueiredo, men er open nok til å lata spørsmålet stå utan endeleg svar. Tankegodset hos Heiberg var akterutsegla alt i hans eiga samtid, skriv Figueiredo, men samstundes peika formeksperimenta framover. I dag hentar teatra heller inn utanlandske stykke, enn å bry seg med å utforska og nytolka gamle.

Litt alderdommelig er han når han sorterer dramatikarar i denne epoken i bindestrekskategorien «kjønn-» som viser seg å vera «kvinne-». Sett frå vår tid hadde vel også fortidsmennene kjønn?

I neste epoke, frå 1913, svingar det meir, men så er vel det også ein av dei kulturhistoriske epokane med mest rørsle på få år. Kulturradikalismen, Freud og politisk ekstremisme skapte vital teaterfornying som også har relevans for vår tids drama. Figueiredo dreg særleg fram Helge Krog og Nordahl Grieg. Den sistes drama blir plassert blant det finaste sølvet, medan Figueiredo strevar meir med Krogs stykke der kvinnerollene er omdreiingspunktet. Kanskje hadde det hjelp om forfattaren hadde drege inn at Krog var nevø av kvinnesakspioneren Gina Krog og sto henne nær også i tankegodset?

Fart, mot og ro

I kvar epokane dvelar forfattaren roleg ved dei utvalde enkeltforfattarskapa, men han held også ein imponerande fart.

Figueiredo er djerv i grepa og deler sine vurderingar, også i omfanget han gjev forfattarar og fenomen: Nazisten Finn Halvorsens stykke er ikkje dårleg skrivne. Den tidlege etterkrigsdramatikken er betre enn tidlegare hevda. Det oppsøkande politiske teatret på 1970-talet får fire sider. Feminismestykka til Bjørg Vik og Nicole Macé får åtte. Bjørneboe får sytten og Figueiredo synest det er ei gåte at ikkje teatra spelar Bjørneboe lenger. I den siste teaterfasen slår han fast at Cecilie Løveids forfattarskap er det rikaste i norsk dramalitteratur.

Til slutt står sjølvsagt Fosse i eit eige lys.

Dersom nokon nå trur at Figueiredo i dette vide sveipet høgt og djupt, breitt og smalt, byr på trøyttande oppramsingar, må dei tru om att. I presentasjonen av dei mange forfattarskapa og stykka serverer han lesaren perler av tidskarakteristikk, referatkunst og innhaldsanalyse. I motsetning til det meste av kulturhistorisk litteratur, byr boka på temperament og vekkjer kjensler.

Eg felte tårer fleire gonger medan eg las gjennomgangen av Jon Fosses dramatikk.

Sakn

I innleiinga slår forfattaren fast at teatret er marginalisert sidan Ibsen, det har gått frå sentral kulturell og politisk arena, til statsstøtta kulturnisje. Den påstanden kan absolutt diskuterast.

Det same kan dei grove rissa over sosiale mobiliseringar som fører kraft til dramatikkproduksjonen. Her nemner Figueiredo arbeidarrørsla og bygderørslenes motkultur.

Eg saknar ei lang linje som nokon kallar «feminisme», men som eg heller vil kalla «kjønn i bevegelse». Denne lange omveltinga inspirerer, provoserer fram, prøver ut og driv fram dramaproduksjon gjennom alle hovedperiodane som dramatikkhistoria her blir delt i. Framstillinga ville i alle epokane tent på at kunnskap frå kjønnsforskinga, særleg maskulinitetsperspektivet, blei dregen sterkare inn.

Inkonsekvens

Boka er eit stort løft, men dei som ønskjer seg det store referanseverket om norsk scenedramatikk, har grunnar til å vera skuffa. Figueiredo har avgrensa seg i forhold til den ambisjonen, men grunngjevinga hans held berre eit stykke på veg.

Det er så lite forska og skrive om norsk scenedrama at det er uråd å skriva det store verket, hevdar han. Då kjennest det underleg å oppdaga at forfattaren let vera å visa fram det som faktisk finst av forsking og sentral sekundærlitteratur.

Heller ikkje viser han vidare til ein del av all litteraturen han har brukt og refererer til. I teksten der faktaopplysingar eller andres analysar er referert, manglar det for ofte kjeldeopplysningar. Til og med der direkte sitat frå annan litteratur er brukt, manglar det for ofte notar. I litteraturlista hans manglar fleire openberre titlar, også slike som er nemnde i teksten.

Det fører altfor langt å rekna enkeltmanglane opp her, men inkonsekvens ser dessverre ut til å pregar den sida av dette elles så konsekvent gjennomførte arbeidet.

Likevel:

Denne boka kan anbefalast alle som ønskjer å skaffa seg innsikt i norsk kulturhistorie, men er også ei must-have for den som tørstar etter ein lett tilgjengeleg Bluffer's Guide til norsk dramatikk.

Eg har sjeldan hatt større glede av å lesa ei bok eg skulle melda.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)