Hopp til innhold
Anmeldelse

«Avgrunnen» held det han lovar

Romanane til Kim Leine er marinert i kroppsvæsker, stank og ulike stadier av oppløysing av organisk materiale. På sitt beste understrekar effektane tematikken i historiene.

Kim Leine

Kim Leine er nett no ein av dei store i nordisk romankunst. «Avgrunnen» er hans femte roman.

Foto: Thomas Wiborg / NRK
Bok

«Avgrunnen»

Kim Leine

I romanen «Profetene i Evighetsfjorden» tok Leine oss til Grønland. I årets roman, «Avgrunnen», er det Finland som står for tur. Begge stader får vi ein fråfallen teolog som guide, begge stader stinkar det som nemnt, men der stoggar også dei openberre parallellane. Det finst nokon mindre openberre parallellar som eg skal kome tilbake til.

Kain og Abel i dansk versjon

Det er Ib og Kaj denne gongen. Eit dansk tvillingpar som vi først møter på veg til Finland, der dei, som to av sju frivillige danskar, skal kjempe på dei kvites side i borgarkrigen. Vi skriv 1918, Ib og Kaj er klare for å kjempe mot bolsjevismen. Men alles mest er dei klare for eventyr, spenning og heltedåd.

…det kan hende at maskinene holder på å overta krigføringen, kampvognene, flyene, maskingeværene og det nye, tunge artilleriet der en enkelt fotsoldat kan legge ned en hel bataljon. Men krig blir fortsatt utkjempet med blod. Blod er nødvendig gutter, (…) det er det innskuddet man må betale for å få lov til å delta, for å vise at man mener alvor. Blod kan en ikke komme utenom.

Kim Leine / Avgrunnen

Fars tale før turen kan godt lesast som ein skrå kommentar til våre dagers dronekrig der eine parten slepp å betale innskot.

Krigen frir frå trivialitetane

Litt overraskande blir krigen eit eventyr. I fredstid må brørne stadig tøye grensene for ikkje å gå i frø. Den fråfalne teologen Kaj blir utanrikskorrespondent med kvinner i eit kvart europeisk kriseområde, psykiater Ib interesserer seg mest for menn og går etterkvart over i hypnosebransjen. Og så kjem det ein krig til som bergar dei frå trivialitetane. Dette er i korte trekk gangen i den over 600 sider lange romanen.

Ikkje ein roman om borgarkrigen

Avgrunnen

«Avgrunnen» er den femte utgjevinga til Kim Leine.

Den som vil lære meir om borgarkrigen i Finland, vil bli skuffa. «Avgrunnen» er ingen dokumentarisk roman, sjølv om Leine kom på sporet av stoffet etter å ha skrive eit filmmanus på bestilling om den danske motstandskjemparen Peter de Hemmer Gudme. Gudme hadde også kjempa i den finske borgarkrigen, men det er ingen grunn til å søkje etter verken Gudme eller den store sanninga om det som hende i Finland i åra etter den russiske revolusjonen og den første verdskrigen.

Dei store spørsmåla

Leine legg lista høgt og siterer flittig frå Johannes' openberring, der jordas undergang vert skildra kraftfullt og bilderikt. Saman med scener der soldatane går langt lenger enn berre å ta livet av fienden, og diskusjonar om den forfriskande og opprensande effekten krigen har, flyttar apokalypsen tyngdepunktet ut av det dokumentariske og inn i dei store eksistensielle spørsmåla:

Kven er vi som kan gjere slikt mot kvarandre? Kvar er det som skal til for at villdyret vaknar i eit menneske? Er kjærleik, sjølvhevding eller ideologiar sterkaste drivkrafta i krigen? Er krigen forlenging av kampen for å vinne ei kvinne eller rage høgare enn bror sin?

Menneskeleg vondskap, menneskeleg makt

Leine går langt i å søkje etter kjelda til menneskeleg vondskap i ønsket om makt, kontroll og i begjæret etter å kjenne den andre underkaste seg. Dette heng nøye saman med spenninga ved å tøye grenser både når det gjeld vald og seksuelle eksessar innhylla i stank, dynka i sekret.

Bolsjevisme og etter kvart nazisme er ikkje uvesentlege faktorar, men det er ikkje der det ligg. Og her nærmar vi oss den stakkars presten som gjekk så sørgjeleg i oppløysing på Grønland i romanen «Profetene i Evighetsfjorden»: Også han skulle i utgangspunktet kjempe for ei sak, men enda i eit kaos av drifter og kamp om over- og underordning på mange nivå.

Stor roman av stor forfattar

Det er eit driv i historiene slik Leine fortel dei, gjennom brev, minnetekster, krypterte meldingar, telefonsamtalar, refleksjonar, augevitneskildringar, piskande ritt gjennom finsk vinter og over meir eller helst mindre kvite laken. Ibs glede ved det formålslause drapet. Kajs kvaler ved mindre stolte deler av krigshistoria si.

Det går an å diskutere om romanen trong akkurat så mykje utpensla vald, eg vil nok svare at mindre kunne klart seg. Men at Leine er ein av dei store i nordisk romankunst nett no, det skriv eg gjerne under på.