NRK Meny
Normal

Nøktern Wergeland-biografi

Wergelandbøkene har kome tett dette året, sistemann ut er Odd Arvid Storsveen med biografien ”Mig selv”.

Odd Arvid Storsveen
Foto: UiO

En biografi om Henrik Wergeland: Mig selv

Det er framleis Wergelandår, og no kjem biografien. Eller rettare, no kjem ein av biografiane. Berre i år er det kome fleire; for barn, for unge og for vaksne. Og den første kom allereie i 1866. Siste skot på stamma er ”Mig selv. En biografi om Henrik Wergeland” av Odd Arvid Storsveen. Storsveen er ein biograf av det nøkterne slaget.

Utan svev

Henrik Wergeland er ein ikon. Han er ein myte. Han er 17. mai, Eidsvoll, grunnlova, Vesle-Brunen, blomar og kaniner, nisser og dverge. Dei seinare åra har vi også lært rabulisten, kverulanten og ranglefanten å kjenne, men han er framleis ein ikon, han er framleis pensun på barneskulen, sjølv om vi no veit at alle skikkelege foreldre ville halde for øyrene til ungane sine viss Wergeland var i krigshumør. Det er godt gjort, men på ein ikon skal ikkje nyansane med. Dei er det biografens oppgåve å halde styr på.

Skreller bort myter

Odd Arvid Storsveen skriv seg inn i ein lang tradisjon, faktisk utgjer biografiane om Wergeland den lengste og mest samanhengande biografitradisjonen vi har i Noreg. Derfor er det ufatteleg at Storsveen ikkje spanderer nokon sider på å forklare om denne lange og doble forhistoria, og då tenkjer eg på Wergelands status som ikon og Wergeland som biografisk objekt. Då hadde Storsveen også fått høve til å forklare kvifor vi treng ein biografi til, kvar er det han skil lag med dei andre biografane, kven er han mest på linje med, kven tek han avstand frå, og dessutan: har han noko nytt i ermet, nye opplysningar, ein original vinkel, ei ny forståing av mannen og verket? Alt dette blir liggande urørt og biografien startar traust og trygt med forhistoria. Likevel får han presentert seg meir gradvis, som her, gjennom ein liten polemikk mot biograf Koht:

”Hos Koht blir den lille Henrik nesten en slags Pan-figur som ferdes omkring i den sørlandske utmark: ”Han strauk ikring uti skog og mark og fekk dei fyrste tankane om dulde naturmagter,” får vi vite, og ”han høyrde um dvergar som budde under jorda.” Ja, kanskje det. Men opplevde ikke de fleste norske barn dette på 1800-tallet? Og på 1900-tallet med, kan man tilføye, bortsett fra de som ble holdt tilbake i stive borgerhjem? Egentlig synes det ganske søkt å gjøre akkurat Henrik Wergelands naturerfaringer unike og annlerledes.”

God med detaljen

Dette er eit karakteristisk avsnitt. Biografen skreller bort myter og romantiseringar og let vesle Henrik stå der i kortbuksene sine. Lenge framstår Wergeland så alminneleg og skriftene så middelmådige at ein lesar kan lure på kva som er vitsen. Dette bildet endrar seg etterkvart som Wergeland blir ein samfunnsborgar. Historikar Storsveen kan sitt 1800-tal og plasserer Wergeland i liv og strid, ikkje minst det siste. Kampen for den gode sak blei ført med pennen, med tørre nevane og med lova i hand. Forholdet mellom ytringsfridom og personvern vart stadig sett på spissen, i den gode saks teneste men også for gammalt fiendskaps skuld. Skjellsordvokabularet i avisdebattar er imponerande

I biografien ”Mig selv” er Wergeland eit barn av si tid, rettnok eit barn med nokon spesielle evner. Boka er svært etterretteleg, likevel tek eg meg i å sakne noko: Storsveen er god med detaljen, men mindre god på oversynet og dei store samanhengane, dette gjeld både i dikt og liv. Dermed blir det noko litt nærsynt og småskore over boka. Det er ikkje mykje svev over denne versjonen av historia om vår mest grensesprengande forfattar.

Anmeldelser