Hopp til innhold

Møt finalistane i Lytternes romanpris

Årets beste norske roman skal kårast av NRKs lyttarar. No startar ferda mot finalen 1. mars.

Hanne Ørstavik, Signe Holm, Oliver Lovrenski, Maria Navarro Skaranger, Tore Renberg og Dordi Strøm

FRÅ VENSTRE: Hanne Ørstavik, Signe Holm, Oliver Lovrenski, Maria Navarro Skaranger, Tore Renberg og Dordi Strøm.

Foto: Kamille Marie Johnsen, Linda Bournane Engelberth, Simon Elias Bogen

Lytternes romanpris er ein pris som skil seg ut. Seks romanar er valde ut som finalistar, men det er ikkje kritikarar, forlagsredaktørar eller journalistar som bestemmer kven som vinn.

I 25 år har NRKs lyttarar bestemt kva for ein norsk roman som er årets beste.

Lyttarjuryen har starta sitt arbeidet med å finna den beste norske romanen frå 2023.

Kvar fredag fram til finalen 1. mars kan du høyre om finalistane og diskusjonane i juryen på NRK P2. Du kan allerede no bli kjend med finalistane i NRK Radio.

Les også Vann Lyttaranes romanpris 2023: – No vart eg heilt rørt!

Lytternes romanpris 2023 - Dordi Strøm

Finalistane er ...

Finalist 1 «Odel» av Dordi Strøm

Forfatter Dordi Strøm

«Dordi Strøm er ein uredd forteljar. (...) Familieband, praktisk arbeid og tankeflukt blir løfta opp til ein særmerkt heilskap i boka til Strøm. »

Boka blei meld av Anne Cathrine Straume.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Finalist 2 «Godset» av Signe Holm

Forfatter Signe Holm

«Teksten er full av små, meiningstette setningar. Herifrå kan ho gå over i det poetiske, det surrealistiske eller til kunnskapskuriosa. (...) Signe Holm siktar seg inn på øvste hylle i litteraturen, og der kan ho gjerne hamne sjølv også.»

Boka blei meld av Marta Norheim.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Finalist 3 «Da vi var yngre» av Oliver Lovrenski

Oliver Lovrenski

«Oliver Lovrenski tek oss med på innsida i ei forteljing som er fortald innanifrå. (...) Men mest av alt er det den utrulege energien som strøymer ut av denne teksten eg sit att med. Han har knekt koden. Han snakkar til alle.»

Boka blei meld av Knut Hoem.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Finalist 4 «Bli hos meg» av Hanne Ørstavik

Hanne Ørstavik

«Det er en gjennomgående sensitivitet her, overfor det som pågår rundt oss og i oss. (...) Hanne Ørstavik gjør oss alle til sensitivitets­lesere – både i bokstavelig, og i ordets, aller beste forstand.»

Boka blei meld av Knut Hoem.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Finalist 5 «Lungeflyteprøven» av Tore Renberg

Tore Renberg

«Det er en merkverdig drakt Tore Renberg har iført seg denne gangen, men den er godt sydd. Lungeflytprøven er en roman som folder seg ut etter hvert. Ført i pennen av en av landets mest virtuose romansnekkere.»

Boka blei meld av Knut Hoem.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Finalist 6 «Jeg plystrer i den mørke vinden» av Maria Navarro Skaranger

Maria Navarro Skaranger

«Maria Navarro Skaranger skriver om alminnelige folk som må ta til takke med livet slik det ble. (...) Skaranger gir ingen svar. Men hun gir leseren noe å tygge på.»

Boka blei meld av Anne Cathrine Straume.

Skillelinje basert på Åpen bok-grafikk

Litterært mot

Fagjuryen som har valt ut dei seks finalistane består av NRKs kritikarar og litteraturjournalistar. Dei har lese alle norske romanar gjeve ut i 2023.

Knut Hoem samanfattar litteraturåret slik:

– Fleire av forfattarane i den godt vaksne generasjonen er opptekne av minne om barndom, og om forholdet til foreldre, og spesielt fedrar.

Samtidig er dei yngre forfattarane meir eksperimenterande og skriv med eit annleis språk, påpeikar Hoem.

Anne Cathrine Straume meiner også at dei norske romanane i år har eit stort spenn i tematikk. Fagjuryen har valt finalistar som vågar å gå litt andre vegar enn dei mest opplagde.

– Både språk og form vitnar om litterært mot hos alle forfattarane me har nominert, seier litteraturkritikar Anne Cathrine Straume om finalistane.

Romanane har ein nerve i seg og ein vilje til å bora litt ekstra i noko uuttalt og kanskje udefinerbart, med dei farane det kan føra med seg, fortel ho.

Siss Vik ser etter dei bøkene ho går og tenkjer på i fleire veker etter ho har lese dei.

– Ofte er det noko uoppklara i dei som eg gler meg til å høyra juryen gå laus på.

Følg dei fem medlemmane i lyttarjuryen sitt arbeid i Lytternes romanpris på NRK P2 og i NRK Radio frå fredag 2. februar 2024.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.