Hopp til innhold
Anmeldelse

Vilt og sanseleg frå bygda

For ein fascinerande og urovekkande roman!

Omslaget til boka «Odel» og forfatter Dordi Strøm.
Foto: Tom Gustavsen
Bok

«Odel»

Dordi Strøm

Roman

18. august 2023

Samlaget

Dordi Strøm er ein uredd forteljar.

Ho skriv blodig og strengt realistisk om dyredrap og slakting, medan ho i neste augneblinken spinn draumar og eventyr i eit jentunge-sinn.

Slik opnar boka:

Odel har børsa i handa. Ho går med lange steg over tunet, skjorteflaka blafrar rundt henne, håret i ein knute under skautet.

«Odel» av Dordi Strøm

Ei børse vert ikkje nemnt om ikkje ho skal brukast, så pass veit eg. Nokon skal døy på dei neste sidene.

Eg får rett.

Dordi Strøm er ein effektiv forteljar.

Blod og jord – og tenner

Det opnar brutalt. Medan jent­ungen Liv ligg i graset ved låvebrua og ser ei humle suge nektar i blåklokka, høyrer ho ein bil på vegen. Brått skrensar han og blir stille. Kor er Bowie, bikkja Liv har levd med sidan ho var lita?

Mor hennar, Odel, kjem over tunet med børsa i handa. Eit skot, så er den skadde Bowie død.

Odel har ikkje tid til å kjenne etter sorg eller sakn. Ho gjer det som må gjerast, anten det er å skyte eit skadd husdyr eller skyte kronhjorten, dyret dei rike jegerane har skadeskote.

Liv har sorga og raseriet i hendene. Ho slår ut tennene på mannen som køyrde bilen. Og tennene tek ho med seg inn under bordet, til hundekorga, der ho gøymer dei i skatte­skrinet sitt.

Mennesket og maktene

Skogen spelar ei hovudrolle i romanen, det same gjer garden der Liv veks opp.

På garden bur besteforeldra, Inga og Olov. Der bur onkel Ommund, han som helst vil spikke trefigurar og spele til dans, og nokre gonger – når ho ikkje er i byen og studerer – er også mora Odel der. Kven faren er, får Liv aldri greie på.

Familie er eit stikkord i dei to bøkene Dordi Strøm har skrive så langt. Den første, «Flog», kom for to år sidan. Der røska ho i kjensler som skam og einsemd.

Einsemd, eller utanfor­skap, er sterkt til stades også no, men det ligg ingen kjensler av å vere foruretta eller forulempa her.

Dei store skilnadene i verda, som at nokon har pengar og andre ikkje, vert skildra som ei kjensgjerning. Også vissa om at nokre menneske kjenner naturen og lever i pakt med han, medan andre forsyner seg av han utan å verdsette han, ligg som ei djupn under historia.

Der nokre menneske er av den praktiske, handlekraftige sorten, er andre skrudd inn på ein annan kanal, der soger, historier og kunst har sin plass.

Dordi Strøm

BOK NUMMER TO: Dordi Strøm (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen «Flog».

Foto: Marie Sjøvold

Tett på dyra

Dordi Strøm er scenograf og kostyme­designar. Erfaringane frå ein som bruker skaparkrafta si på visuelle detaljar slår tydeleg gjennom i romanen. Teksta blir taktil, med etsande, uforgløymelege bilete.

Eitt er synet av vesle Liv med tennene til bilføraren i hunde­korga. Eit anna er dei nakne føtene hennar i gummi­støvlane der ho spring over jordet i mørkeret for å jage hjorte­flokken vekk frå ekra.

Eit tredje er forteljinga om korleis morfaren Olov druknar kattungane i vatnet medan kattemora mjauar rundt på garden og saknar dei.

På botnen av vatnet ligg ålen og ventar på eitkvart han kan fortære.

Strøm har sans for det groteske i det kvardagslege. Og ho skriv om løyndomar utan å forklare dei.

Kven som er faren til Liv? Det ligg eit svar i teksta, for den som les mellom linjene.

Lesaren må spele med

Onkel Ommund fortel eventyr som får Liv til å drøyme seg ut av kvardagen. Ho skapar seg sine eigne historier.

For oss som les, blir det skremmande å ikkje vite akkurat kor røynda går over i fantasi. Kva for hendingar skjer, faktisk, og kva finn berre stad i hovudet til jentungen?

Nokre historier finst berre i måleriet i stova:

På måleriet på veggen i bestestova er det is på tjørna. Odel står ute på isen og fiskar, ho sit på ein stolpestol ved eit hol i isen med fiskestonga i eine handa og tobakkspipa i den andre. (...) Liv ropar til henne, hallo, mor, kan du høyre meg?

Som lesar må ein bruke tid på denne romanen og opne seg for at verda og røynda har fleire lag.

I blant blir det vanskeleg å følgje tanke­spranga. Parallelle alternativ kan gjere historia vel kryptisk. Ein må rett og slett sleppe taket i tradisjonelle lesemåtar og spele på lag med fabuleringane.

Dordi Strøm nyttar korte, effektive setningar. Kjennskapen til skog og gards­drift er voven inn i historia. Finske og nordsamiske ord blandar seg inn, som eit minne om slektskap frå eldgamle tider.

Når Olov blir sjuk og døyr, vert det fortalt med to små avsnitt. Korleis Ommund og Liv blir kvitt den daude – om det er i draum eller røynd – treng dobbelt så mykje plass.

Familieband, praktisk arbeid og tankeflukt blir løfta opp til ein særmerkt heilskap i boka til Dordi Strøm.

Berre det å kalle ei jente som veks opp på gard på 1970-talet for Odel!

Nifs, suggererande og gnistrande original, slik kan ein karakterisere Dordi Strøms andre roman. Eg les gjerne fleire.

Hei!

Jeg er litteraturkritiker i NRK, og skriver om bøker både for barn og voksne. Blant de virkelig gode bøkene jeg har lest i det siste, er «Andre tider» av Ali Smith og «Forandre seg: Metode» av Édouard Louis. Anbefalinger av barnebøker finner du her. Og vi oppdaterer våre andre bokanbefalinger i denne saken.