Hopp til innhold

13 + 3 gode arbeidarromanar

Ei aleinemor på Nav, ei fatal klassereise, fellesskap på ein anleggsplass – her er tips til gode romanar om dagens arbeidarklasse.

Bøker om arbeiderklassen

ARBEIDARKAMP I BOKFORM: 13 tips til bøker om arbeidarkamp på 2000-tallet og tre tips til norske klassikarar.

Foto: Forlaga og Colourbox

Medan den tradisjonelle arbeidarlitteraturen helst tok føre seg livet og slitet til industri- og fabrikkarbeidarar, har både arbeidarklassen og arbeidarlitteraturen blitt fylt med nytt innhald gjennom dei siste tiåra.

Til 1. mai anbefaler NRKs litteraturkritikarar 13 bøker om arbeidarkamp frå 2000-talet. Og for deg som heller vil sjå bakover i tid, har dei leita fram tre norske klassikarar frå første halvdel av 1900-talet.

Denne saka blei først publisert 1. mai 2021, men er oppdatert med fem nye bøker i 2022.

Gravid, åleine og altfor ung

Bokomslag "Emily forever" og Maria Navarro Skarager
Foto: Io Sivertsen / Forlaget Oktober
  • Bok: «Emily forever» av Maria Navarro Skaranger (2021)
  • Anbefalt av: Shana Fevang Mathai

Emily er den smårufsete, fine og litt forskremte jenta du ser på bussen, medan du tenkjer: Takk gud for at eg ikkje er i hennar sko. Ho er gravid, åleine, altfor, altfor ung og allereie sliten og overvelda av livet.

Det er inga tvil om at klasse-aspektet dikterer Emilys lagnad til ei viss grad, og det er òg eit tema som har gått igjen i dei to tidlegare bøkene til forfattaren. Emily vart forlaten av sin eigen far, bur i eit liknande oppvekstmiljø som mor hennar gjorde, og kan vel seiast å vere eit produkt av miljøet sitt.

Maria Navarro Skaranger utmåler unge eksistensar i vakre/stygge Oslo aust-landskap med særeigne litterære strøk og med ein autentisitet som imponerer.

Vakker og forferdeleg

Asta Olivia Nordenhof og bokomslag til boken "Penger på lomma"
Foto: Albert Madsen / Forlaget Oktober
  • Bok: «Penger på lomma» av Asta Olivia Nordenhof (2021)
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Romanen «Penger på lomma» klarar overraskande å bringe ny innsikt om Scandinavian Star-katastrofen.

Men boka handlar minst like mykje om vilkåra til menneskja i eit kapitalistisk system som tillèt brotsverk. Kurt og Maggie møtest. Forelskinga og tiltrekkinga er kraftig og total. Historia er vakker og forferdeleg på same tid.

Romanen er skriven i ein merkverdig og uvanleg fin prosa.

Intens og gripande

Bokomslag og portrettfoto av Ingvild H. Rishøi og boka Stargate-en julefortelling
Foto: Ekko von Schwichow / Gyldendal
  • Bok: «Stargate. En julefortelling» av Ingvild H. Rishøi (2021)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

«Stargate» av Ingvild Rishøi har, som mykje av det Rishøi skriv, eit tydeleg klasseperspektiv. Austkanten i Oslo er framleis noko anna enn vestkanten, sjølv om det finst folk med feite lommebøker også der (og folk med slunkne lommebøker i vest).

Pappaen til dei to jentene vi møter i «Stargate» tilhøyrer den øydelagde, forfylla delen av proletariatet. Men det tyder ikkje at han er utan moral og verdiar. I edru augeblikk har han opp til fleire klåre tankar om korleis ein familie skal vere. Dei skal helst vere mykje ute i naturen. Men det blir stort sett med tanken før han ramlar utpå igjen.

Vi som les, heiar på han, og på døtrene hans. Vi ønskjer intenst at han skal få orden på seg sjølv og livet sitt før denne intense, gripande forteljinga tar slut.

Meiningsløyse

Bokomslag og portrett av Bjarte Breiteig og «Tøyeneffekten».
Foto: Baard Henriksen / Oktober
  • Bok: «Tøyeneffekten» av Bjarte Breiteig (2021)
  • Anbefalt av: Thula Kopreitan

I ti år har Jostein og Mona rekna det som si oppgåve å skape samkjensle på Tøyen. Romanen gir historia til bydelen parallelt med dei ulike fasane av parforholdet.

Mona prøver heile tida å gjennomskode motivasjonen til seg sjølv og andre, for å forsikre seg om at han blir halden rein. For er ikkje dette innstendige inkluderingsarbeidet berre ein måte å sleppe unna ei personleg kjensle av meiningsløyse på?

Boka maner fram ei kjensle av at ting er umogeleg, og byråkratiet forsterkar rotløysa hos dei allereie lågare stilte i samfunnet vårt.

Ein tragisk roman

Douglas Stuart vant Bookerprisen 2020 for romanen "Shuggie Bains".
Foto: Grove/AP/AFP/Clive Smith
  • Bok: «Shuggie Bain» av Douglas Stuart (2020)
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Boka er noko heilt for seg sjølv. Shuggie er femten eller seksten då vi møter han i 1992, i ei bitte lita leilegheit med do på gangen.

Han vil så gjerne vere normal, men veit ikkje korleis. Han går feil, feminint, bevegar armane feil, kva er han, homo? Det sluttar ikkje.

Douglas Stuarts prosa er effektiv, visuell og biletsterk. Innlevinga i karakterane er total. All dialog er skriven ut med ein beundringsverdig omtanke for språklege nyansar.

«Shuggie Bain» er framfor alt ein tragisk roman, totalt reinsa for sentimentalitet og pynt. Den er òg moderne arbeidarlitteratur på sitt aller beste.

Rasande oppgjer

Edouard Louis har gitt ut romanen "Hvem drepte faren min?"
Foto: Aschehoug
  • Bok: «Hvem drepte faren min?» av Edouard Louis (2019)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Edouard Louis blei ein litterær kjendis over natta etter at han skreiv den sjølvbiografiske romanen «Farvel til Eddy Bellegueule». Der fortalde han om ein oppvekst i svært tronge kår, og om korleis han sjølv måtte komme seg bort frå eit miljø som var både fornedrande og undertrykkande. Også foreldra, og især faren, som Louis skildrar som trongsynt og valdeleg, fekk skulda for at han såg seg nøydd til å rømme frå heimbyen.

I denne boka nærmar han seg derimot faren, og ser i kva grad systemet har gjort livet hans umogleg. Faren er ikkje død, men lever på trygd, etter at han blei ufør i ei arbeidsulykke på fabrikken.

Trygda hadde han fram til president Nicolas Sarkozy gjorde om på trygdeordninga – ei endring som bar i seg at uføretrygda kunne misse den økonomiske støtta om dei ikkje tok imot tilbod om jobb. Louis' far vart, med øydelagd rygg, gatefeiar i nabobyen.

Dette er eit direkte og usminka åtak på eit politisk system som forsterkar skilnadene i samfunnet. Der faren sin kapital som fabrikkarbeidar var kroppen hans og helsa hans, er det orda som er rikdomen til sonen. Der faren ikkje har noko språk, tar sonen Edouard Louis hemn i faren sin stad.

Eit rasande essay om korleis konkrete franske politikarar har øydelagt livet til mange menneske.

Arbeidsfellesskap

Tina Åmodt harskrevet boken "Anleggsprosa"
Foto: Kolon Forlag/Mariell Øyre
  • Bok: «Anleggsprosa» av Tina Åmodt (2010)
  • Anbefalt av: Marta Norheim

I «Anleggsprosa» møter vi ein ung forskalingssnikkar som er glad og stolt over arbeidet sitt. Saman med makkeren Harald (66) og ei rekkje andre arbeidsfolk får ho svære bygg til å stå støtt på jorda og reise seg mot himmelen.

Den dansebandglade Harald og den unge Bowie-elskaren har ingenting felles anna enn arbeidet, men det er til gjengjeld eit sterkt band. Dessutan har nokon kjempa for at både menn og kvinner får «verdig lønn».

«Får du det beint, spør Harald. Ypper du deg, sier jeg. Harald flirer (…) Vi har kontroll»

Tett på både gleda, strevet og fellesskapet.

Blant smelteverksarbeidarar og spionar

Kjartan Fløgstad har gitt ut romanen "Due og drone".
Foto: Gyldendal/Julie Pike
  • Bok: «Due og drone» av Kjartan Fløgstad (2019)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Inga liste over arbeidarlitteratur er fullstendig utan ein roman av Kjartan Fløgstad. Her er det surrealistiske skildringar over ein lav sko. Den som les Fløgstad, får lyst til å jobbe på smelteverk på Sør-Vestlandet.

Om ikkje før, tok Fløgstads litterære industrieventyr av då han fekk Nordisk råds litteraturpris for «Dalen Portland» i 1978. Minst like god, og hakket varmare, er «Grand Manila» (2006). Men kvifor ikkje byrje med den førebels siste?

I «Due og Drone» (2019) er arbeidarklassen godt representert gjennom motstandsmannen frå Ulvik i Hardanger, som gjer ei klassereise frå eit smelteverk på Vestlandet til å bli advokat for rikingar i Oslo, Zürich og på Tjøme. Nemleg den svært likandes Olav Sima («han kan rima») – eit norsk hundreår i éin romanperson!

Rapport frå samfunnets skuggesider 1

Birgit Alm har skrevet romanen "Endelig skal vi le".
Foto: Tiden Forlag/Hilde Unosen
  • Bok: «Endelig skal vi le» av Birgit Alm (2016)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Elinor Nor vaknar i ei sokkelleilegheit på Nordstrand på arbeidaranes dag, og tenkjer på at det hadde vore godt å ha fri den dagen, viss ho hadde hatt arbeid.

I første kapittel vaskar ho ned møkka etter dei som budde der før henne, og tørkar smilet av den gladkristne hybelvertinna med den vemmelege sørlandsdialekten og smellfeite dobbeltmoralen. Det er ikkje kult å vere fattig når du er ei lutfattig aleinemamma med depositumsgaranti frå Nav.

Debutromanen til Birgit Alm byr på humor svart som pulverkaffi.

Rapport frå samfunnets skuggesider 2

Birgit Alm har gitt ut romanen "Ensom planet"
Foto: Egil Haraldsen,Ellen Lindeberg/EXIL/Hilde Unosen / Tiden
  • Bok: «Ensom planet» av Birgit Alm (2018)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Karianne må rydde opp i bustaden til den tidlegare naboen sin, Boris. Han var trygda, hadde ingen nær familie eller vener, og døydde brått.

Ho har sjølv levd på trygd, no har ho fått seg jobb, og kjenner seg mykje betre stilt enn den stusslege Boris. Karianne er ingen grei person, nettopp det gjer at ho vert interessant å lese om.

Alm har altså sansen for menneske som lever på skuggesida i det velståande, norske samfunnet. Det ligg ei form for sosialrealistisk absurditet i stilen hennar, som eg likar godt.

Fatal klassereise

Lars Ove Seljestad har gitt ut romanen "Blind".
Foto: Cappelen Damm/Silje Holte
  • Bok: «Blind» av Lars Ove Seljestad (2005)
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Romanen opnar med at ein mann ønskjer å ta livet sitt. Det er Geir, som vi møter som barn i Odda og følgjer ut i verda og høgt oppover i akademia, før han ser sjølvmord som einaste utveg. Kvifor?

Ein grunn kan vere at han trass i suksessen ikkje har takla klassereisa frå industriarbeidarmiljøet i Odda og til middelklasselivet. Når Geir skal bli student, held far ein legendarisk tale der han åtvarar om at han ikkje vil ha ein farsarv å falle tilbake på, slik som dei andre:

«Den einaste odelsgarden eg kan by deg, er smelteverket. Og den er heller ikkje min. (…) Din plass er her. Her på smelteverket. Her i Smelteverksblokka.»

Presis om klassereisa utan å frykte overdrivinga der det trengst.

Absurd og original

Kjersti Rorgemoen har gitt ut boka "Håpet og festen"
Foto: Kolon Forlag/Helge Hansen
  • Bok: «Håpet og festen» av Kjersti Rorgemoen (2015)
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Medan Geirs klassereise i «Blind» går frå industrien til universitetet, har hovudpersonen i «Håpet og festen» gått motsett veg. Bak seg har ho ei «ubrukeleg» humaniorautdanning frå universitetet, no arbeider ho i makuleringstenesta hjå Fretex.

Frå å tolke og finne meining i tekstar, har ho gått over til å hakke dei i uleselege småbitar. Ho forklarer seg sjølv at dette er eit minst like ærleg omgang med tidas veldige tekstmengder, men av og til røyner det på:

«Kvar dag vel millionar av personar (…) umerkeleg og passivt å emigrere inn i sitt indre. Det var dette eg prøvde på ein kveld ...»

Forsøket mislukkast; ho vert kalla tilbake til livet av «ein tung eim av steikt laukmat» frå kjøkenet i hybelhuset.

Originale resonnement og absurd humor frå dama ved makuleringsmaskina.

Smart og småfrekk

Jens M. Johansson har skrevet romanen Lavterskeltilbud.
Foto: PAAL AUDESTAD / TIDEN FORLAG
  • Bok: «Lavterskeltilbud» av Jens M. Johansson (2019)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Er det mogeleg for ein middelklassemann å skrive den store arbeidarromanen? Forfattaren Jens M. Johansson lar hovudpersonen i «Lavterskeltilbud» prøve på nettopp det.

Forfattaren Adam har nådd eit botnnivå, både karrieremessig og i privatlivet. Etter fleire vellukka bøker går han inn i ei tid med skrivetørke. Dessutan fortel kona at ho har hatt ein affære, som ho kallar det. Verda har gjeve han ein på tygga, tenkjer Adam, og han forbannar seg på at han skal skrive ein politisk roman om vanlege arbeidsfolk. Han vil gi stemme til dei som ikkje så ofte vert høyrt i skjønnlitteraturen.

Romanen er humoristisk og avslørande, for Johansson latterleggjer middelklassefolk og oppfatningane dei har av kva arbeidarklasse er.

Smart, underhaldande og småfrekk.

Bokstabel
​​​Tre klassikarar

På slutten av 1800-talet skaut den norske arbeidarlitteraturen fart med forfattarar som Per Sivle, Jonas Lie og Amalie Skram. Per Sivles «Streik» (1891) blir av mange rekna som den første norske arbeidarromanen. Bøkene tok føre seg undertrykte arbeidarar, auka medvit rundt arbeidarane sine rettar og framveksten av arbeidarrørsla.

Her er tre andre norske klassikarar frå tidleg 1900-tal:

Avmakt og protest

Nini Roll Ankers roman "Den som henger i en tynn tråd" kom ut i 1935.
Foto: Aschehoug / NTB
  • Bok: «Den som henger i en tråd» av Nini Roll Anker (1935)
  • Anbefalt av: Marta Norheim

På brørne Strandes konfeksjonsfabrikk arbeider 60–70 skreddarar, eller «tuppene mine» som Olaus Strande kallar dei. Anker skildrar kvinnene med respekt og fattigdommen med indignasjon. Her er abortar med strikkepinne og predikantar som forkynner at dei saktmodige får løn i himmelen, men her er også venskap, samhald og dansemoro.

Løna er verken til å leve eller døy av:

«Nå stod alle tallene på papiret. Det var ikke fler å føie til. Da steg det en ødslig kulde opp mot henne fra de små, svarte tallene. (…) Disse strekene var nakne piggtråden, hun levde bakenom. Utenfor dem grodde og blomstret det – alt, hun aldri skulde rekke, alt hun i evighet ikke skulde få eie!»

Slik tenkte Karna – før ho danna fagforeining.

Viser kor tynn tråd dei hang i, dei unge arbeidarkvinnene på 1930-talet.

Skarpe observasjonar av fattigdomens konsekvensar

Sigrid Undset ga ut novellesamlingen "Fattige skjebner" i 1912. Her en ny utgave fra Aschehoug.
Foto: Aschehoug/Anthony Camerano / AP/NTB
  • Bok: «Fattige skjebner» av Sigrid Undset. Noveller (1912)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Nei, Sigrid Undset skreiv så langt frå berre store romanar frå norsk mellomalder. I novellesamlinga «Fattige skjebner» frå 1912, skildrar ho livet til folk som i hennar eiga samtid fall utanfor moderniseringa. Ikkje alle klarer det nye arbeidslivet, det som skulle gje fridom og økonomisk vekst til både kvinner og menn.

Simonsen, for eksempel, ein kar i 60-åra, misser jobben på lageret. Utan inntekt kan han ikkje gifte seg med hybelvertinna som han har lova, den gode Olga som han har ei lita dotter med. Olga leiger ut husvære og syr for fine fruer i hovudstaden.

Dei seks novellene er skarpe observasjonar av menneske som slit med å tene nok til smør på brødet.

Historia du ikkje gløymer

"Kongen" av Kristofer Uppdal vart innlest som lydbok av Ståle Bjørnhaug.
Foto: Embla Forlag/AAGE STORLØKKEN / NTB
  • Lydbok: «Dansen gjennom skuggeheimen. Bind 1-10» av Kristofer Uppdal (1911–1924)
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Kristofer Uppdals romanverk i ti bind om rallaren Tørbør Landsem med fleire, har eg aldri lese. Men i juni 1987 høyrde eg det. Eller i alle fall delar av det, og eg gløymer det aldri.

Eg hadde sommarjobb i ein eplehage. Heile gjerdet skulle beisast. Det var så keisamt at det nesten ikkje var til å tru. For å halde ut, drog eg med meg ein radio der NRK hadde kome på den glitrande ideen å la skodespelar Ståle Bjørnhaug lese det fjerde bindet i serien. Det store hinderet for mange i møte med Uppdals bøker er at det er skrive på konservativ nynorsk med innslag av trønderdialekt.

Ikkje i utgangspunktet ein ideell match for ein ungdom frå Bergen, men Bjørnhaugs varme røyst gjekk rett i fletta og beisinga som ein leik!

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Kulturstrøm

  • Kirken: En grusom hendelse midt i Pride-feiringen

    Kirken slår ring om Pride-feiringen, kjærlighet og mangfold etter masseskytingen i Oslo sentrum.

    – Vi våkner til skrekk-meldingen om skudd, drepte og sårede på London pub. Dette burde vært utenkelig. Det er det ikke, skriver kirkerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum på Facebook.

    Raaum beskriver angrepet som en sterk kontrast til feiringen av kjærlighet og mangfold, som hun deltok i fredag.

    Preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit skriver at han tenker og ber for alle som er rammet.

    – Grusomme hendelser med skyting, drap og alvorlige skader i Oslo sentrum i natt, midt i Pride-feiringen der mange er ute for å feire livet og kjærligheten, skriver han.

    (NTB)

  • Bent Høie: – Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte

    – I dag kan ikke paraden gjennomføres for å feire og kjempe. Det er ikke trygt i følge politiet. Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte og for å vise at kjærligheten alltid vil vinne, skriver Bent Høie på Facebook.

  • Ny mentor i «The Voice»

    Artisten Jarle Bernhoft tar over som mentor i den kommende sesongen av «The Voice», melder TV2.

    Mandag denne uken ble det kjent at den folkekjære artisten og mentoren Matoma, er ferdig i The Voice.

    Hans arvtager Jarle Bernhoft sier han gleder seg til den nye jobben. – Jeg klarer nok ikke å fylle tårekvoten hans, men jeg må finne mine egne sko, sier Bernhoft.

Flere kulturnyheter